Hopp til innhold
Kronikk

Barna vi gløymde

Barna sitt beste er viktigast. Bortsett frå barn født av rusavhengige. Dei blir fødde med abstinensar og varige skadar. Velsigna av den norske staten.

Nyfødt baby på sykehus

Dei seier det går så bra med LAR-barna. Vegen me no skulle ta fatt på saman, skulle vise seg å syne det motsette, skriv kronikkforfattaren. Bildet er kun eit illustrasjonsfoto og ikkje det aktuelle barnet som vert omtala i kronikken.

På sjukehuset fekk me ein klapp på skuldra og «lukka til på vegen». Det var inga oppfølging av slike som deg. Det går så bra med LAR-barna ser du.

Mora som fødde deg var i LAR-behandling under svangerskapet. LAR er legemiddelassistert rehabilitering, ei behandling med morfinliknande medisinar Noreg kan gi narkomane.

Langtidsprevensjon for kvinner under LAR-behandling i fertil alder bør vera eit påbod

Kjære dotter vår. Eg hugsar så godt den dagen me henta deg heim. Du var den vakraste eg nokon gong hadde sett. Det var kjærleik ved første blikk. Du trengde nokon til å ta vare på deg, og me trong så inderleg nokon å ta vare på. Me visste kva du hadde vore igjennom, men ingenting av det me hadde lese kunne hjelpe oss på vegen me skulle gå saman.

Du vart født etter å ha blitt utsett for Subutex i svangerskapet. Du måtte bli på sjukehuset i åtte veker på morfinbehandling, fordi du hadde så sterke abstinensar.

Dei seier det går så bra med LAR-barna. Vegen me no skulle ta fatt på saman, skulle vise seg å syne det motsette.

Ein er ikkje rusfri når borna blir fødd med sterke abstinensar

I brosjyren «Gode levevanar før og i svangerskapet» som deles ut til alle gravide i Noreg, tilrår Helsedirektoratet at ein ikkje skal ete spekemat og rakfisk, i tillegg til å avgrense mengda salt og sukker. Mor skal unngå alkohol, røyk og snus. Narkotika blir ikkje nemnt. Dette meiner eg det burde bli sett eit stort spørsmålsteikn ved.

Det er diverre alt for lite kunnskap om konsekvensane av LAR-behandling under svangerskapet kan ha for fosteret. Dette gjer at me ikkje kjenner samanhengen mellom LAR-behandling av mor og utviklinga til barnet. Likevel, uansett konsekvensane, er det ein risiko. Av den grunn kan eg ikkje forstå kvifor dette skal vera lov i Noreg utan mindre kontrovers.

Når me fekk deg heim var huda di så krakelert av abstinensane at du hadde tydelege ruter på store delar av kroppen. Samstundes var du veldig motorisk uroleg og kvalm. Abstinensen herja i kroppen din, sjølv etter åtte veker på avrusing.

Eg er så lei meg at du ikkje har fått ein vanleg barndom

Dei utrøystelege skrika med nærmast ein metallisk ljod, er enno klistra til minne.

Barnelegeforeningen og Jordmorforeningen tar òg sterk avstand til LAR-behandling i svangerskapet. Dei har snakka sterkt for at ei slik behandling i svangerskap bør få eit mykje meir kritisk lys på seg, men det er delte synspunkt om dette i Noreg.

At det kanskje ikkje er påvist at LAR skadar brukaren er greitt i seg sjølv, men å utsetje barnet for usikre biverknadar er høgst problematisk. Det er ein høg pris mesteparten av desse borna må betala, då mor får «rusa» seg med statens velsigning.

Korleis kjem barnet sitt beste, som det så flott heiter, fram i dette?

På nettene fann du ikkje ro til å sove, eg sov med kleda på til du var rundt fire år. Me måtte liggje med eit auge ope i tilfelle du fann ut du skulle lage deg mat i mikroen, eller kutte opp noko med knivar eller låse opp døra og gå ut.

Du trengde nokon til å ta vare på deg

I dei verste urolege periodane, sov eg eller pappa på ein sofa utanfor rommet ditt. At me var vakne opptil ti gonger på ei natt var ikkje uvanleg. Sjølv når du sov var du motorisk uroleg. Me var så slitne så slitne alle saman.

Langtidsprevensjon for kvinner under LAR-behandling i fertil alder bør vera eit påbod og eit kriterium før behandling tek til. Ikkje berre ei tilråding. På denne måten kan mange barn bli spart for store nevropsykologiske problem og andre store utfordringar russkadane kan gi.

Kjære dotter. Eg er så lei meg for at du ikkje har fått ein vanleg barndom. Ein barndom utan bekymringar, med masse latter og leik. Eit barn skal jo leika, men du var så uroleg på grunn av skadane. Du klarte ikkje å leika før du var nesten fem år.

Ifølgje Helsedirektoratet er ein rusfri om ein brukar Subutex eller Metadon: «Med rusfridom menes fravær av skadelig eller avhengigheitspreget bruk av rusmiddel. Substitusjonsmiddel brukt i LAR blir ikke regnet som rusmiddel». Ein er ikkje rusfri når borna blir fødde med sterke abstinensar. Sjølv om ein er usikre på nøyaktige biverknadar på foster er det ikkje ein risiko vi bør utsette våre barn for.

Det var inga oppfølging av slike som deg

Jenta mi. Du tolte ikkje lyd, lys, berøring eller andre folk så godt. Du kunne ha hatt ein bekymringsfri og herleg barndom og ei normal framtid føre deg.

Slik blir det ikkje for deg. Du har store nevropsykologiske utfordringar og kan ikkje leva eit vanleg liv. Du må skjermast for å få ro i kaoset du har inni deg.

Rot i hovudet kallar du det.

Ytring-redaksjonen kjenner forfattarens identitet