Hopp til innhold
Kronikk

Solidaritetskommunen

Om eg var ordførar ville eg sytt for at Bergen vart ein litt varmare by. For alle.

TIL YTRING: Lone Lunemann Jørgensen

Som by bør Bergen kommune syte for at folk i nød får det minste vi kan tilby dei nemleg tak over hovudet og ein plass å sove. Skal desse menneska nytte seg av rettane dei har som EØS-borgarar, så bør vi leggje til rette for det, skriv Lone Lunemann Jørgensen.

Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir.

Det beste med Bergen er alle dei ulike menneska som utmerker seg på kvart sitt vis. Ein bosniar frå Løvstakken er ein av våre fremste kulturpersonlegdommar. Ein kav vesteråling har vore ordførar fram til no. Naboen min som er frå Somalia lagar verdas beste samosaer.

Desse døma på mangfald er flotte, men vi har andre utfordringar. Ikkje alle ynskjer å bli TV-kjendisar, og det er desse andre eg som ordførar er mest oppteken av å ta godt imot.

Informasjonssenter

Eg har arbeidd i frivillig sektor med å skape eit informasjonssenter for arbeidsinnvandrarar i Bergen. Eg har også jobba i lag med fagrørsla for å opplyse desse om kva rettar dei har i det norske arbeidslivet.

Ikkje alle ynskjer å bli TV-kjendisar, og det er desse andre eg som ordførar er mest oppteken av å ta godt imot.

Lone Lunemann Jørgensen

Argumenta mine er anekdotiske. Men det er anekdotar frå ei verkelegheit kor mange ulike menneske med ulik bakgrunn stiller dei same spørsmåla: Korleis kan eg få jobb i Noreg? Må eg kunne norsk? Kvifor er det ingen som svar på epostane mine om leige av bustad?

EØS og EU

EØS-avtala gjer det mogleg for europeiske statsborgarar å reise fritt mellom landa og ta seg arbeid. Om ikkje dette er mogleg etter seks månader må ein reise heim igjen. Ein kan vere for eller imot EØS og EU – desse avtalane har auka arbeidsinnvandringa til Noreg. Mange går det bra med, andre er i nød. Noreg er eit rikt land med høg levestandard og det skal ikkje mange kronene i forskjell til før ein lever i relativ fattigdom.

Ein kan vere for eller imot EØS og EU – desse avtalane har auka arbeidsinnvandringa til Noreg.

Lone Lunemann Jørgensen

Har ungane dine råd til å vere med på skidag på skulen? Får du gå på kino iblant? Kan du ete noko anna enn First Price? Og i den andre enden av skalaen: Kor skal eg sove i natt? Kor kan eg ta ein dusj så eg kan sjå presentabel ut på jobbintervju? Mange som er i desperate situasjonar tyr gjerne til desperate løysningar, slik som å seie ja takk til seks kronar timen – det er i alle fall ein jobb, ikkje sant?

Kommunen bør ta ansvar

Som ordførar vil eg understreke det offentlege sitt ansvar for desse utfordringane. Systemet er basert på politiske avgjerder Noreg har sagt ja til, og som Bergen kommune bør vere med på å ta ansvaret for. Tilbodet bør vere heilskapleg, fleksibelt og effektivt. Difor er ikkje mitt mantra at alt er drive 100 prosent offentleg, men at organisasjonar får spelerom til å drive best mogleg, og eg meiner det kan delast opp i to typar hjelpetiltak. Basistilbod som akuttovernatting for folk i nød bør drivast av kommunen.

Noreg er eit rikt land med høg levestandard og det skal ikkje mange kronene i forskjell til før ein lever i relativ fattigdom.

Lone Lunemann Jørgensen

Det er langt ifrå eit luksusgode – enkeltseng i ein sovesal kor det ofte ikkje er plass til alle. Fordelen med å la det offentlege drive er for det fyrste at det ville blitt meir stabilt; ein hadde ikkje trengt å stenge om sommaren på grunn av dårleg økonomi eller drive i uvisse om finansiering neste månad eller neste halvår. For det andre kunne ein ha nytta offentlege lokale i bykjernen for å sleppe å bli skusla rundt ettersom eigar fann det for godt.

Bør tilby ein plass å sove

Som by bør Bergen kommune syte for at folk i nød får det minste vi kan tilby dei nemleg tak over hovudet og ein plass å sove. Skal desse menneska nytte seg av rettane dei har som EØS-borgarar, så bør vi leggje til rette for det.

Som by bør Bergen kommune syte for at folk i nød får det minste vi kan tilby dei nemleg tak over hovudet og ein plass å sove.

Lone Lunemann Jørgensen

Overnattingstilbodet kan også vere eit springbrett til arbeidsmarknaden på ein annan måte. Ved å benytte seg av tidlegare brukarar i jobbar som nattevakt eller reinhaldar, kan ein få sjansen til å gje nokon eit hardt tiltrengt tilskot på CV-en.

Held ikkje med eitt tilbod

Kva så med dei nye bergensarane? Einkvan skjønnar at det ikkje held med eitt tilbod. Eg har drive informasjonssenter for arbeidsinnvandrarar i lag med den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas. For mange katolske europearar er dette ein meir naturleg stad å søke hjelp enn hos eit tungrodd kommunalt byråkrati.

Følg debatten: @NRKYtring på Twitter

Norskkurs, CV-hjelp, informasjon om rettar og plikter i høve arbeid, husleige, helsehjelp, skatt og rusproblem. Eller rett og slett å kunne sette seg ned og slå av ein prat med nokon som lyttar utan å ta betalt eller som har dårleg tid. Alt dette kan ein få hjelp til.

Mange reiser frå ingenting.

Lone Lunemann Jørgensen

Men det vi får til er basert på frivillig innsats, ofte prisgitt den enkelte sin kunnskap. Her kan det offentlege spele ei nøkkelrolle ved å drive aktiv kompetansebygging av frivillige. Det vi gjer er ofte samkøyrt med andre tilbod og organisasjonar, men det trengst ein sterkare innsats frå det offentlege, utover fine ord og blomar når tilbod skal opnast.

Mange reiser frå ingenting

Tilbod som akutt overnattingstilbod, ikkje-kommersielle møteplassar og rådgjeving i høve jobbsøking er ofte livsnaudsynte for arbeidsinnvandrarar i etableringsfasen. Mange reiser frå ingenting. Med ingenting anna i bagasjen enn eit tungt ansvar på skuldrene om å skaffe seg inntekt – snarast. I bakhovudet sit tanken på ungane og ektefellen som vart att heime.

Tilbod som akutt overnattingstilbod, ikkje-kommersielle møteplassar og rådgjeving i høve jobbsøking er ofte livsnaudsynte for arbeidsinnvandrarar i etableringsfasen.

Lone Lunemann Jørgensen

Andre har nettverk i byen som hjelper dei på mange ulike vis, anten det er familiemedlem eller landsmenn. Vi er mange som får høyre desse historiene – og som ynskjer å hjelpe folk til å hjelpe seg sjølv. Vi veit det er den beste måten å ynskje nye bergensarar velkomen. Ein slik raus by ville eg stolt ha vore ordførar for.