Hopp til innhold
Kronikk

Listhaugs yndlingsbønder

Landbruksministeren veit at ho har nokre favorittbønder, som kjem til å satse når dei får startskotet frå henne. Det blir spennande veker for landbruket fram mot 17. mai og sankthans.

Sylvi Listhaug

Når Sylvi Listhaug seier at ho ikkje vil auke tilskota til landbruket, er det nærliggjande å sjå utspelet som eit forsøk på å teste kor langt ho kan kome med stortingsfleirtalet, skriv kronikkforfattarane. Her vitjar mat- og landbruksministeren bonde Aksel Stokke, og kalv4457, på Skogn i Nord-Trøndelag i oktober.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) har skissert at det kjem store endringar i landbrukspolitikken. Til Dagens Næringsliv sa ministeren 25. april at ho ikkje vil auke tilskota. Men Listhaug er realistisk nok til å innsjå at regjeringa ikkje har fleirtal bak seg i Stortinget. Derfor er det nærliggjande å sjå utspelet hennar som forsøk på å teste kor langt ho kan kome med stortingsfleirtalet.

Mens vi ventar på Listhaugs tilbod er det relevant å spørje om kva bøndene sjølve meiner? Vi har analysert ferske data frå Trender i norsk landbruk, som er ei landsrepresentativ undersøking som Norsk senter for bygdeforskning har gjennomført annakvart år frå 2002.

Tala bak talet

Når vi spør bøndene om dei meiner det er for mange offentlege reguleringar i landbruket, er det 61 prosent som seier seg heilt eller delvis einige. Altså eit klart fleirtal av bøndene støttar Landbruks- og matministeren generelt i at avregulering trengst. Samtidig var det sterkare stønad for dette synet i 2002, då det var 80 prosent som var einige i at det var for mange reguleringar. Går vi derimot inn og spør om oppslutninga om konkrete reglar, blir biletet eit noko anna. Både oppslutninga om odelslova (62 prosent for), buplikta (71 prosent for) og driveplikta (75 prosent for) har auka merkbart frå 2002 til 2014.

Samla gir dette eit bilete av at dagens bønder i aukande grad sluttar opp om eit politisk styrt landbruk.

I 2008 var 28 prosent einige i påstanden om at det er på tide å fjerne produksjonsinnskrenkingane i norsk landbruk. I 2014 er denne delen redusert til 16 prosent. Samla gir dette eit bilete av at dagens bønder i aukande grad sluttar opp om eit politisk styrt landbruk.

Vi har sett nærare på denne gruppa bønder som seier at dei planlegg å utvide drifta dei neste fem åra. 37 prosent av bøndene seier at dei planlegg å auke produksjonen i løpet av dei neste fem åra. Dette er ein auke på fire prosentpoeng sidan 2012. Det er likevel ikkje slik at gruppa av bønder som planlegg å auke produksjonen på gardsbruket er einige i at landbrukspolitikken bør avregulerast. 32 prosent i denne gruppa som vil utvide er positive til ei deregulering, mens heile 53 prosent vil ha ei framleis politisk sterkt styrt næring. I tillegg har vi ei mellomgruppe som er stiller seg meir nøytralt til ei deregulering (15 prosent).

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Statsrådens yndlingsbønder

Det finst også ei omfattande gruppe bønder som ønskjer ein liberalisert landbrukspolitikk, utan at dei sjølv har planar om å utvide drifta. Dei fleste av desse står til høgre politisk, men nokre soknar til sentrum og nokre til Ap. Vår analyse viser at det å ønskje ein meir liberal landbrukspolitikk er sterkare blant dei som planlegg å trappe ned produksjonen eller leggje ned drifta heilt, enn det er blant dei som planlegg å auke produksjonen. Det er små forskjellar i haldning til landbrukspolitikk etter landsdel i det meste av landet, men i Nord-Noreg er det i langt større grad ønskje om politisk styring. Overraskande nok finn vi at ønsket om ein politisk styrt landbruk aukar med gardsstorleik. Det er altså dei som driv dei største gardsbruka som er dei varmaste tilhengjarar av eit regulert landbruk.

Etter sine mange turnear rundt i landet veit Sylvi Listhaug at ho har nokre favorittbønder.

Etter sine mange turnear rundt i landet veit Sylvi Listhaug at ho har nokre favorittbønder, som kjem til å satse når dei får startskotet frå henne. Reknar vi om prosentane av utvidingsbønder til alle dei 43.000 bøndene vi no har, er det drygt 16.000 som planlegg å auke produksjonen dei neste fem åra. Blant desse er det eit fleirtal som føretrekkjer at landbrukspolitikken ikkje blir liberalisert og avregulert. Men kva dei meiner om landbrukspolitikken speler sjølvsagt mindre rolle, så lenge dei hjelper til med å auke produksjonen. Bøndene har alltid gjort det som svarar seg best og tilpassa seg den til ei kvar tid rådande landbrukspolitikken. Her har statsråden kanskje dei yndlingsbøndene ho og regjeringa treng, for å få til ei raskare strukturrasjonalisering og det dei kallar eit meir robust landbruk. Då speler det mindre rolle at det berre er 5000 av desse ekspansjonsvillige bøndene som er einige med den politiske dreiinga Listhaug ønskjer.

Jokeren er Venstre

Bøndene og deira nærmaste sympatisørar på bygdene utgjer ein liten del av veljarbefolkninga. Det er blant byfolk legitimiteten og slitestyrken til Listhaugs varsla reformer blir avgjort. Og når det vil vise seg at dei største landbrukssubsidiane i enda større grad enn i dag vil gå til dei største produsentane, er det ikkje sikkert opinionen vil følgje med på ferda. Da kan eitt av to skje: Fleirtalet kan ved neste val seie at vi framleis ønskjer eit skjerma og sterkt regulert landbruk med omfordeling mellom bruksstorleikar, landsdelar og ulike produksjonar. Eller dei kan seie at nok er nok: dette blir for dyrt, så importen får koma og marknaden får ordne opp til beste for dei produsentane som kan klare seg.

Men først må jordbruksoppgjeret losast igjennom eit sjølvbevisst storting, der jokeren er Venstres ni representantar. Det blir spennande veker for landbruket fram mot 17. mai og sankthans.