Hopp til innhold
Kronikk

Kvinner bør fortsette å tjene minst

Solberg-regjeringa baserer sitt statsbudsjett på ulikskapen mellom kvinner og menn, både i heimen og i arbeidslivet.

Par med baby

Dagens norske regjering innfører ein politikk som baserer seg på tradisjonelle kjønnsrollemønster i heimen, og drar fordel av lønsgapet mellom menn og kvinner.

Foto: Illustrasjon: Ale Ventura / PhotoAlto/Colourbox.com

I statsbudsjettet for neste år vert fedrekvoten redusert frå 14 til 10 veker. Dei går då ut frå at mor no vil ta ut det som far elles ville tatt ut.

Som dei skriv: «Det legges da til grunn at deler av den permisjonen som uten regelendringen ville blitt tatt ut av fedre i 2014, nå vil bli tatt ut av mor. Siden mødre i gjennomsnitt har lavere inntektsgrunnlag enn fedre, gir dette mindreutgifter til ordningen».

Sparer pengar på at mor tar permisjon

Regjeringa vil gjerne framstille dette som ein auke i den individuelle valfridomen. Men når dei legg eksplisitt til grunn at det er kvinnene som skal ta ut meir permisjon, er det lite ideologisk valfridom å få auge på. Den eigentlege grunnen er økonomisk: Regjeringa sparer pengar på at størstedelen av foreldrepermisjonen blir tatt ut av mor, fordi mor tener mindre pengar enn far.

Regjeringa ønskjer altså at mødrer skal ta ut meir permisjon, og motsett: at fedrar skal ta ut mindre permisjon. Med andre ord ønskjer dei å halde oppe ein kultur der mor framleis vert sett på som den viktigaste omsorgspersonen i heimen.

Den eigentlege grunnen er økonomisk: Regjeringa sparer pengar på at størstedelen av foreldrepermisjonen blir tatt ut av mor, fordi mor tener mindre pengar enn far.

Ida-Johanne Gamborg Lillebø

Å ta seg av barna sine er sjølvsagt viktig og verdifullt. Men finst det ein samfunnsmessige verdi i at menn skal ta seg mindre av borna sine enn kvinner?

Uproblematisk inntektsforskjell?

Det går heller ikkje an å lausrive kvinner og menns posisjon i heimen med posisjon og status i arbeidslivet og samfunnet elles.

Det burde vere unødvendig å påpeike det, men når det vert sett på som mest naturleg at mor er den viktigaste omsorgspersonen, vil det også bli oppfatta som meir sjølvsagt at far er ein mindre viktig omsorgsperson, og at han derimot er den som arbeider og tener mest i arbeidet utanfor heimen.

Og ikkje nok med at regjeringa synast at denne inntektsforskjellen er uproblematisk, eller at dei ikkje har utprega lyst til å arbeide for å minske lønsgapet mellom kvinner og menn. No er det faktisk i regjeringas eigeninteresse at kvinner tener mindre pengar enn menn, fordi dei då sparer pengar.

Er det for drygt å påstå at regjeringa no kjem til å legge hindringar i vegen for at kvinner skal kunne arbeide og oppnå godt lønte stillingar, slik at statsbudsjettet skal gå opp?

Les også:

Eit dekke av valfridom

Eit mogleg svar får vi kanskje dersom vi ser på kva regjeringa skal bruke dei sparte pengane sine på. Slett ikkje på to barnehageopptak i året, noko som ville ha vore til hjelp for kvinner som føder etter midten av august, og som følgje av det ikkje får barnehageplass. Snarare tvert om: Regjeringa vil bruke meir pengar på kontantstøtte.

Likestilling og kvinners fridom og økonomiske sjølvstende er grunnleggjande verdiar i samfunnet vårt. Når vil slike verdiar vere viktige nok til igjen å bli prioriterte?

Ida-Johanne Gamborg Lillebø

Å droppe to barnehageopptak i året vil, som dei sjølv skriv: «forventes å redusere etterspørselen etter barnehageplasser og øke utgiftene til kontantstøtte med 20 mill. kroner i 2014». Og det er vel opplagt kven regjeringa synest skal vere heime og ta imot denne kontantstøtta?

Regjeringa ser altså ut til å meine at dei sparer pengar på politikken sin, samtidig som at dei er villige til å bruke litt ekstra på å ha mødrer som steller heime. Under dekke av valfridom, bruker dei økonomiske incentiv til å styre kvinner vekk frå arbeidslivet.

Politikk med konsekvensar

Men sidan regjeringa er så opptatt av kroner og øre, burde dei finne ut kva for konsekvensar politikken deira kan få for den norske pengesekken. Reint økonomisk ville det nemleg vere ein katastrofe. Dersom norske kvinner hadde arbeida like lite som OECD-gjennomsnittet, hadde den norske økonomien tapt eit årleg beløp tilsvarande heile oljeformuen vår.

Dei økonomiske argumenta er likevel ikkje dei viktigaste. For det finst verdiar som er viktigare enn dei som står på konto i Noregs Bank. Endå viktigare enn inntekter, er følgjene ein slik politikk får for individet.

Likestilling og kvinners fridom og økonomiske sjølvstende er grunnleggjande verdiar i samfunnet vårt. Når vil slike verdiar vere viktige nok til igjen å bli prioriterte, i staden for denne usanne valfridomen som tvert om styrer kvinner og menn i bestemte retningar?

Lønsgapet vil bli større

Dersom regjeringa held fast ved denne politikken, vil ein i dei komande statsbudsjetta kunne spare endå meir pengar på at mor tek ut meir permisjon enn far, sidan lønsgapet mellom dei truleg vil bli større.

Ida-Johanne Gamborg Lillebø

Som vi har sett, ønskjer regjeringa å stimulere til utviklinga av eit samfunn der det primært er kvinner som skal ta seg av born og menn som skal tene dei gode pengane. Ei reindyrking av desse rollene er verken frigjerande for menn eller kvinner, er ikkje økonomisk lønsamt og støtter ikkje opp under grunnleggjande verdiar i samfunnet.

Dersom regjeringa likevel held fast ved denne politikken, vil ein i dei komande statsbudsjetta kunne spare endå meir pengar på at mor tek ut meir permisjon enn far, sidan lønsgapet mellom dei truleg vil bli større. I neste omgang vil regjeringa sannsynlegvis heve eigendelen på barnehageplass.

Desse pengane kan dei så bruke på endå større kontantstøtteutbetalingar, slik at stadig fleire kvinner kan bli heime og lønsgapet verte endå større. For eit slikt samfunn er tydelegvis meir enn greitt, og det har ingenting med valfridom å gjere, snarare tvert i mot.