Hopp til innhold
Kronikk

Bratte kurver også i klimaforskinga

Koronakrisa reddar ikkje klima, men ho gir oss likevel eit håp.

5jHIYbDgQ3U

På Piazza Navona veks graset no når turistane er borte. Eg håpar at koronakrisa har lært oss at vi kan klare oss med mindre, reise mindre og forureine mindre, skriv kronikkforfattaren.

Foto: GUGLIELMO MANGIAPANE / GUGLIELMO MANGIAPANE

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I mars i år opplevde vi det utenkelege. Land etter land som stengjer ned, og full stans i heile verdsøkonomien. Ungar vert jaga frå fotballbanen, ungdom frå fest, og vaksne frå hytta.

Vi forstår at det usynlege viruset er ein trussel, at politikarane må handle, og at det hastar. Trass ei smerteleg nedstenging av samfunnet, har krisa vist ei formidabel innsatsvilje frå folk og frå politisk hald.

Alt handlar om å redusere smitterisiko og om å få dei stadig brattare kurvene til å flate ut, og etter kvart peike nedover. Våre lands myndigheiter frå regjering til kommunepolitikarar, har vist at dei kan lytte til fagfolk og ta kraftige grep når dei må. Vi har vist ein føre-var haldning som kan ha redda mange liv. Og folk har forstått og applaudert dei strenge tiltaka.

Verdas klimadugnad

Vi som studerer klima er blitt vande med bratte kurver. Utsleppa av klimagassar aukar år for år, det same gjer temperaturen i lufta, på land og i havet. Is, snø og permafrost smelter stadig raskare, havet stig, det blir fleire hetebølgjer og meir tørke, ekstremregn og flaum, skogbrannar og øydelagt natur. Dette skjer over heile verda, også her hos oss.

I hetebølgjene i 2003 og 2010 mista meir enn hundre tusen europearar livet. Årleg døyr meir enn ein halv million europearar som følgje av luftforureining. Det er dei direkte menneskelege konsekvensane av vår avhengigheit av fossile brensler, av våre klimagassutslepp til atmosfæren.

Lufta over oss er blitt klarare, vatnet rundt oss reinare.

Fagfolk er samstemte om årsakene til klimaendringane, og at det vil bli langt verre enn det vi har sett så langt. Som for koronapandemien krev klimaendringane at politikarane lyttar til fagfolk og ikkje sjølvoppnemnde ekspertar. Og at land samarbeider om å løyse våre felles problem, ikkje melder seg ut slik vi no dessverre ser altfor mange døme på.

Parisavtalen er nettopp verdssamfunnets forsøk på å få til ein klimadugnad, som alle menneske og alle land vil ha nytte av. Det er avgjerande at dette arbeidet vert følgt opp, gjennom det som skal skje innanfor eigne grenser og gjennom forpliktande samarbeid. At
årets klimatoppmøte er avlyst på grunn av korona-situasjonen, må ikkje bli ei sovepute.

Oppvarming på kort sikt

Når heile verda no har gått i lockdown, ser me det tydeleg att i naturen. Verdas storbyar har fått reinare luft, i det nordlege India kan ein for første gang på 30 år kan sjå Himalaya i det fjerne. Ut frå statistikken kan reduserte partikkelutslepp frå fabrikkar og transport allereie ha redda mange hundre tusen av menneskeliv.

Koronakrisa reddar ikkje klima, men ho gir oss likevel eit håp.

Kva betyr så den reduserte aktiviteten no under koronapandemien for klimaet på jorda? Paradoksalt nok kan vi vente høgare temperaturar.

India gate, New Dehli, oktober 19 og april 20

REINARE LUFT: Desse to bileta frå New Delhi er frå oktober 2019 og april 2020, etter at indiske styresmakter innførte strenge reiserestriksjonar i hovudstaden.

Foto: STAFF / Reuters

Partikkelutslepp frå fabrikkar og bilar gir forureining for oss menneske, men har ei avkjølande effekt på temperaturen på jorda. Det er både ein direkte effekt av at partiklane skaper meir skygge på bakken og ein indirekte effekt av at støvpartiklane fører til meir skyer. Så i ein situasjon med mindre partikkelutslepp, kan koronapandemien derfor på kort sikt føre til større oppvarming. Samstundes gir parkerte fly og bilar no eit høve til unike målingar til å kunne seie meir om kor stor den avkjølande effekten er.

Vi veit kva som må til, vi har verktøyet som trengst, men har vi viljen?

Også utsleppa av klimagassar går ned. Dette er bra i seg sjølv, men opp mot den totale mengda karbondioksid i atmosfæren, betyr nedgangen lite. Dei typiske variasjonane frå år til år i fordeling av nedbør og tørke har større påverknad enn årets reduserte utslepp. Skulle derimot utsleppa blir varig redusert, vil sjølvsagt effekten bli stadig større etter som åra går.

Vi har handlekraft når vi må

Kva har vi så lært av koronakrisa så langt? Vi har sett at det finst politikarar med handlekraft, og som når dei oppfattar at krisa er stor nok har verktøy og mot til å ta dei avgjerslene som må takast, sjølv når kostnadane i kroner og øre er astronomiske. I tilfelle korona handlar det i stor grad om å redde dei eldste og svakaste av oss, i tilfelle klima handlar det om framtida til dei unge og dei som kjem etter oss.

Vårt fotavtrykk har blitt mindre den siste tida.

Om vi vil, kan vi flate ut kurvene også i naturen. Verda må så raskt som mogeleg vekk frå kol, olje og gass og over på fornybar energi. Vi må vekk frå bruk og kast og over på gjenbruk og sirkulærøkonomi. Vi veit kva som må til, vi har verktøyet som trengst, men har vi viljen?

Eg håpar at koronakrisa har lært oss at vi kan klare oss med mindre, reise mindre, forureine mindre. At det vil gi meir tid til oss sjølv og til andre – til å gjere ting som ikkje kostar noko, verken for oss eller naturen rundt oss. Vårt fotavtrykk har blitt mindre den siste tida. Lufta over oss er blitt klarare, vatnet rundt oss reinare.

Naturen har fått eit sårt tiltrengt pusterom. Og akkurat det kan vi glede oss over!