Hopp til innhold

Slik kan vi løyse realfagkrisa

Dette er forskarane sine råd til norske skulepolitikarar for korleis vi kan oppnå betre realfagsresultat.

Pisa-test

4.700 norske elevar har blitt testa i faga matematikk, naturfag og lesing i den siste Pisa-undersøkinga.

Foto: Gorm Kallestad / Montasje

Hanne Finstad

Hanne Finstad har doktorgrad i biokjemi.

Foto: Forskerfabrikken
Hermundur Sigmundsson, professor ved Psykologisk Institutt NTNU.

Hermundur Sigmundsson er professor i biologisk psykologi ved NTNU.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK
Svein Sjøberg

Svein Sjøberg er professor emeritus i naturfagpedagogikk ved Universitetet i Oslo.

Foto: NRK

Etter dei dårlege norske realfagsresultata i Pisa er det på ny krisestemning, og politikarar og andre leiter etter løysinga.

Her er forskaranes gode råd til skulepolitikarane:

– Naturfag som vitaminpille

– Vi må ha som mål at elevane går ut av grunnskulen med nysgjerrigheit, interesse og fortsatt motivasjon til å gå vidare med desse fag. Skulens naturfag må ikkje fungere som ei vaksine mot naturfaga, men tvert i mot som ei vitaminpille som dei kan bere med seg, seier Svein Sjøberg til NRK-programmet Ekko. Sjøberg er professor emeritus i naturfagpedagogikk ved Universitetet i Oslo.

Sjøberg minner om at naturfaga er ein glimrande arena for barns naturlege nysgjerrigheit til å undersøke og spørje og grave.

Men det er under føresetnad av at vi har lærarar som sjølv ein smule entusiastiske, som er i stand til å følgje opp spørsmål og problemstillingar og er fagleg kvalifisert, seier Sjøberg.

– Mange naturfaglærarar er nok entusiastiske, men det er nok relativt få som er fagleg kvalifisert. Blant anna fordi lærarutdanninga særleg til dei lågaste trinna, rekrutterer studentar som har valt bort dette i sin eigen skulegang, og så får dei nokså lite av dette gjennom utdanninga. Vi må fokusere på lærarutdanning, men spesielt etterutdanning til lærarar, seier professoren i naturfagpedagogikk.

I tillegg peiker Sjøberg på at ein kunne gjort noko med timetalet i naturfag.

– Noreg er faktisk det landet i OECD som til saman har lågast timetal i naturfag og teknologi i grunnskulen. Det er merkeleg at dei som no er veldig opptatt av eit realfagsløft, ikkje merkar seg at vi ligg på botn når det gjeld timetal, og det kunne vi jo fiksa på, seier han.

– Vi må øve

Hermundur Sigmundsson er professor i biologisk psykologi ved NTNU. Han vil råde politikarane til å legge opp til ein skule der ein tar omsyn til korleis hjernen lærer.

– Det er viktig at vi får øvd nok på det vi skal bli god på. Øvinga er då med på å skape kontaktar mellom hjerneceller og danne nevrale nettverk som kan sitte igjen. Det er viktig med den indre motivasjonen, at ein ønsker å gå inn og jobbe mykje med det, då får ein noko som sit igjen i hjernen, seier Sigmunddson.

– Det finst ingen snarveg til læring, legg han til.

– For å få kunnskap må ein arbeide mykje. Det er greitt med leik i første fase, men der føler eg at skulen manglar litt for å komme seg vidare i læringsprosessen, seier Sigmundsson.

– Vi treng fokus og oppfølging i skulen. Det vil seie at viss vi meiner noko med matematikk og lesing må vi setje inn fokuset der. Vi må øve, og det må gis tid til det. Lærarane må få moglegheit og rom til å få lov til å følgje barna opp.

Sigmundsson tar også til orde for mattelærarar med masterkompetanse i ungdomskulen, for å gi elevane nok fagleg påfyll i matematikk.

– Meir utstyr til å gjere eksperiment

Hanne Finstad har doktorgrad i biokjemi, og driv Forskerfabrikken, som er eit fritidstilbod i naturfag for barn og unge.

– Vi må ta inn over oss at i løpet av 10 år skal elevane lære 400 år med vitskapshistorie. Det er ei stor utfordring, og ein har få timar og få ressursar til å løyse dette.

– For å få fleire ungdommar som synest det er gøy med naturfag i skulen, må ein ha meir utstyr til å gjere eksperiment, og fleire timar til å gå i djupna, seier Finstad.

Statssekretær Birgitte Jordal i Kunnskapsdepartementet svarar dette på utfordringane frå Sjøberg, Sigmundsson og Finstad:

– Regjeringa vil lytte nøye til alle faglege innspel som kjem i kjølvatnet av Pisa-resultata. Eit av dei viktigaste grepa vi kan ta er å styrke læraren, blant anna gjennom ei satsing på etter- og vidareutdanning, særleg innan realfaga. Derfor har regjeringa i sitt første budsjett valt å gjere dette til ei av sine hovudsatsingar.