NRK Meny
Kommentar

Stilskifte

To nye motedokumentarar argumenterer for ein stil som ligg bortanfor fast fashion. Anten det er i eksklusive atelier eller i gamle klesskap; det er på tide å ta tilbake sakte-moten.

Raf Simons studerer ein kjole i Diors atelier

Raf Simons tok over som sjefdesignar i Dior i 2012. Han fekk berre åtte veker på seg til å lage den første kolleksjonen. Dokumentaren 'Dior and I' lar oss følgje prosessen - her studerer Simons ein kjole i atelieret i Paris.

Foto: Filmfoto: Dior and I

Akkurat idet vi hadde gløymt kva tidlaus stil faktisk er, utan trend og fast fashion, kjem dokumentarane som minner oss på det. Kanskje er det ein motreaksjon til nokre av motebloggane, der dagens antrekk-bilete og modellar er retusjert opp og ned i mente og bloggaren alltid er på detox på eit eller anna fantastisk hotell med blomster og Instagram-venleg frukost. Eit antrekk kan aldri bli brukt to gongar, dette bør du kjøpe NO!!, dei tolv trendane du MÅ kaste deg over.

I alle fall tar «Dior and I» og «Iris» på kvar sin måte oss med tilbake til det eigentlege utgangspunktet for moteindustrien; silken, syerska, silhuetten, tråden, designaren. Stilen.

I sine kvite lab-jakker representerer dei noko sjeldan – det er få slike atelier igjen i verda i dag.

Maren Kvamme Hagen

Åtte veker

Førstnemnde dokumentar gir oss eit unikt innblikk i Diors atelier i Paris og fortel historia om då belgiske Raf Simons overtok den mest prestisjefylte designjobben i heile moteindustrien. Det var éin hake: Han fekk berre åtte veker til å skape sin første Dior-kolleksjon. Og ikkje berre det: Det skulle vere haute couture, den høgste forma for saumkunst, det kunstnariske alibiet i moten.

I ein slik kolleksjon er plagga handsydd etter visse kriterium. Vanlegvis har ein designar dobbelt så mykje tid på seg før kleda skal ut på catwalken. Dette gir ei naturleg spenningskurve i filmen, som handlar like mykje om teamet bak Simons som om sjefen sjølv. I sine kvite lab-jakker representerer dei noko sjeldan – det er få slike atelier igjen i verda i dag. Vi ser teknikken, arbeidskrafta, visjonane og kjenslene som går inn i kolleksjonen. Resultatet tar pusten frå deg.

(Kommentaren held fram under video)

Venleik som varer

Dokumentaren gir kunnskap om kva mote er. Eit klesplagg handlar ikkje berre om estetikk og venleik, men også om presise snitt, vitskap og teknikk. I moten smeltar alt dette saman til noko som vi faktisk kan ta på oss.

Det er ikkje mykje snakk om trendar i Diors atelier, sjølv om det handlar om å skape noko nytt. Når Raf designar, ser han like mykje til eit måleri av Sterling Ruby, kunstens «gangster Rothko», som til andre motedesignarar. Med arven frå Christian Dior hengande over seg, sjølvsagt. Hans inspirasjon bak å kle eit gammalt herskapshus med blomster frå topp til tå til visninga? «It’ll look like Jeff Koons' flower "Puppy" in the Versailles».

Eksperimentet Iris

Spelefilmar om mote er ikkje noko nytt, titlar som «The devil wears Prada» og «Coco before Chanel» har mange sett. Men no ynskjer publikum å kome bak den glossy framsida, sjå kva som skjer i kulissane.

Paris Fashion Dior

Det ferdige resultatet etter åtte veker med slit, diskusjon og hardt arbeid. Dior haute couture 2012.

Foto: Jacques Brinon / Ap

Dokumentaren «Iris» slår eit slag for den tidlause individuelle stilen og kreativiteten som ikkje er avhengig av kor mange H&M-butikkar det er i nærleiken. I sentrum står Iris Apfel, 93, stilikon og modell. Apfel er kjent som «den sjeldne fuglen» i motekrinsar, med ein individuell stil som ikkje har endra seg mykje over åra. Stilen kan skildrast som eit eksperiment – ho lesser og lesser på med smykke, kostyme og brosjer. Mykje av det er gamle skattar, lik det du kan finne i skapet til bestemor di.

Bortanfor trendhavet

Der «Dior and I» viser kor mykje som går inn i eit plagg av høg kvalitet, tar «Iris» for seg ei personleg stilhistorie. Iris seier at ho får meir glede av eit smykke ho kjøpte for fire dollar enn av å handle hos luksusmerket Harry Winstons.

Kva skjedde med stilen, tatt langt vekk frå kravet om noko nytt heile tida, ein ny trend?

Maren Kvamme Hagen

Ein kan faktisk velje å sjå vekk frå trendane og bruke ting fleire gongar (!). Det er det mange som gløymer i dagens kast-og-bruk-karusell, der fast fashion berre blir raskare og raskare, kjedebutikkane pøsar på med billigkleder frå Vietnam og Kina minst to gongar i veka, og kunden postar nye antrekk kvar dag. Kva skjedde med stilen, tatt langt vekk frå kravet om noko nytt heile tida, ein ny trend?

Kjøp ting som varer

Haute couture-kolleksjonane set trendar, for all del, men det er plagg som er designa for å vare i 100 år. I motsetnad til elles i moten, der kolleksjonar og leveringstidspunkt heile tida blir flytta fram for å mate marknaden, held haute couture stand med sine nøye uttenkte kolleksjonar til fast tid kvart år.

Så kan ein argumentere med at vanlege folk aldri vil ha råd til dette – men kanskje kan det likevel vere ei påminning om å kjøpe ting som varer, ikkje jage etter eit nytt plagg kvar veke, investere i det vakre som er meint å vare.

«Dior and I» blir vist på kino i Oslo 21.april, på video on demand i september. «Iris» har norsk premiere på Kortfilmfestivalen i Grimstad 10-14. juni.

SJÅ INTERVJU:

Video Nasjonalgalleriet og Iris Apfel