Hopp til innhold
Kronikk

Avmakta i sjukepleien trugar liv og helse

La ikkje investerte år og krefter vere nyttelause; gi oss sjukepleiarar ansvaret for det vi er gode på!

sykepleier

Mange ønskjer at koppevask og grautkoking skal vere sjukepleiaren sitt ansvarsområde. Etter tre år som sjukepleiarstudent har eg derimot aldri fått opplæring i dette på skulen, skriv Gunn-Berit Neergård i denne kronikken. Biletet er ein illustrasjon.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Eit urimeleg stort ansvarsområde pregar sjukepleia. Opplevinga av avmakt trugar helse og sikkerheit, både for pasient og pleiar.

Å fylle rolla som legen sin assistent, observatør og levande filofax er høgt prioritert for ein sjukepleiar. Samstundes skal pasientutvikling koordinerast og dokumenterast, medisin må administrerast, og narkotikarekneskapet kontrollerast. Kanskje må ein og fungere som kokk og portør, bestille utstyr og hjelpemidlar, samt utføre dei same arbeidsoppgåvene som hjelpepleiarar og assistentar, anten som følgje av eit rettferdsprinsipp, eller som ei følgje av lav tilsetjing. Og i helger og feriar må fysioterapeutar, sekretærar og reingjerarar erstattast. Av kven? Sjukepleiaren, sjølvsagt.

Mange ønskjer at koppevask og grautkoking skal vere sjukepleiaren sitt ansvarsområde. Etter tre år som sjukepleiarstudent har eg derimot aldri fått opplæring i dette på skulen.

Utdanning med innhald

Det utdanninga faktisk har gitt meg, er trening i å reie skrukkefrie senger, for at den døyande pasienten skal unngå liggesår. Eg har stukke sprøyter i appelsinar til saltvatnet pipla ut av det stramme fruktskalet, og eg har lagt inn kateter på gummi-underliv. Eg har teke tallause blodprøver og lagt inn perifere venekateter på klassevenninner, og vi har sett kvarandre gå i bakken; sveitte, likbleike og med nåla i armen.

La ikkje investerte år og krefter vere nyttelause; gi oss ansvaret for det vi er gode på!

Gunn-Berit Neergård

LES OGSÅ: «Mine pasientar er ikkje i trygge hender», av sjukepleiar Camilla D. Bjugn

Saman har vi linna bein, stelt sår, og lært å vaske pasientar som ikkje greier å løfte sin eigen finger. Dessutan har vi trena på hjarte-lunge-redning, hatt rollespel om drukning, slag, fallskadar, blodtap og epilepsi. Og vi har trena på farlege situasjonar, ved å springe gjennom skulegangen med ein knivfektande, «psykotisk pasient» i hælane.

Utdanninga har eit tydeleg innhald, og studieplassen min kostar i gjennomsnitt 102.000 kroner årleg. Med om lag 14.000 sjukepleiarstudentar, har norsk sjukepleiarutdanning ein prislapp på rundt 1,5 milliardar i året. Og prislappen vil auke. Vi treng mange tusen fleire sjukepleiarar for å dekkje behovet i åra som kjem. Økonomien er eit poeng i seg sjølv. Det er kunnskapen og. La ikkje investerte år og krefter vere nyttelause; gi oss ansvaret for det vi er gode på!

Svært stort ansvar

Ifølgje rammeplanen for utdanninga skal sjukepleiarar kjenne grensene for eigen profesjon, og forstå oppgåvefordelinga mellom ulike helsefaggrupper.

Forskar Nina Olsvold forklarar derimot sjukepleiaransvaret som organisatorisk uavgrensa. Svært stort, med andre ord. Forskinga hennar viser at sjukepleiarar tek ansvar for uformelt delegerte og uspesifiserte oppgåver i tillegg til den etablerte arbeidspraksisen. Olsvold konkluderer med at det enorme ansvaret kan bidra til ei uheldig verknad på pasientsikkerheit, effektivitet, og sjukepleiarane si anerkjenning.

FØLG DEBATTEN: Ytring På Facebook

Alvorleg

Sjukepleiarforbundet fastslår at sjukepleie handlar om å ta hand om pasienten sine grunnleggjande behov, ved å iverksette tiltak som gir best mogleg helse og livskvalitet for både pasient og pårørande. Sjukepleie har utvilsamt stor innverknad på folkehelsa.

Ein avmektig sjukepleiar manglar muligheiter til å endre situasjonar.

Gunn-Berit Neergård

Ein avmektig sjukepleiar, derimot, manglar moglegheiter til å endre situasjonar. Dette er motstridande, for sjukepleie inneber å møte menneske i stor fortviling, krise og sorg. Mobilisering av krefter er essensielt! Kanskje har medmennesket framføre deg mista ein fot, ein kjærast, eller evna til å få barn. Å setje seg inn i slike situasjonar kan vere vanskeleg sjølv under optimale arbeidsforhold, og krev nærvær, empati og evne til motivasjon. Kan ein makte å fremje helse hos andre, når ein sjølv er utmatta og verknadslaus?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Vegen vidare

Sjukepleiarar har sjølv eit ansvar for å forklare sin profesjon med presise formuleringar. «Å ta hand om grunnleggjande behov» er diffust, og kan føre til utnytting av ansvarsområde. Vi må kjenne våre rammer, og tørre å setje grenser.

Effektive, energiske og målbevisste sjukepleiarar er god helseøkonomi!

Gunn-Berit Neergård

Samstundes trengst det politisk draghjelp. Vi kan ikkje plutseleg avgrense vårt ansvar, utan at det går utover pasienten. Auka bemanning, med fleire synlege yrkesgrupper på jobb, kan gi ei meir naturleg oppgåvefordeling, med høgare kompetanse på kvart ansvarsområde. Tilsetjing av postvertar, assistentar eller helsefagarbeidarar kan redusere lønnskostnadane og avlaste sjukepleiarane. Med senka skuldrer minkar faren for feil, og sikkerheita får eit løft – for både pleiar og pasient. Effektive, energiske og målbevisste sjukepleiarar er god helseøkonomi!

Avmakt smittar

Som framtidig sjukepleiar ønskjer eg å formidle tryggleik, og mobilisere krefter for å fremje helse og livskvalitet. Pasienten som derimot møter ein utsliten, verknadslaus kvitkledd, kan raskt tenke at slaget er tapt.

Avmakt smittar, og tilstanden er alvorleg.