Hopp til innhold
Kronikk

Matmakt

Eg vil berre drive gard og produsere mat. Treng det å vere så vanskeleg, spør Siri Helle, som kom på andreplass i Ytrings kronikkkonkurranse.

Bonde

'Fram til for eit par - tre hundre år sidan var mellom 85 og 90 prosent av verdas befolkning bønder. I dag er talet i industrialiserte land mellom ein og ein halv og ti prosent', skriv Siri Helle. Her ser vi ein bonde i Østfold som set poteter.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Kyr fis av gras, sauer veks for seint, medan australske kenguruar hoppar opp på middagsbordet ditt nærast utan CO2-kostnad. Oppdrettslaks skal redde verda, og hestekjøtt skal vere i kjøttdisken, men ikkje i lasagnen. Båtlaster med brasilianske soyabøner fornorskar seg i kraftfôrkvernene i Fredrikstad, samtidig som svinekjøtet tilsynelatande lever i evig permafrost på lager. Ost skal modnast med prosenttoll og smør vert igjen vakta som gull av fem daglegvarekjeder som sel 95 prosent av maten vår. Midt inni det her ein plass sit ein bonde, ein av 44.673 som er att i Noreg, mellom mjølkekvotar, traktoravskrivingar og jordbruksoppgjer, og klør seg bak øyret med ei kvekerot: Kva skal ein stakkar tru?

Livet mitt snudde seg på hovudet då eg forstod at det var matproduksjon eg skulle bruke det på. Min bakgrunn frå organisasjonsbasert solidaritets- og miljøengasjement voks vidare og slo rot i jordbruket. Eg vil drive gard. Eg vil ha gult korn og grønt gras på markene, trivelege dyr i fjøset om vinteren, tilsynsplikt på fjellbeite om sommaren. Eg vil få fram mat. Litt til meg sjølv, og litt til dykk. Men vågar eg det? Passar mitt bilete av korleis ein best produserer norsk mat saman med matmarknaden eg lyt halde meg til?

Graslandet

Eg vil produsere ut ifrå ressursane på garden. Noreg er eit grasland. Berre tre prosent av arealet vårt kan nyttast til åkerproduksjon, medan heile 39 prosent er klassifisert som open fastmark – fjell, vidder og andre område med lav vegetasjon. Dette vert ofte nytta som argument for å ete kjøt i Noreg: Vi har lite plass å dyrke grønsaker, frukt og bær på, men store areal kor drøvtyggjarane våre kan gjere om gras, lyng og kratt til menneskemat. Vi har hardføre rasar av ku og sau som finn vegen opp bratte bakkar og set godt med pels til vinteren. Dyr med fordøyingssystem som er skapt for tunge karbohydrat.

Produkta har inga tilknyting til garden, og bonden vert redusert til ein omformar av vegetabilsk til animalsk protein.

Siri Helle, elev ved Sogn jord- og hagebruksskule

Likevel et vi stort sett kjøt som aldri har sett eit grasstrå. Fjørfe (i hovudsak slaktekylling) og svinekjøt utgjer 72,3 prosent av kjøttkonsumet i Noreg i 2011. Kyllingforbruket er meir enn dobla på 15 år. Fôret gris og kylling omset til kjøt kjem så og sei berre frå innkjøpte åkervekstar; korn og soyabønner vi fint kunne ete som dei var. Produkta har inga tilknyting til garden, og bonden vert redusert til ein omformar av vegetabilsk til animalsk protein.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Ikkje produktive nok

Kyr, geit og sau kan ikkje konkurrere med gris og kylling på verken tilveksthastigheit eller metanutslepp, men dei kan ete seg mette på røsslyng og fjellbjørk heile sommaren slik at vi kan sette poteter og plante kål i åkeren. Slik skundar dei seg passe sakte mellom jord og bord utan å gå i vegen for verken eplehagar eller solbærfelt. Men desse dyra er ikkje produktive nok. Så lenge kraftfôrprisen er låg, arbeidstimane dyre og kosthaldsråda hyller kvitt kjøt vert botnlinja fort raud for norske drøvtyggjarar.

Bygder som hadde tosifra tal bønder for 20 år sidan sit att med to eller tre som leiger og forpaktar all jord – på fritida.

Siri Helle, elev ved Sogn jord- og hagebruksskule

Eg vil vere bonde på dagtid. Fram til for eit par - tre hundre år sidan var mellom 85 og 90 prosent av verdas befolkning bønder. I dag er talet i industrialiserte land mellom ein og ein halv og ti prosent. Færre og færre bønder driv større og større gardar – samdrifter køyrer titals kilometer med fôr inn og møkk ut. Med færre gardar og bønder mister bygda særpreg, arbeidsplassar og fagmiljø. Bygder som hadde tosifra tal bønder for 20 år sidan sit att med to eller tre som leiger og forpaktar all jord – på fritida.

LES: Tredjeplass i kronikkkonkurransen: «Hver sin smak?»

Berekraftig?

Ein bonde skal helst vere både snikkar, mekanikar, elektrikar, jordmor og biolog, for ikkje å snakke om turistvert, omsorgsarbeidar og barnehageomvisar. I gjennomsnitt henta ho eller han 30 prosent av bruttoinntekta si frå næringsinntekt i jordbruket i 2011. Å produsere mat er eit enormt ansvar. Vegen innom grossistar, tilbodsbrosjyrar, matvarekjeder og transportar kan gjere det vanskeleg å sjå, men vi er rett og slett avhengig av at nokon trekk maten opp av jorda for at vi skal kunne sette den på bordet. Er det trygt, berekraftig og ikkje minst rettvist å forvente at dei skal gjere det etter at dei har brukt dagen på å legge asfalt, rette norskstilar eller reparere fjernsynet ditt?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Nei, eg vil ikkje produsere for staten, eller skattesetelen din, eller subsidiert eksport. Eg vil ikkje sutre meg gjennom tilveret. Men eg vil verte respektert for den jobben eg kjem til å gjere. Eg vil ikkje få skulda for å drepe bønder i Afrika eller stikke kjeppar i hjula for norsk eksportindustri. Mat er ikkje aluminiumsplater. Flytande aluminium er kanskje ikkje det lettaste å kontrollere, men det vert likevel som blåbær å rekne i samanlikning med jordliv, ugrasfrø, vêr og bakterievekst.

Ein bonde skal helst vere både snikkar, mekanikar, elektrikar, jordmor og biolog, for ikkje å snakke om turistvert, omsorgsarbeidar og barnehageomvisar.

Siri Helle, elev ved Sogn jord- og hagebruksskule

Må forsyne oss sjølv

Til slutt, før du les vidare, lukk auga og tipp kor stor del av den globale matproduksjonen som kryssar landegrenser. Klar? Ok. Svaret er ti prosent. Trass i multinasjonal agroindustri, landgrabbing, komparative føremon, handelsorganisasjonar og tollrestriksjonar – småskalajordbruket står for 80 prosent av matproduksjonen på planeten. Sjølv om vi sym i pengar her i nord kan vi ikkje lene oss på verdsmarknaden og forvente at den skal gjere oss mette. Vi har eit ansvar for å forsyne oss sjølv med mat, og norske gardar er eit riktig og viktig innslag i dette biletet.

Sjølvsagt kan eg ikkje få alt akkurat som eg vil. Men om snille jenter kjem til himmelen, trur eg eg slår meg til ro med at det er meir enn nok å henge fingrane i her nede på jorda nokre år til. Ikkje minst i jorda er det mykje å gjere.