Hopp til innhold

Folkestyrepartiet

Forteljinga om Senterpartiet er historia om kampen for folkestyre, for jambyrdige kår, individuelt ansvar og langsiktig forvalting av naturressursane.

Senterparti-leder Liv Signe Navarsete forteller om partiets ideologi og visjoner for fremtiden. (Videoen er produsert av Litteraturhuset.)

Se foredraget: Senterparti-leder Liv Signe Navarsete forteller om partiets ideologi og visjoner for fremtiden. (Videoen er produsert av Litteraturhuset.)

Ytring valgkronikk

Denne kronikken er en del av Litteraturhusets serie Under en høyere himmel, der de ulike partiene presenterer sin ideologi. Se også egen faktaboks.

For å forstå verdigrunnlaget til eit parti, må ein forstå historia til den politiske rørsla som partiet representerer. Ein må sjå partihistoria i samband med samfunnsutviklinga. Ein må forstå kva som ligg bak interessekampar.

Senterpartiet har vakse fram av den demokratiske bonderørsla. Og nett arbeidet for folkestyre er ein av dei klåraste stolpane i vår ideologi. Bøndene førte an i kampen mot embetsmannsstaten på 1800-talet. Då dei sikra seg fleirtal på Stortinget i 1833, sette dei seg føre å flytte makta vekk frå stat og embetsmenn og ned til folket. Dei skreiv formannskapslovene, lover så radikale at kongen nekta å underteikne og dreiv uthalingstaktikk. Han tapte til slutt. I ettertid skreiv historikarane at det kommunale sjølvstyret med dette vart det best organiserte og gjennomførte for si tid.

FORTSATT USIKKER PÅ HVA DU SKAL STEMME? Prøv NRKs valgomat

Opphavet

Kvifor starte historia mange tiår før partiet vart stifta?

Jo – fordi dette er molda som Senterpartiet har vakse i. Den demokratiske bonderørsla er opphavet vårt. Og arbeidet for folkestyre går igjen heilt fram til vår tid.

«Prinsippet om at borgarar og media har krav på innsyn i politiske prosessar og i grunnlaget for politiske vedtak, er ein kjerne i eit opplyst demokrati.»

Liv Signe navarsete

Eg kan gje fleire døme på nett det. Senterpartiet var det første partiet som opna landsmøta sine for pressa og andre interesserte. Det var Senterpartiet som i Borten-regjeringa innførte pressestøtta. Den same regjeringa innførte offentleglova. Prinsippet om at borgarar og media har krav på innsyn i politiske prosessar og i grunnlaget for politiske vedtak, er ein kjerne i eit opplyst demokrati.

Valplakaten «Mot kontorstyre og skjemavelde» er eit herleg døme på den kritiske haldninga vår til byråkrati og offentleg detaljstyring.

Argument som har rot i synet vårt på folkestyre, var som dei fleste veit langt framme då me leidde an i kampen mot at me på nytt skulle underkasta oss ein union i 1972 og 1994.

At norsk politikk skal bli utforma og vedteken i Noreg, er også i dag kjernen i engasjementet for å seie opp EØS-avtala på sikt. Det same når me jamleg må forsvare Grunnlovas paragraf 93 (som handlar om kor stort fleirtal som må til for å gje frå seg suverenitet) mot forslag frå unionstilhengarane, som ønskjer å senke terskelen for å underleggja oss unionen.

I betre stand

Langsiktig forvalting er den andre stolpen i verdisynet vårt.

«Senterpartiet skil seg frå andre miljøparti i at me ser positivt på å ta naturen i bruk.»

Liv Signe Navarsete

Bonden har alltid levd etter ordet at ein skal overlata garden vidare i betre stand enn ein sjølv overtok han. For oss gjeld dette grunnsynet for all forvalting av natur.

Men Senterpartiet skil seg frå andre miljøparti i at me ser positivt på å ta naturen i bruk. Me meiner det er naudsynt å setje naturen i arbeid for å redde klimaet.

Me veit at om me skal auke produksjonen av fornybar energi, så fører det med seg naturinngrep. Det betyr synlege vindmølleparkar. Det betyr nye oppdemde småelvar og røyr. Det betyr nye skogsbilvegar. Det betyr nye, vakre kraftliner.

Me syner òg at me meiner alvor. Olje- og energidepartementet har i seinare tid sett historisk rekord i talet på konsesjonar som er gitt for utbygging av rein kraft.

FØLG VALKAMPEN: NRK Valg på Facebook

Den norske distriktspolitikken

Arbeidet for jambyrdige kår er ein tredje stolpe i ideologien vår.
Geografisk utjamning og like moglegheiter i alle delar av landet, er ein kjerneverdi for oss. Difor var det naturleg at Senterpartiet på mange måtar fann opp den norske distriktspolitikken på 60- og 70-talet.

Desentralisert utdanning, fond for utvikling i distrikta, utbygging av infrastruktur og prinsippet om at ein skal ha likeverdige velferdstenester i heile landet er alle viktige prinsipp.

«Me meiner skattesystemet skal bidra til jamnare fordeling av inntekt og formue etter skatt. Kort sagt; skatt etter evne.»

Liv Signe Navarsete

Ser ein til nabolanda våre, er det tydeleg at distriktspolitikken har vore ein suksess. Der Nord-Sverige er nær avfolka, har me levande bygder inst i fjorden og øvst på fjellet.

Eit samfunn med små skilnader handlar òg om små skilnader mellom sosiale grupper. Det er difor naturleg at folketrygda vart oppretta medan det var Senterpartiet som styrte landet, seint på 1960-talet. Me meiner skattesystemet skal bidra til jamnare fordeling av inntekt og formue etter skatt. Kort sagt; skatt etter evne.

Utjamning er òg ei drivkraft i den internasjonale politikken til partiet – der målet er utjamning mellom rike og fattige land i verda. Me har vore mellom dei partia som har stått for ein aktiv utviklingspolitikk, for gjeldslette for fattige land og for auka bistand.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook

Noreg etter ti år med Senterparti-fleirtal

Me er i foredraga utfordra spesielt på å seie noko om korleis Noreg vil sjå ut om vårt parti fekk styra åleine i ti år?

Ja – Kva vil Noreg få med eit så sterkt Senterparti?

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg ein politikk for det myndige menneske. Me veit at frie menneske som får tillit tek ansvar. Difor er me det partiet som balanserer best mellom ansvaret den enkelte har for eige liv, og fellesskapsansvaret for å lyfte i flokk.

Eit sterkt Senterparti gjev meir lokal makt i Noreg. Me vil at samfunnet skal byggjast nedanfrå. Eit levande folkestyre krev nærleik. Det krev likeverd og korte avstandar mellom folk og dei som fattar vedtak.

«Me vil at samfunnet skal byggjast nedanfrå. Eit levande folkestyre krev nærleik. Det krev likeverd og korte avstandar mellom folk og dei som fattar vedtak.»

Liv Signe Navarsete

Eit sterkt Senterparti gjer at heile Noreg blir teke i bruk. Makt, kapital, eigedom og busetnad skal spreiast i heile landet. Levande lokalsamfunn frå fjord til fjell er kjenneteiknet på det Noreg me elskar!

Eit sterkt Senterparti gjev ein politikk for norsk sjølvråderett. Me er ein reiskap for dei som ynskjer internasjonalt samarbeid mellom suverene demokratiske nasjonalstatar.

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg ei fornuftig ressursforvalting. Me ser positivt på å bruke naturen og å hauste av han. Me ser ikkje menneska som ein tilskodar, men som ein aktiv del av naturen.

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg ein politikk for utjamning – mellom sosiale grupper, mellom regionar og mellom fattige og rike land i verda.

Eit sterkt Senterparti gjer at me også i framtida tek heile Noreg i bruk.