Hopp til innhold
Kommentar

Den syngande nonna

Dei fleste artistar drøymer om å nå toppen av listene. Slik var det ikkje for den belgiske jenta som gjekk til topps på hitlistene i 1964.

M00941995 Mono Print

Nonna Jeanine Deckers blei den første artisten frå Belgia som fekk ein nummer ein hit i USA. «Utover 1970-talet blir livet til den syngande nonna meir og meir prega av motgang, med store økonomiske og psykiske problem. Pengane som rann inn av platesalet gjekk til klosteret, produsenten og plateselskapet», skriv musikkspaltist Finn Tokvam.

Foto: Personalities Pop / Topfoto

Finn Tokvam er fast musikkspaltist i Ytring på radio og nett.

Jeanine Deckers var ei belgisk nonne. Ho skreiv songar som ho framførte for dei andre nonnene. Leiinga ved klosteret likte det dei høyrde, og oppmuntra ho til å spele inn ei plate dei kunne selje til besøkjande.

Jeanine, som blei kalla Søster Luc-Gabrielle i klosteret, er i dag mest kjent under namna Soeur Sourire (Søster Smil) og The Singing Nun. For besøket i studioet til Phillips i 1961 gjorde nonna kjent langt utanfor klostermurane.

Singelen «Dominique» blei ein hit og gjekk til topps på lister i store deler av verda. I januar 1964, ein månad før The Beatles dukka opp der, spelte ho på The Ed Sullivan Show.

Jeanine blei den første artisten frå Belgia som fekk ein nummer ein hit i USA. Eller artist og artist. Ho var berre ei nonne som elska musikk.

Men Jeanine kunne ikkje gjere som ho ville med musikken sin. Ho fekk beskjed om å skrive positive og glade songar. Skreiv ho triste vers, blei dei sensurert i klosteret.

I 1966 drog Jeanine frå klosteret. Ho blei sambuar med ei ungdomsveninne og dei innleia etter kvart eit forhold. Ho heldt fram med musikk, men utan suksess. Forholdet til kyrkja blei verre enn nokon gong, då ho gav ut songen «Glory Be To God For The Golden Pill», der ho hylla p-pilla.

Forholdet til kyrkja blei verre enn nokon gong, då ho gav ut songen ”Glory Be To God For The Golden Pill”, der ho hylla p-pillen.

Utover 1970-talet blir livet til den syngande nonna meir og meir prega av motgang, med store økonomiske og psykiske problem. Pengane som rann inn av platesalet gjekk til klosteret, produsenten og plateselskapet.

I 1982 gjer Jeanine eit siste mislykka forsøk på å ta opp igjen artistkarrieren. Denne gongen men ein discoversjon av «Dominique».

I 1985 tek Jeanine og kjærasten Annie sjølvmord med pillar og alkohol. I brevet dei etterlet seg, ber dei om å bli gravlagde saman. Og slik blir det.

Så der, saman med si kjære, kviler Den syngande nonna. Ho som berre ville glede barn og dei andre nonnene i klosteret med songen sin. Ho som ikkje ville bli stjerne.

Ho som berre ville synge.

Følg Ytring på Facebook og Twitter

Finn Tokvam er journalist og programleiar i NRK og fast musikkspaltist i Ytring. Kvar veke koplar våre spaltistar musikk med politikk og aktualitetar i Ytring på P2 søndag kl. 11.