Hopp til innhold

Dyrerikets største ballar

Ein grashoppeart skal ha rekorden i største testiklar i høve til kroppsvekta si. - Den er ein lettvektar i forhold til kråkebollen og bendelormen, seier norsk biolog.

Bendelorm, kråkebolle og gresshoppe.

Grashoppearten Platycleis affinis har testiklar som utgjer 13,8% av kroppsvekta. Likevel er både kråkebollen og bendelormen betre utstyrt.

Foto: Scanpix/Montasje

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Grashoppe med største testiklar hos landlevande dyr

Grashoppearten Platycleis affinis har imponerande store testiklar i forhold til kroppsvekta si.

Foto: - / Afp

Engelske forskarar ved University of Derby fekk seg nyleg ei overrasking då dei opna buken på ei grashoppe av arten Platycleis affinis, og fann at insektet hadde enorme bjeller som utgjorde 13,8% av kroppsmassen.

Dersom mennesket hadde like store testiklar i høve til kroppsmassen, ville ein mann på 80 kilo ha ballar som vog 11 kilo.

Imponerer ikkje

Likevel blir ikkje zoolog Petter Bøckman ved Universitetet i Oslo veldig imponert over dette.

–Dette må vere rekorden blant landlevande dyr, seier Bøckman til NRK.no. I forhold til marine dyr er ikkje dette kjempestort.

Petter Bøckmann

Biologen Petter Bøckman meiner fleire dyr er betre utstyrt enn grashoppearten Platycleis affinis.

Foto: Ekroll, Anne Liv

Bøckmann nemner på løpande band:

–Ta kråkebollen for eksempel. Dersom du tar bort skalet og piggane og eit tynt cellelag på innsida av skalet, er praktisk talt alt som er igjen ein stor testikkel.

Blåskjel, korallar og fastsitjande dyr på sjøbotnen som sjøpung har alle solide greier å rutte med, seier Bøckman.

Slike dyr er avhengige av å sende ut mengder av sperm for å spre genene sine i enorme havmasser.

Bendelorm best utstyrt

Likevel er det nok parasittiske ormar, som til dømes bendelorm, som vil vere aller best utstyrt i dyreriket, meiner Bøckman.

Sidan bendelormen lever i tarmen til andre dyr treng dyret ikkje sjølv bruke plass på eit fordøyelsessystem, og kan dermed prioritere kjønnsorganet.

Hos den tvekjønna bendelormen består kvart ledd i den opptil 10 meter lange kroppen av testiklar og ovarier (eggstokkar).

–Ein bendelorm er i praksis berre bjeller og ovariar seier Bøckman.

Blåkvalen har rekorden

Storleiken på testiklane hos eit dyr, fortel mykje om korleis dyret forplanter seg.

Hos artar der kvar hoe parar seg med mange hannar er det om å gjere for hannen å produsere så mykje sperm som mogleg for å bringe genene sine vidare. Dette kallast spermiekonkurranse.

Slike dyr treng nødvendigvis store testiklar.

For orden skuld er det rettkvalen som har rekorden over verdas største ballar uavhengig av storleik på dyret.

Kvar av testiklane til rettkvalen kan vege opp mot 500 kilo i følgje wikipedia.org.