Hopp til innhold
Kronikk

Straumen og den heilage marknaden

Når Ap no er i posisjon, er det merkeleg om dei ikkje gjer noko med eit system som sidestiller straum med andre marknadsvarer.

Tinnsjøen i Telemark etter en regnfull periode.

Kronikkforfattaren minner om at mykje norsk industri er tufta på rimeleg straum frå reint vatn som her i Tinnsjøen i Telemark. Bildet er frå ein regnfull periode hausten 2015.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

I unge dagar jobba eg ein del på eit smelteverk for ferrosilisium, det hjelpte på studentøkonomien.

Føresetnaden for slik industri var (og er) god tilgang til rimeleg straum. For det dreier seg om store mengder. Når eg som omnsbas skulle slå på straumen igjen etter eit elektrodebrot, måtte eg fyrst ringa kraftverket og varsla dei, dei måtte vera budd.

Unyttig straumbruk, seier du? Tja, ferrosilisium trengs i mange legeringar, mellom anna til rustfritt stål. Og krafta me nytta, var like rein som vatnet i Tinnfoss.

Ja, straumkjelda var Tinnfoss, ikkje så langt unna smelteverket. Denne fossekrafta var óg ein viktig føresetnad då Notodden blei by, «byen i gnisten». Me hadde altså ei råvare som me valde å foredle før sal til utlandet.

Kraftkrevjande industri var ein føremon for Noreg, og han ga mange arbeidsplassar.

Ei slik foredling av råvarer har vore eit kjenneteikn for dei såkalla i-landa. Det motsette, direkte sal av råvarer, det har vore u-landas lagnad.

Er det dit vi er på veg? Den heilage marknaden gjer straumen til ei marknadsvare som bør seljast så fort som mogleg?

'Kraftsosialisme' var i si tid eit hyppig brukt omgrep. Gjerne negativt om Arbeidarpartiet som var ein pådrivar for kraft til industrien.

Kraftkrevjande industri var ein føremon for Noreg, og han ga mange arbeidsplassar.

Når Ap no er i posisjon, vil det vera merkeleg om dei ikkje gjer noko med eit system som gjer straum til ei marknadsvare blant andre marknadsvarer.

No er nok folk meir opptekne av dei brutale prisane dei må betale for å få ein leveleg temperatur i huset, og det er ikkje noko luksuskrav dei har.

Noreg er eit kaldt land, og me har vore vane med straum til oppvarming som eit naudsynt gode. Ikkje marknadens pris og etterspurnad: Høge prisar i den internasjonale marknaden, lat oss tømme vatna så fort som råd er.

Eg er merksam på at denne saka har fleire sider. Miljøet krev at me reduserer energibruken, høge prisar gjev lågare energibruk. Samstundes er overnasjonalt/internasjonalt samarbeid viktig i klimakampen. Me må ikkje bli kraftnasjonalistar.

Krafta me nytta, var like rein som vatnet i Tinnfoss.

Dette er ein vanskeleg balansegang, men me bør ikkje heilt gje slipp på den handelsføremonen fossekrafta har gitt oss, og det han har å seia for arbeidsplassar.

Oljealderen er snart over, og det er bra. Men me må ikkje stilla oss slik at me blir ståande heilt ribba att.

Redusert bruk av straum til personleg bruk er bra, men då må dei som er økonomisk sårbare, få subsidiert bruken. Og me må få eit system som skil godt mellom vanleg forbruk og luksusforbruk.

I 1950-åra hadde me vippe. Dersom straumforbruket var høgare enn ei gitt grense, ja då vart all straum slått av. Så måtte ein sitja i myrkret og finne ut kva ein måtte prioritera.

Seinare vart vippe-systemet bytta ut med eit system der overforbruk skulle kosta mykje meir enn vanleg bruk. Far hadde ein målar som viste straumforbruk.

Når den viste overforbruk, då vart den omnen eg nett hadde hadde skrudd på på rommet mitt, nokså snart skrudd av. Greitt nok, det gjekk bra å gjera skulearbeid i stova.

Det var eit bra system, men samstundes blir det litt gale at folk med nok pengar skal kunne ta ein større del av straumkaka. Det finst dei som varmar opp den steinlagte plassen dei har ute.

Me må få eit system som skil godt mellom vanleg forbruk og luksusforbruk.

Er det NPM, New Public Management som ligg bak dette knefallet for marknaden?

Det offentlege med mindreverdskompleks andsynes det sjølvskrytande næringslivet?

Der alt skal løne seg og sjukehus vert «foretak», der folk med utdanning i leiing og økonomi vert universitetsadministratorar utan å ha peiling på forskning.

I ein røyndom der det er betre å selja straumen til høgstbydande enn å gje oss rimeleg straum til oppvarming eller kraftkrevjande industri?

«Jeg spørger kun, mitt Kald er ej at svare», sa Ibsen.

Det seier eg óg.