Størst er jo kjærleiken! Størst av alt! Kor ofte høyrer vi ikkje det sagt. Ja, så stor er kjærleiken at den bruker uventa stader og uventa midlar for å nå oss.
Så stor er kjærleiken at den opnar oss og skaper tillit og forankring. Så stor er kjærleiken at den gjer oss til heile menneske når vi er så heldige å kjenne oss elska og møtt – av den vi deler livet med; av borna våre; i venskap.
Og så stor er kjærleiken at den også krev det av oss at vi strekker oss mot kvarandre. At vi ber over med kvarandre og er velvillige mot kvarandre, også når dagane ikkje er så enkle.
Og så vondt gjer det når kjærleik tek slutt. Når tillit vert brote. Når band som var knytte, løsnar. Det er ingen stader vi vert så hardt råka som der vi har investert og gjeve av oss sjølve; vist oss sårbare og tillitsfulle i forhold til ein annan. Det som er det vakraste, kan også bli det vondaste.
Sorg er kjærlighet stod det på kortet. Og eg trur eg skjønar ein flik av det: At kjærleik varer, også der livet set grenser. At å kjenne sorg over noko som ikkje lenger er, gjer vi fordi kjærleiken er så sterk at den ikkje let seg avgrense, heller ikkje av sorg. Å kjenne sorg over noko som er tapt, er også å elske.
Nokre av dei vakraste orda om kjærleik verda kjenner, er Paulus ord til kyrkjelyden i Korint – det som blir kalla Kjærleikens Høgsong. Det handlar om Guds kjærleik i verda – om Guds kjærleik til oss, og om vår kjærleik til kvarandre. Dei handlar om at Kjærleiken sprenger alt vi kjenner av grenser. Høyr dei, og ta dei med inn i dagen:
Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege. No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Ragnhild Jepsen
Musikk: Sigvart Dagsland - "Alt eg såg"