Hopp til innhold
Kommentar

Den siste bohem

Bohemen har gått til Hennes & Mauritz for å døy.

Coachella-moten 2016

Bohem- og hippiestilen går igjen blant publikum på festivalen Coachella, her med artist Katy Perry i midten. 'Når var det sommarmoten blei så kjedeleg,' skriv kommentatoren.

Foto: Rachel Murray / Afp

Eit like sikkert sommarteikn som bleike bein i joggesko er kaftanen, tunikaen og den lange tubekjolen med “eksotisk” mønster som dukkar opp i ein butikk nær deg. Så snart den første solstrålen treffer, er det på tide å vere bohemsk igjen, ifølgje den kommersielle motebransjen. Bohemen er tatt ut av sitt habitat og heng trist side om side med sitt søskenbarn, hippien.

Det ligg ingen eim av absint eller tobakk i lufta. Moten er fjerna så langt frå dei opphavlege bohemideala som det går an å kome. Det minst bohemske du kan gjere, er å kjøpe ein kaftan for 199,- hos ein kjedebutikk.

Eksentrisk, men avslappa

Ordet "bohem" står ifølgje Store norske leksikon for “opphavleg sigøynerbande, ein krets av personar, særleg kunstnarar og forfattarar, som fører eit fritt liv, ubundne av gjengse moralomgrep”. Den bohemske moten veks fram i Paris i tiåra etter 2. verdskrigen. Paret Serge Gainsbourg og Jane Birkin illustrerer godt den eksentriske og eksotiske, men likevel avslappa, stilen.

Det minst bohemske du kan gjere, er å kjøpe ein kaftan for 199,- hos ein kjedebutikk.

På 60-talet kryssar bohemen vegar med hippien, og det er ofte ei salig blanding av desse to stilideala vi ser i norske kjedebutikkar. På 2000-talet blir Kate Moss og Sienna Miller bohemske stilikon, der dei traskar rundt på festivalane Coachella og Glastonbury. I dag sel Hennes & Mauritz ein eigen Coachella-kolleksjon, og Bikbok viser til gatemote frå festivalar som inspirasjon på sine nettsider.

Kjedeleg sommarmote

Mitt problem med bohemmoten er at han garantert kjem igjen KVAR einaste sommar. Når var det sommarmoten blei så kjedeleg? Ein kan sjå for seg designarane hente fram dei gamle mønstera att, og sukke “i år igjen”, samtidig som dei set i gang bohemkverna for 15. år på rad. For dette er verkeleg ein sommarmote som har blitt resirkulert i årevis.

At motebransjen hentar fram gamle idear, med varierande hell, er ikkje noko nytt. Kommersialismen lever av å selje gamle idear i ny innpakning. Når designarane går for langt vekk frå det autentiske utgangspunktet kjem det motreaksjonar. For ti år sidan byrja Hennes & Mauritz å trykkje opp og selje band-t-skjorter med The Ramones og The Clash på. Slik enda ein opp med at mange unge jenter gjekk med band som dei ikkje visste kven var på brystet. Dei hadde rett og slett tenkt at det var eit kult moteprint, og punkstilen var jo inn. Noko som resulterte i motreaksjonar frå musikkinteresserte hipsterar: Dette var ikkje punk!

Ein kan sjå for seg designarane hente fram dei gamle mønstera att, og sukke “i år igjen”, samtidig som dei set i gang bohemkverna for 15. år på rad.

Fridom frå konvensjonar

For kjedebutikkane handlar det om å ta ein stil, fjerne og leggje til element som passar tida og gjere plagga salsvennlege for ei størst mogleg gruppe. Dermed misser moten sin brodd. Designhus og haute couture-skaparar, derimot, har ei heilt anna kundegruppe, nemleg trendsettarar som ynskjer å utfordre og få merksemd, samt samlarar som ser på mote meir som kunst enn trend. Dermed kan dei i større grad vere nyskapande og modige, nettopp fordi kundane deira ynskjer dette.

Det verkar ikkje som din stil, sommarkroppen2016.

Bohemen representerer fridom frå moral, konvensjonar, samfunnet. Korleis heng dette saman med det vi ser i kjedebutikkane? Jau då, klesbransjen kan sjå bort frå både moral og etikk i visse høve, men kjedebutikkane utfordrar sjeldan konvensjonar. Dei vil ikkje risikere å støyte frå seg forbrukarar. Familiane på reklameplakatane er så tett opptil “vanleg norsk familie”-glansbiletet som du kan kome.

Meir kreativitet

Forbrukarane er tydelegvis ganske glade i gyselege bohemmønster. Populariteten til kaftanen og tunikaen, vi kan også kalle dei flagrande gevantar, kan spegle at vi er meir avslappa om sommaren, og ynskjer å kle oss behageleg. Noko som i seg sjølv er positivt. Men eg trur ikkje heilt på det. Denne “avslappa” stilen heng nemleg ikkje heilt saman med det oversminka ansiktet og den nøye utstuderte sommarkroppen. Det verkar ikkje som din stil, sommarkroppen2016.

LES OGSÅ: «Det er på tide å ta tilbake sakte-moten»

For all del, om du faktisk kler deg bohemsk resten av året og føler det passar din stil og personlegdom best, så køyr på! Det er ikkje deg denne teksten er retta mot. Eg er ute etter å ta saueflokken som dukkar opp i det same “bohemske” mønsteret frå Cubus i mangel på originalitet. Bohem og uniform er to rake motsetningar.

Når var det sommarmoten blei så kjedeleg?

Behald stilen din

Eg kunne ynskje meg meir kreativitet og originalitet, både frå forbrukarar og kjedebutikkar, i desse sommarmånadane. Det er ein gyllen sjanse for oss i nord til å vere ute døgnet rundt og vise fram stilen vår. Trass alt er det lettare å sette saman eit kult antrekk når du slepp minst eitt lag med saueskinn på topp.

Det finst alternativ til kjedebutikkane: Kjøp heller eit unikt mønster når du er på ferie i Italia eller Spania, så har du eit godt minne og støttar lokal turistindustri. Ikkje kast bort din eigentlege stil berre fordi det er varmt eit par månader. Det går fint an å bevare stilen sin, sjølv om sommaren. Gå for plagga som du likar. Handle brukt. Finn noko unikt. Om det ser ut som eit kostyme, dropp det.

Kan den siste bohemen som forlèt (prøve) rommet sløkkje lyset?