Hopp til innhold
Kronikk

Avlys munnleg eksamen

Føresette til avgangselevar, gå saman og få munnleg eksamen avlyst.

Muntlig eksamen ill.foto

Når skriftleg eksamen blei avlyst, må dei same argumenta gjelde for den munnlege eksamenen. Den må også avlysast i år, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

I over eit år har det, med nokre få vekers unntak, ikkje vore normal skule for elevane i ungdomsskule og vidaregåande skule. De som har ungdommar, veit alt om kor lite ordinær skule det har vore gjennom denne vinteren og våren.

De har sett korleis motivasjon og entusiasme hos borna dykkar har dalt.

Skriftleg eksamen blei avlyst. Det blei grunna med at føresetnadene har blitt for ulike, ut ifrå at smittetrykk og tiltak har vore så forskjellig rundt om landet. Så blir det halde fast at munnleg eksamen skal gjennomførast.

Men ikkje til dømes i dei såkalla praktisk-munnlege faga i vidaregåande (realfag, idrett, mediefag med fleire). Orsak, men eg skjønar ikkje kva som er forskjellen på premissa for den skriftlege og den munnlege eksamen.

Dei som har ungdommar, veit alt om kor lite ordinær skole det har vore gjennom denne vinteren og våren.

Det er 10.-klassingar og VG3-elevar som skal ha munnleg eksamen. På 10. trinn tyder det at alle skal opp. For VG3 skal delar av klassen opp.

Kva dei forskjellige lærarane og skulane har fått gjennomført av undervisning og forhåpentleg læring, er uoversiktleg, ujamt og uklart. Nokre stader har det vore mykje smitte og mange i karantene, og nokre har faktisk vore sjuke av både elevar og lærarar.

Det er gitt beskjed om at munnleg eksamen skal gjennomførast med alle tre partar fysisk til stades i same rom. Av smittevern-omsyn kan ekstern sensor delta digitalt. Det har aldri vore prøvd før.

Kva dei forskjellige lærarane og skolane har fått gjennomført av undervisning, er uoversiktleg,

Når som helst kan ein av partane hamne i karantene, når som helst kan ein av partane ha symptom og må halde seg heime. Når som helst kan nettet henge eller Teams-bildet fryse.

Det er snakka om rettferd som motiv for å gjennomføre eksamen, men dette kan ikkje bli rettferdig på nokon måte.

Dersom smittevern-omsyn tilseier det, kan eksamen avlysast. Kven tar den avgjerda? Er eleven sjuk, må det skaffast legeerklæring og eksamen blir utsett til hausten. Er eksaminator eller ekstern sensor sjuke, blir den avlyst.

Dette kan ikkje bli rettferdig på nokon måte.

I dette kaoset er det sjukaste sjølve avgjerda om å gjennomføre munnleg eksamen.

Av omsyn til barnet ditt: Få munnleg eksamen avlyst.