Mange av oss knipsar i veg og deler både med kjente og ukjente av gyldne augneblinkar. Det er solnedgangar, fisketurar og meir eller mindre vellukka foto av kulinariske eksessar, som ein kan håpe smaka betre enn dei ser ut på bileta. Det er akkurat som om bileta får augneblinkane til å vare lenger. Vi ser attende, og vi lengtar attende. Fotografi har den krafta – dei skaper på netthinna. Dei skaper bilete – som varer.
Men denne sommaren har også gjeve oss andre bilete. Det har vore ein sommar med krigar mange stader i verda. Voldsomme krigar med store lidingar og tap, og med så grusomme hendingar at vi mest ikkje kan fatte at dei kan skje i vår tid; i vår verd. Dette er også bilete som kjem til å følgje oss vidare: Bilete av foreldre som må gravlegge borna sine før dei neste bombene slår ned. Bilete av endelause flyktningestraumar på veg til uvisse og naud. Bilete av menn som er avkledde og audmjuka, før dei kaldt og berekna blir skotne og etterlatne i massegravene. Det er grusomme bilete. Det einaste gode med dei, er at når vi ser, vert det skapt engasjement; blir vi gjeve mulighet til å stå opp mot uretten – også vi som er langt unna.
Det er ikkje til å kome frå at Bibelen fortel om krigar og grusomme hendingar. Forteljingane i Det gamle testamentet skildrar store menneskelege tap på ein nokon gonger nøktern måte. Men smerten, lidingane og grusomheten får også plass – slik at vi skjønar kostnadene og uretten i det som skjer. Ei slik historie er forteljinga frå 2 Krønikebok – ei bok som skildrar kongehistoria i det gamle Israel. Etter eit hardt slag med utallige drepte, er det akkurat som om fornuften sigrar og sigerherrane skjønar kva dei har gjort. I kapittel 28 står det:
Då sleppte soldatane fangane fri og gav frå seg byttet, rett for auga på stormennene og heile forsamlinga. Dei mennene som er nemnde med namn, stod fram og tok seg av fangane. Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen.
Tenk om dette hadde vore forteljingane om vår tids krigar! At krigsherrane kom til fornuft. At kjærleik og miskunn sigrar – ikkje urett og vald. Eg må tenke på likninga som Jesus fortalde om den miskunnsame samaritanen. Han vart også kledd, fekk mat og fekk såra sine stelt og salva før han drog vidare ned til Jeriko.
Men djupast sett er dette forteljinga om Jesu eigne ord: Alt dette som de gjorde mot ein av mine minste, gjorde de mot meg. Kva slags bilete skaper det i oss?
Ragnhild Jepsen
Musikk: The Youngbloods - "Let's Get Together"