Hopp til innhold
Kommentar

Tysk kjærleik

Ho ser ut til å vinne det tyske valet neste helg, men Angela Merkel er ingen folkeforførar der ho står. Eller er det nettopp det ho er?

Angela Merkel skriver autografer

Populære Angela Merkel fotografert i det hun ankommer en operafestival i sommer. Neste helg vinner hun sannsynligvis gjenvalg som kansler.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

Eg ser meg rundt. Heile familiar er møtte fram denne augustkvelden i nordtyske Lübeck. Frå talarstolen blir dei fortalt at det er dei det handlar om. Tonen er venleg forklarande, «å berge euroen er til beste for den jevne tyskar».

Bodskapen er monoton, det er få store fakter.

Det er noko motsetningsfylt mystisk med Angela Merkel. Europa ser henne som ein knallhard leiartype, den ubestridte dronninga av den Europeiske Union. Kjend for sine konsekvente krav til innstrammingar i kriselanda der millionar er kasta ut i arbeidsløyse. Respektert av dei fleste, ja. Men også hata av nokre og frykta av mange.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Mild morsfigur?

Her i Tyskland derimot, på talarstolen framfor meg, framstår ho som ein mild morsfigur. Tilsynelatande utan politisk brodd, kjend for å fendre av. Av mange skulda for å viske ut politiske skiljelinjer, ved å gjere motstandaranes merkesaker til sine.

Her i Tyskland derimot, på talarstolen framfor meg, står ein mild morsfigur. Tilsynelatande utan politisk brodd, kjend for å fendre av.

Knut Magnus Berge, utenrikskommentator i NRK

Som då ho snudde og blei mot atomkraft. Her i Lübeck er dei ideologiske tilløpa jordnære. «Vi politikarar har ingenting med kva de gir barna dykkar til middag».

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

På heimebane står Merkels linje i kontrast til sine forgjengarars store, dels dristige prosjekt. Der konservative Helmut Kohl samla Tyskland på 90-talet, og sosialdemokraten Gerhard Schröder reformerte den tyske arbeidsmarknaden i eit nytt hundreår, fortonar Merkels prosjekt seg beskjedent.

Det ho tilbyr hanseatane her på torget i Lübeck er ... Merkel!

Ei stø moderhand i urolege tider. Ingen brå byks. Ei pragmatisk tilnærming.

Knut Magnus Berge, utenrikskommentator i NRK

Ei stø moderhand i urolege tider. Ingen brå byks. Ei pragmatisk tilnærming. Analysere problema, finne løysingar, steg for steg. Som den kjemikaren ho er. Fødd i vest og oppvaksen bak jernteppet i aust har ho plassert seg og sitt konservative parti stadig nærare sentrum av tysk politikk. Fire av ti tyskarar kjem til å gi henne si stemme i valet neste helg. Det held etter alle solemerker til ein tredje periode som kanslar.

LES OGSÅ: Merkel kritiserer «soloutspill» om Syria

Stjerner i augo

For tyskarane inngir ho tillit, dei ser ut til å stole på henne. Ho har gjennomført upopulære tiltak også heime, som då ho heva momsen i sin første periode. Men ho blir sagt å ha ei nase for kva tyskarane toler og stoppar der, før ho vurderer sitt neste steg. Ho er Tysklands suverent mest populære politikar. Ein slags kjærleik er det, men det er meir uklart kva type.

Her i Lübeck går Angela Merkel går av talarstolen til dundrande applaus, men ikkje som resultat av nokon saftig punchline. Ho har ingen av folkeforførarens fakter, men rundt meg på torget står hanseatane med stjerner i augo.