Hopp til innhold

Mikromonstra omkring deg

Stift nærare bekjentskap med dei kravlande krypa som lever på deg og omkring deg. Sjå biletserie.

Mikromonster

To mikroskopiske bjørnedyr. Namnet har dei fått fordi dei beveger seg som bjørnar.

Foto: SPL / Tom Jackson / Barcroft Media / Bulls

Den britiske zoologen Tom Jackson har brukt elektronmikroskopi til å få fram utrulege detaljar hos dei små krypa som lever omkring oss og på oss.

–Bileta av mikromonstra har blitt til for å få ungar til å sjå kor spennande den mikroskopiske verda er. Eg ville vise dei ei verd dei kanskje ikkje kjenner til, seier Tom Jackson til NRK.no.

Bileta gir oss moglegheit til å bli betre kjent med ørsmå dyr som finst i omgivnadene våre til ei kvar tid, som lus, maur, edderkoppar og bjørnedyr.

Forstørra opp liknar desse små krabatane på fascinerande monster frå ein skrekkfilm.

Dekka med gull og frysetørka

Mikromonster

Ei hovudlus med egg.

Foto: SPL / Tom Jackson / Barcroft Media / Bulls

Sjølv om dei ser svært livaktige ut, er dei bitte små monstra som er portrettert langt frå levande.

Dyra har blitt dekka med gull og fryst med flytande nitrogen, før dei har blitt bombardert med elektron i eit sveipeelektronmikroskop.

Dette er nødvendige prosessar dersom ein skal ta bilete av eit objekt i elektronmikroskop.

Dersom dyret ikkje er frose vil vatnet i dyret fordampe svært raskt på grunn av vakuumet i prøvekammeret, og øydeleggje prøven.

Fargane du ser i bileta er heller ikkje heilt ekte, men har blir lagt på i ettertid.

Mangedobla oppløysing

Mikromonster

Ein ørliten edderkopp ser ganske skremmande ut i høg oppløysing.

Foto: SPL / Tom Jackson / Barcroft Media / Bulls

Bølgjelengde for elektron er om lag ein hundretusendel av bølgjelengda for synleg lys.

Det er dette som gjer at oppløysinga for eit elektronmikroskop er mange gongar betre enn for eit lysmikroskop.

Di kortare bølgjelengde som blir nytta, di høgare oppløysing får du i biletet.

Regelen er at oppløysinga for ei mikroskopisk avbilding er om lag halvparten av bølgjelengda som blir nytta.

Bendelormen favoritt

portrett av ein bendelorm

Portrett av ein bendelorm.

Foto: SPL / Tom Jackson / Barcroft Media / ©BULLS

Fotografen har sine personlege favorittar blant portretta av dei små monstra.

–Eg liker bileta som gir intrikate detaljar, og portretta av bendelormane. Dei er verkeleg spektakulære, seier Tom Jackson.

Les også: Dyrerikets største ballar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.