Lufta er grå av støv, og muskuløse dyrekroppar dundrar forbi i sanden på ridebanen.
Blikket hennar flakkar mellom eigne nervøse hender og store hestar. Hestane som vart klippa hennar.
– Den er berre god på ein måte. Når du er lei og føler at ingen er glad i deg, så blir hesten likevel alltid glad for å sjå deg liksom. Ho smiler forsiktig. Ser ned att.
- LES OGSÅ: Mange unge slit psykisk
Fokus på meistring
Me er på "inn på tunet" – garden til Linda Rognø på Sande. "Inn på tunet" er eit tilbod for folk både med og utan spesielle behov, og er støtta av landbruksdepartementet.
På garden tek Rognø imot alt frå folk med traume, demens, eteforstyrringar og rusproblematikk, til "vanlege" dyrevener. Ho kallar alle for "gjestene sine", og nektar å kalla nokon for pasientar.
LES OGSÅ: Vil ha fleire "inn på tunet" gardar
– Her fungerer alle på lik linje, og fokuset er på ressursar og meistring, ikkje problem, understrekar ho, medan ho held eit vakent auge med flokken av ungar, hestar, hundar og ei og anna forfjamsa høne på det travle tunet.
Mykje å spara for samfunnet
– Når eg ser at det arbeidet du gjer to timer i veka kan gjera så mykje for eit menneske at dei kjem seg ut i skule, ut i arbeid og ut i eit levande liv. Det å våge å møta andre menneske, våge å møta samfunnet, og blir så friske at dei ikkje treng å vera innlagde lenger - det er så stort for meg at det gjev energi til å gjera dette igjen og igjen, slår Rognø fast.
Ho ynskjer seg breiare anerkjenning av hesten som ein ressurs i helse-Norge, og får stønad av generalsekretær i organisasjonen Hest og Helse, Kjell Myhre.
– Når folk kjem ut på skeiva så rammar det ikkje berre enkeltpersonen, men også familie og kan hende også lokalsamfunn.
– Om me kan bidra til å redusera andelen som fell utanfor, så meiner eg det har ein stor samfunnsnyttig verdi. Ein treng ikkje vera rakettforskar for å sjå at dess fleire me klarer å halde i skule og arbeid, dess meir vil det offentlege Norge spara, seier Myhre.
Målet til Hest og Helse er å få offentleg godkjenning for hesteassistert psykoterapi.
Tillegg, ikkje erstatning
Myhre ynskjer at tilbodet skal vera lettare tilgjengeleg for alle pasientgrupper, og ynskjer seg også meir forsking på konkret effekt av behandlinga.
Han er overtydd om at hesteterapi kan vera effektivt og verdifullt som eit tillegg til tradisjonell behandling.
Rognø er eining. Ho meiner mykje godt arbeid vert gjort i helse-Norge, men at noko likevel manglar for mange. Dette holet trur ho kontakten med dyra kan vera med på å fylla, og er overtydd om at eit slikt tilbod kan redusera bruk av medisinar, samt korte ned innleggingstid på institusjonar.
- LES OGSÅ: Fleire unge bruker antidepressiva
– Me ynskjer på ingen måte å avskaffa psykiatri eller klinikkbehandling, men heller å vera eit tillegg og eit bidrag som gjev eit levande liv, forklarer ho.
Ein grunn til å leva
Og nettopp dette var det den unge jenta fann då ho trong det som mest. Ei gneist, ei kjensle av meistring, og nokon å snakke med som berre svarte med ein varm mule.
Ho har no hatt stallen som fristaden sin i fleire år, bur for seg sjølve, og underviser ungar i riding – i tillegg til å ri sjølv.
Livet går framleis opp og ned, men ho meiner dei fine firbeinte er ein viktig grunn til at ho er der ho er i dag.
Måten ho snakkar på er blyg og beskjeden. Unntatt når ho beskriv kva hestane betyr for henne. Haldninga vert litt rakare, augo litt vaknare.
– Kva føler du når du sit på hesten?
– Det er frigjerande. Det kjenst som om du flyr. Det er eit kick i livet, og litt ekstremt. Og det får meg til å føle at det er verdt å leva.