Kronikk

Makeover for motemagasina

PFU-avgjersla mot Costume i morgon bør vera starten på ein ny type motejournalistikk.

Vanessa Rudjord og Pia Tjelta

Vennskapen mellom Vanessa Rudjord og Pia Tjelta har ført til ei rolleblanding som «ikke er forenelig med god presseskikk», meiner leiar i PFU, Kjersti Løken Stavrum. Ho har sjølv klaga bladet Costume inn for PFU. Her er Rudjord og Tjelta avbilda på veg inn til ei motevisning i 2010.

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

Sjefredaktør i motemagasinet Costume, Vanessa Rudjord, sa opp jobben i juni. Ei pressemelding opplyste at ho «sier som Einstein: ’Livet er som å sykle. For å holde balansen må du fortsette å bevege deg’». Det må motejournalistikken også. Tysdag skal klagene på Costume bli behandla i Pressens faglige utvalg (PFU).

Det handlar om mykje meir enn heime-hjå-reportasjen i Rudjords fireroms – rett før han blei lagt ut for sal på Finn. Det gjeld to store motehendingar, som eigentleg handlar om at Vanessa Rudjord, Pia Tjelta og Jenny Skavlan er venner som kler kvarandre opp.

Redatør, venn og stylist

I april fekk Tjelta brei dekning i Costume etter å ha designa bestemoraktige kjolar for byTiMo. Då ho gjekk i eigen design i Skavlan sitt bryllaup, sette redaktøren henne på framsida av Noregs største moteblad.

Glansa overflater treng ikkje bety ukritisk forbrukarjournalistikk.

Hanna Maria van Zijp, motevitar

To månader seinare fekk Skavlan atten sider spalteplass med bikinidesignen sin. Skavlan ålte seg på ei strand i Thailand, ein tur der Skavlan og Rudjord sine kjærastar også var med. Stylist på begge reportasjane var sjefredaktør Rudjord.

Generalsekretær i PFU, Kjersti Løken Stavrum, har brukt initiativretten sin til å sjølv klaga inn bladet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Er ikkje ein blogg

Rudjord burde ha skapt avstand til intervjuobjekta på grunn av dei tette banda, meiner Stavrum. Men er ikkje Noreg eit lite land, og Mote-Noreg endå mindre? Jaudå, sjølv om innbyggjarane i det kommersielle Mote-Noreg kjem frå same demografi (kvinner (36) med kvit sofa og ein gründer i magen), er det desto viktigare med krystallklåre skilje, akkurat som for ei lokalavis i ein liten kommune.

Costume er eit blad, ikkje ein blogg. Det å kalla seg ein redaksjon med journalistar og redaktørar, gjer at Costume flyt på ein tillit til objektivitet som andre delar av journalistikken har bygd opp. Det må forplikta.

Mote er mykje meir enn ein hobby.

Hanna Maria van Zijp, motevitar

Glansa overflater treng ikkje bety ukritisk forbrukarjournalistikk. Me kan inspirerast utan massiv annonsering. Sjå berre til magasin som Tableau Paper og Personae. Dei behandlar mote som eit kunstuttrykk. Dei følgjer ikkje slavisk motemoloane der ute, men smakar på straumningane. Dei gir motstand. Med skikkeleg motekritikk kan moten som kunstfelt også takast på alvor. Moten treng den same informerte tilnærminga film, bøker og biletkunst blir vurderte etter.

Mykje meir enn ein hobby

«Mote er en hobby (…) Å kjøpe blader for å bli oppdatert og inspirert på dette feltet, er ikke vesensforskjellig fra å kjøpe et blad om fiskeutstyr eller elektronikk», skreiv kulturjournalist Inger Merete Hobbelstad i vår. Men mote er mykje meir enn ein hobby.

LES HOBBELSTADS KRONIKK: Stoffproblemer

Den er meir enn årlege «haustfavorittar» som latterleg store strikkeplagg og skinntights. Moten er ikkje berre «8 kåper til under 800,-» eller resirkulerte påstandar om at plommelilla er tilbake (for det er den verkeleg aldri).

Moten er også, som verdas femte største industri, ein grufull tyrann.

Ein stor del av moteindustrien er eit intrikat mønster av underleverandørar der plagget, på vegen frå teiknebord til t-skjorte, øydelegg menneske og natur. Det ignorerer norske moteblad.

Held ikkje Vogue og Harper’s Bazaar også på slik? Absolutt. Dei største kundane motemagasina har, er ikkje lesarar, men annonsørar, skriv Tansy Hoskins i boka «Stiched Up. An Anti-Capitalist Book of Fashion». Derfor tar ikkje blada opp tema som kan skaka annonsørane, meiner ho. I staden konsentrerer dei seg tilfeldigvis om haustfavorittane sine.

OPPFORDRING TIL MOTEPRESSEN: - Ta oss på alvor!

Flosklar må få motstand

Rana Plaza-kollapsen utafor Dhaka i Bangladesh opna mange auge. Tragedien tok 1134 liv og skadde over 2500 menneske. I 2012 undersøkte den svenske dokumentarserien «Kalla fakta» fæle arbeidsforhold på kambodsjanske klesfabrikkar.

Det nyttar ikkje å skriva at etisk mote er in, for heile bransjen må bli ny. Der må moteblada vera motens vakthund.

Hanna Maria van Zijp, motevitar

Motebransjen flakka med blikket. «Det er viktig for oss å få fokus på bærekraftig mote, og gjennom kjendiser som bruker kjolene på den røde løperen får vi enda mer fokus», sa H&Ms norske PR-sjef Kristin Fjeld. Kjempeviktig! Slike flosklar må få motstand. Me treng objektiv informasjon om kva som faktisk har skjedd før kåpene til under 800,- når butikkane.

Nyleg har Framtiden i våre hender i samarbeid med Aftenposten gjort den jobben som moteblada skulle ha gjort. Nett-tv-serien «Sweatshop. Dødsbillig mote» fekk stor merksemd. Medvitet er større. Folk snakkar om etisk mote. Det vil industrien utnytta med ei og anna økologisk t-skjorte og «etiske retningslinjer». Då trengst perspektiv og kunnskap for å avsløra slike overflatiske påfunn.

Det nyttar ikkje å skriva at etisk mote er in, for heile bransjen må bli ny. Der må moteblada vera motens vakthund.

Kan ikkje vera eit varemerke

I dette klimaet treng ein faktisk motejournalistikk. I staden vil ein gjeng annonseseljarar leika redaksjon. Costume må staka vegen vidare frå PFU, men dessverre er ambisjonsnivået lågt. Ny redaktør Hege Aurelie Badendyck (36) vil «løfte brandet videre», ifølgje pressemeldinga.

Men Costume kan ikkje vera eit varemerke. Costume må løfta blikket for å overvaka motebransjen.