Hopp til innhold
Kronikk

Oljeselskapa kan finne kutta sjølv

Det kan verke som at vi har gløymt at oljeindustrien er landets største og sterkaste næring.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

50 år med oljeproduksjon på norsk sokkel har vist at oljenæringa er i stand til innovere seg ut av dei fleste problem. Det klarar dei no også, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Ronald Hole Fossaskaret / NRK

På starten av 2000-talet blei eg invitert med på ein oljesmurt studietur til Hammerfest. Oljeindustrien var «ferdig» med Nordsjøen – no ville dei ha aksept for å kunne forlenge festen nordover.

Snøhvit-anlegget i Hammerfest var under oppføring, men industrien ville meir. Både LOVESE (Lofoten, Vesterålen og Senja) og Barentshavet stod på menyen.

Studieturen flytta nok ikkje mange standpunkt, men for eigen del hugsar eg enno kor imponert eg vart over oljeindustriens enorme sjølvtillit. Det var ingenting dei meinte dei ikkje kunne få til.

I debatten om oljeutvinning i sårbare havområde lengst nord, var oljeindustriens haldning at Stortinget gjerne måtte stille strenge miljø- og utsleppskrav. Ja, til og med krav som kunne verke som tilnærma umogleg å oppfylle. Berre politikarane droppa forslag om forbod mot petroleumsaktivitet i sårbare havområde.

Selskapa må sjølv finne ut korleis utsleppskutta skal skje.

I debatten om elektrifisering av sokkelen kan det verke som at vi har gløymt at oljeindustrien er landets største og sterkaste næring – med sjølvtillit, vilje og kapital til å oppnå dei mest utrulege ting.

I staden for å be næringa sjølv finne ut korleis dei skal fjerne utsleppa frå eigen produksjon, har Stortinget allereie teke stilling til kva teknologi som skal brukast: kraft frå land.

Dette har lenge gått bra, men no når kraftmarknaden i Sør-Noreg har stramma seg til, kjem det uunngåelege spørsmålet: Er det elektrifisering av olje- og gassplattformer vi skal bruke den verdifulle fornybare krafta på?

Det kan verke som at vi har gløymt at oljeindustrien er landets største og sterkaste næring.

Alternativet til kraft frå land er ikkje å droppe elektrifisering av sokkelen. Skal Noreg hamne i nærleiken av regjeringas mål om å redusere klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030 (samanlikna med 1990), må ein iallfall oppnå raske og store utsleppskutt frå norsk olje- og gassaktivitet.

Å få slutt på dagens gassfyrte kraftproduksjon er det desidert viktigaste tiltaket. Spørsmålet blir korleis.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet varsla i Hurdalsplattforma at regjeringa skal inngå klimapartnarskap med næringslivet. Ein openberr kandidat for eit slikt partnarskap bør vere olje- og gassindustrien, som står for ein fjerdedel av Noregs samla klimagassutslepp. Utgangspunktet for eit slikt partnarskap må vere at dei (som alle andre næringar) forpliktar seg til å oppfylle sin del av regjeringas skjerpa klimamål.

Er det elektrifisering av olje- og gassplattformar vi skal bruke den verdifulle fornybare krafta på?

Selskapa må sjølv finne ut korleis utsleppskutta skal skje. Ein kan sjølvsagt ikkje utelukke at kraft frå land framleis kan vere aktuelt for nokre prosjekt, men det kan ikkje vere normalen framover.

Næringa blir nøydd til å kome opp med alternativ – det vere seg havvind, hydrogen, karbonfangst- og lagring, ulike hybridteknologiar eller noko heilt anna.

Kostnaden er det naturleg at oljeselskapa, som i dag flaumar over av pengar grunna krigen i Ukraina, og som under pandemien sikra seg ein ekstraordinær gullkanta skatteavtale med staten, må bere sjølv.

Dei som trur olje- og gasselskapa ikkje er i stand til å hoste opp alternative elektrifiseringsstrategiar til kraft frå land, undervurderer industrien.

For er det ein ting 50 år med oljeproduksjon på norsk sokkel har vist, så er det at denne næringa – framfor nokon – er i stand til innovere seg ut av dei fleste problem.

I eit historisk perspektiv, bør utfordringa med å skaffe utsleppsfri kraftforsyning offshore innan åtte år vere fullt handterleg.