NRK Meny
Kronikk

IS: Er ein ”mellomalder med asfalt” mogleg?

Det er for tidleg å avgjere om terroren i Paris tyder at IS har skifta strategi frå å byggje ein eigen islamsk stat, til å prioritere terror i Vesten. Men truleg vil bygginga av den islamske staten framleis vere det viktigaste prosjektet.

FRANCE-ATTACKS-SECURITY

Baren Le Carillon var et av åsteda for terrorangrepa. Skal vi forstå kvifor nokon kan gjere slike valdshandlingar, må ein sjå nærere på kva IS er for noko, skriv kronikkforfattaren.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

Det verkar no klart at det var ei internasjonal gruppe som stod bak terrorangrepet i Paris, og bandet til IS verkar også truverdig. Men vi veit enno ikkje om det betyr at IS sentralt nå har endra strategi for meir aktivt å slå til mot den ”fjerne fienden”, Vesten. Dei har alltid støtta terrorangrep her, men hovudfokuset har likevel vore å hente sympatisørar ”heim” til den nye islamske staten dei bygger.

Denne staten, «kalifatet», er nok likevel så sentral, ja sjølve eksistensgrunnlaget til IS, så vi må tru at dei framleis vil legge mest vekt på å styrke dette, anten dei har gått tyngre inn i «fjern» terror eller ikkje. Skal vi prøve å forstå kvifor nokon kan gjere slike aksjonar som i Paris nå, må vi derfor sjå på kva dette kalifatet er for noko, og kvifor det trekker sympatisørar.

IS har støtte

Når IS har klart å opprette sin ”stat” over eit så stort område i Syria og Irak, så er det på grunn av våpenmakt, tvang, terror og undertrykking, det er det ingen tvil om. Men likevel må vi sjå i auga at dei ikkje hadde klart det om dei ikkje også hadde oppnådd støtte og sympati hos folk både innanfor og utanfor området sitt. Korleis kan nokon støtte eit slikt terrorstyre?

Vi må her truleg dele mellom politisk støtte og ideologisk eller religiøs støtte. IS står både for eit ideologisk program, å bygge den islamske idealstaten, og eit politisk program, å overvinne regima i Syria og Irak. Spesielt i Irak er dette viktig. Store delar av den sunniske folkegruppa i nord meiner rett og slett at regimet i Bagdad er verre undertrykkarar enn IS. Det gjeld dei shi’iske militsgruppene, men også regjeringshæren som er dominert av shi’iske troppar.

Store delar av den sunniske folkegruppa i nord-irak meiner rett og slett at regimet i

Bagdad er verre undertrykkarar enn IS.

Knut Vikør

Om denne sunniske oppfatninga av shi’iske overgrep er overdrive, er den like fullt reell. IS har eit hardstyre, meiner dei, men det er ikkje vilkårleg. Regjeringsstyrkane kunne ta tilfeldige ungdommar frå gata og kaste dei i fengsel eller verre, berre fordi dei var sunniar (seier sunniane). IS tek dei berre dersom dei bryt reglane deira, som er harde, men som ein kjenner og kan velje å leve etter.

Ro og orden

I Syria er det litt annleis, fordi det der er mange andre som også kjemper mot regimet, og mange av dei har også konservativt islamsk grunnsyn, som al-Qa’ida. Her kan nok derfor støtta til IS sitje lausare. Men også her er det nok ei oppfatning om at når IS tek kontrollen, skaper dei ro og orden, i motsetning til lovløysa i borgarkrigen elles. Også her kan det vere spørsmål om kor reelt dette inntrykket er, få av IS sine område ligg langt frå fronten, og mange er under tett bombardement. Men også her eksisterer likevel eit inntrykk av at alternativet er verre enn IS sitt styre, enten ein støttar ideologien deira eller ikkje.

Når IS tar kontrollen, skaper dei ro og orden,

i motsetning til lovlausheita i borgarkrigen.

Knut Vikør

Og dette er altså det som skil IS tydeleg frå Qa’ida og andre jihadistar, at deira oppgåve er å skape eit leveleg samfunn i vår tid som bygger på moral og levesett frå profeten Muhammads tid. Andre jihadistar har også det som eit framtidsmål, men berre IS vil gjennomføre det her og nå. Dei prøver faktisk å bygge ein stat. Dei har skular og sjukehus, dei bygger vegar, dei samlar inn søppel og sørger for vassforsyning og elektrisitet.

Økonomisk har dei bygd seg opp på utpressing, kriminalitet, og nå svartebørshandel med olje og antikvitetar. Men dei prøver også fremme vanleg økonomisk verksemd, jordbruk og handel mellom vanlege borgarar i sine område. Produsentar i IS-områda kan fritt reise gjennom sperringane og selje varene sine i regjeringsstyrte Damaskus, IS vil til og med forfalske dokument slik at handelsmenn kjem gjennom regimet sine vaktpostar.

Følg debatten: Ytring på Facebook

Dei har også eit rettsstell som bygger på Sharia i si strengaste form, med hudud-straffene. Tobakk, alkohol, vestleg musikk er forbode, skjeggvekst og klesdrakt strengt regulert. Kvinner og menn som ikkje er i slekt skal ikkje møte kvarandre. Dette var ukjente i det før ganske sekulære Syria, og mange i området reagerer sterkt på dette. Ennå verre er at dei trekker fram idear frå 600-talet som til og med dei andre jihadistane feier under teppet, slik som at slaveri og slavehandel er tillate (for det var det jo på Profetens tid).

IS står både for eit ideologisk program, å

bygge den islamske idealstaten, og eit politisk

program, å bekjempe regima i Syria og Irak.

Knut Vikør

Brutaliteten vinn

Mange meiner også at ideala ikkje blir etterlevd, at IS sine eigne soldatar, som skal leve etter same strenge reglar, i realiteten kan særleg ”fremmedkrigere” gjere som dei vil utan å bli straffa. IS forsvarer sine brutale kampmåtar ved å vise til normer frå mellomalderen, men av og til går dei også utover desse, slik som da ein jordansk pilot vart brent levande.

Dette førte til spenningar også innanfor IS, fordi, brutale som dei er, så setter mellomalderens reglar også grenser som ideologane meiner dei mest ustyrlege har ignorert. Men som oftast er det det brutaliteten som vinn over ideologien.

Spørsmålet er derfor om denne ”mellomalderen med asfalt” er mogleg. Har IS-staten slike indre spenningar at den må falle saman innanfrå? Eller vil dei klare å tilpasse seg og overleve? Og ikkje minst: korleis klarer vi best å fremme eit slikt samanbrot, og å svekke den støtta som kalifatet nå har hos dei som bur der?