Sunnfjord-bygdene

SUNNFJORD: Når ein legg gamle bilete over nye bilete, kan ein med sjølvsyn sjå utviklinga til sunnfjordbygdene. Vi har bilete frå Fjaler, Jølster, Askvoll, Flora, Førde, Bremanger og Naustdal.

Sjekk dei endringane i Sunnfjordbygdene

Eit bilete kan seie tusen ord, heiter det. Men kor mange tusen ord desse luftbileta frå Sunnfjord seier, er truleg ikkje mogleg å telje.

Ved hjelp av lokalhistorikarar og historielag ynskjer vi å presentere bilete som viser utviklinga for ei lang rekkje kommunesenter og vekststader frå det vakre fylket vårt.

Bileta har vi fått frå Kartverket, som i desse dagar held på med eit prosjekt som skal offentleggjere gamle bilete frå heile Norge. Vi har ikkje fått dekka alle kommunar, rett og slett fordi bileta ikkje er klare.

I Sunnfjord har vi fått bilete frå Svelgen, Askvoll, Skei, Vassenden, Florø, Førde, Sunde i Førde, Naustdal og Dale.

Diverre har vi ikkje lukkast å få hjelp til å forklare alle bileta, men vi oppdaterer artiklane om dette skulle endre seg. I tillegg har vi funne informasjon hos Statistisk sentralbyrå og Allkunne.

Bileta har vi lagt oppå kvarandre slik at du kan bla deg «fram og tilbake i tid».

Jølster kommune

Det var registrert 2.664 innbyggjarar i Jølster i 1957. I 2015 budde det 3.026 innbyggjarar i kommunen. Grensene har vore så godt som uendra heile tida, men då Breim kommune gjekk til Gloppen under kommunereguleringa i 1965, gjekk bygda Førde til Jølster.

Frå 2020 er kommunen del av storkommunen med Førde, Naustdal og Gaular.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Hallstein Dvergsdal

Skei Hotel taper på nedlegginga av Englandsbåten.

HOTEL: Skei hotell har i mange år vore sentralt på Skei.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I 1957 var det lite av sentrumsfunksjonar å sjå i det framtidige kommunesenteret, og den vesle tettstaden var dominert av hotellet som stod ferdig i 1889, av butikken til Sigurd Klakegg Landhandel og av samyrkelaget. På Skei var det også bakeri og skreddar, og jordmora var stasjonert der.

Skulen låg midt i sentrum og er i dag ein del av Audhild Vikens Vevstove. Ny barneskule stod ferdig i 1960 og ungdomsskulen kom i 1972. Den var i nokre år ungdomsskule for heile kommunen før ungdomsskulen på Vassenden kom på plass.

Utviklinga på Skei har sidan 1957 og til i dag vore prega av at kommunale kontor og banken vart flytta frå Årdalen til Skei og at det såleis vart etablert eit kommunesenter.

Lensmannskontoret kom også etter kvart til Skei. Vegen til Fjærland og Sogndal, gjorde Skei til eit trafikknutepunkt. Nye verksemder har også etablert seg, og både Felleskjøpet, Audhild Viken, Jølster Bil, Alf Helgheim og no sist PostNord, er etableringar som syner att.

Hotellet har også blitt kraftig utvida og fleire byggefelt har vore etablerte sidan det første på 70-talet. I dag er både postkontor og bank vekke, på same måten som på Vassenden.

Omsorgssenteret på Skei vore gjennom ei stor utbygging og har no sjukeheimsfunksjon for heile kommunen.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Hallstein Dvergsdal

I 1957 var denne enden av Jølstravatnet dominert av hotellet frå 1890. Nedanfor hotellet låg «Blåbutikken» som var i full drift. Der var det også bensinstasjon, og lenger nede langs vegen var samyrkelaget, bakeriet og meieriet.

Det siste vart tema for mykje strid, etter at meieriet på Ålhus vart bygd. Meieriet på Vassenden heldt det gåande til 1976 då det gjekk inn i Sunnfjord meieri og vart lagt ned.

Dermed var det ikkje lenger konkurrerande mjølkeruter å sjå langs vegane i bygda. I kjellaren på meieriet var det ei tid også fiskekakeproduksjon i regi av John N. Svidal.

Ein annan viktig institusjon på Vassenden, var Heimyrkjeskulen, skipa i 1945, men som først fekk eige bygg på Vassenden i 1955 og vart nedlagd våren 2014.

Bøafeltet på Vassenden

BØAFELTET: Nærleiken til Førde har vore ei medverkande årsak til at byggefelt som Bøafeltet har vakse opp siste åra.

Foto: Kartverket

Elles er utviklinga på Vassenden prega av utbygging av Heimyrkjeskulen og at også denne enden av bygda fekk ungdomsskule.

Det har også vore etablert fleire byggefelt i området etter at Bøafeltet som det første var på plass på byrjinga av 70-talet.

I nyare tid er det etableringa av skisenteret i Bjørkelia og golfanlegget som har prega Vassenden, i tillegg til store utbyggingar på Jølstraholmen, bygginga av den flotte kyrkja som stod ferdig i 2001 og omsorgssenteret som no har vore gjennom ei stor ombygging.

Bremanger kommune

I 1968 budde det 5.676 innbyggjarar i Bremanger kommune. I 2015 var folketalet 3.890 innbyggjarar.

Også kommunegrensene i Bremanger har endra seg over tid. Ved kommunereguleringa i 1964 vart gamle Davik kommune oppløyst og fordelt på Vågsøy, Eid og Bremanger kommunar. Sistnemnde fekk alle bygdene på sørsida av Nordfjorden.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Lars Olav Rylandsholm

I 1968 var Svelgen komme inn i ein ny fase. Frå ein einsidig isolert industristad var det no blitt kommunesenter i ein utvida kommune. Christiania Spigerverk hadde overteke eit nedslite Bremanger Smelteverk i 1954 og bygd ut produksjonen med ny kraftstasjon, ny råjarnsomn og to ferrosilisiumsomnar, nytt kaianlegg og råstoffanlegg.

Alt dette førte til tilflytting av verksarbeidarar, kommunebyråkratar og andre som var naudsynt i eit større og samansett samfunn.

Kommunikasjonane var i ferd med å betre seg. Veg mot sør var ferdig til Haukå i 66. I 68 ser vi at vegen mot nord til Isane var under arbeid. Den stod ferdig i 71–72.

Nærare gjennomgang frå vest mot aust og til slutt nord:

Langeneset: Vegen til Kjelkenes og Haukå var bygd over neset og villavegar var bygt i tilknyting til den. Indre neset var stort sett ferdig utbygd og ytre del var under utbygging.

I Breivika var det bygt nokre få nye hus og langs sjøen var det komme ein ny veg, Strandvegen, og i tilknyting til den, ei trelast og byggevarebedrift som då hadde umetteleg etterspørsel, og fleire naustrekker utover neset, der ein i 1917–18 hadde planlagt og sprengt ut til eit sinksmelteverk.

Risegardane var stort sett urørt, bortsett frå at den nye skulen hadde teke resten av innmarka til øyrabruket. På Naustneset var rekkehus for kommunen kome opp, samt det nye Svelgen kapell. Frå før var andre delar av bruket blitt byggegrunn frå 1917 og utover, og den grunne sjøsida vart fyllplass for slagg, morenematerial og bergmasse.

I sentrum var fotballbane lagt på fyllmassar, nye bygg var samfunnshuset, hotellet og ny coop-butikk. Eit byggjefelt på Brakkehaugen og Kvelva var bygt ut.

Elles var sentrum ganske uferdig. Innanfor Riseelva var det meste nedanfor vegen lagerplass for verket. Ein molo av skotmassar frå kraftstasjon Svelgen 2 vart nytta som ein improvisert båthamn, saman med enkel fortøying ved utfyllinga nedanfor fotballbana.

Bremanger Smelteverkavdelding. av C. S. vart kort tid etter, saman med resten av konsernet, del av Elkem. Mykje av verksområdet er jernlager, men eit nytt produkt; silgrain, ein kjemisk prosess for raffinering av silisium til superreint er under utvikling.

På Ivarplassen, Sande, er det bygt ut bustadfelt. Frå først av måtte bebuarane her gå og køyre over verksområdet, men dette vart fort dømt for farleg og i 68 var ein tunnel i fjellet bak verket teken i bruk.

Går vi til biletet frå 2015, vart Ytre Langeneset ferdig like etter 1968, men noko tilsetting har vore. Generelt er mykje av byggearealet brukt opp, men dei betra kommunikasjonane har ført til mykje meir pendling.

Sjøsida av Breivika er blitt eit industriområde, der mykje er utfylt. Der er oppretta fiskeoppdrett med div. Smoltproduksjon, kveite og torskeyngel er prøvd, men etter ymse eigarskifte er det vel no berggylte (leppefisk), yngel og smolt som er planane. Oppvarma kjølevatn i fjernvarmeanlegg frå smelteomnane har vore ein viktig etableringsfaktor.

Eit entreprenørselskap har laga ein firmastasjon. Ei permanent båthamn er lagt, til liks med den provisoriske ved verket og vart tilrettelagt.

På Risemyrane er etablert eit nytt industriområde med ei rekkje firma. Opp mot fjellet er ein eigen gravplass.

Naustneset er fortetta med ei rekke bustadhus og nesten alle spor av dei to småbruka der er borte.

Den gamle alders- og sjukeheimen frå midten av 70-talet er alt forelda, og ein ny er under bygging og teken i bruk i 16, nedanfor fotballbana. Den har elles fått eigne garderobar, kunstgrasdekke og blir saman med ei rekkje større bygg varma opp med kjølvatn frå verket.

I sentrum er elles rådhus, helsesenter, bankbygg, buss-stasjon kome til. Den siste var og opphavleg skipsekspedisjon, men godsbåtrutene tok slutt på 80-talet. I sentrumsbygga vart det frå fyrstav ein del butikkar, og det var store planar om fleire forretningsbygg, men butikkane gav stort sett opp utover 2000-talet, det er så lett å handle andre stader og på nett. Eit handelssentrum vart det aldri.

Verket er mykje forandra. Etter ei tid i Orkla-konsernet vart det del av det kinesiske konsernet Blue Star. Dei kinesiske eigarane viser vilje til å bygge ut og utvikle produksjonen.

Då Elkem overtok, vart den store omn 5 bygt for silisium og vidare foredling på eit utvida silgrain-anlegg. Røykproblema vart drastisk forverra og reinseanlegg vart sett i drift i 76-77, først for omn 5, sidan utvida til dei andre omnane. Etter kvart vart støvet eit salbart og lønsamt produkt.

Jernproduksjonen vart nedlagt i 1983 og dermed vart ein stor ureinar for både luft og sjø borte. Det vart også ein god del arbeidsplassar.

Silgrain var og ein stor ureinar for sjøen, og på 70-80 – talet var fjorden ein av dei mest ureina i landet. På slutten av 90-talet vart dette reinsa og det meste av avfallet vart selt.

Kaianlegget og råstoffavdelinga er utvida for den større produksjonen, men ferdiglagera er små. Det meste vert produsert for direkte levering og går ut i container. Fulle og tomme containerar dominerer uteområda. Fesi vert produsert til høgkostprodukt på superseed-knuseriet rett nord for kaia. Yttarst på verksområdet mot Sandsneset ligg mølla, som lagar spesialprodukt av silgrain, eit mogleg utviklingsområde.

På Sande er det bygd vidare utover, stort sett på 70- og 80-talet. Vegen til Dyrstad vart ferdig i 1987, same året som Norddalsfjordsbrua gjorde oss heilt «landfaste». På Dyrstad kom seinare det nederlandske Bremanger Quarry, eit steinbrot for sandstein, eit av landets største.

Vegen til Botnane og Årebrot, Skatestraumstunellen og Bortnetunellen har betra kommunikasjon i nærområdet vesentleg.

50 år etter siste kommunereform og med Svelgen som senter, har kommunen teke til å fungere som eining, og no lurer ei ny reform i horisonten. Erfaringane frå den siste er at det kan ta lang tid til ei ny «robust» eining verkar.

Fjaler kommune

I 1962 var det registrert 3.781 innbyggjarar i Fjaler kommune. I 2015 var det 2.823 innbyggjarar.

Den store kommunereguleringa langs Dalsfjorden kom først i 1990, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden.

Då mista Fjaler bygder til Askvoll og til Gaular. nordsidebygdene Helle, Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal. I staden fekk dei sørsidebygdene Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad som fram til då høyrde til Askvoll.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Knut Bakkebø

Vi startar vår vesle rundreise der riksveg 57 kjem inn austfrå. I strandkanten finn vi tønnefabrikkane, som på 60-talet var midt i glansdagane. Kring 40 tilsette arbeidde ved desse to fabrikkane, som i tillegg til Norge eksporterte til Island og Canada. Fabrikkane vart lagde ned på 90-talet og er i dag erstatta med byggevarebutikk og leilegheiter.

Litt lenger vest finn ein Jarl Skofabrikk, som ein kort periode var landets største. Den ekspanderte på 50-talet. På biletet frå 1962 er eine produksjonshallen nett ferdig, medan ein annan er under oppføring.

På det meste hadde fabrikken 220 tilsette. Fabrikken vart etter kvart seld til kommune, som igjen selde til Enoro. Dei har i dag kring 100 tilsette.

Andreas Dale dreiv Dale sin største butikk på 60-talet. Denne var plassert ved kaien, der det på den tida var mykje utbygging. I dag er det pub og leilegheiter i lokala.

Ved elveosen var det omstridde planar om eit hotell. Tomta vart klargjort, men noko hotell kom aldri. I staden finn ein Transplant der i dag.

Firda Billag i Dale

NYETABLERT: Firda Billag, meieriet og samvirkelaget sine nybygg.

Foto: Kartverket

På det gamle biletet har Firda Billag, samvirkelaget og meieriet nett etablert seg. I dag er det berre Firda Billag sitt venterom og kontor att.

I gamledagar var sentrum lokalisert like ved meieriet, der butikkane låg tett i tett. Nokre av dei gamle husa er framleis bevarte i dag. Sentrum har sidan flytta seg mot sjøkanten.

Dersom planane om å leggje vegen ned mot elva, kunne sentrum like gjerne hamna der.

Langs riksveg 57 har det opp gjennom tida kome nye bustadar og nye vegar. Den vidaregåande skulen er etablert der, det same har også idrettsplassen og idrettshallen.

Følgjer ein brua over til Bjerga, finn ein området med størst bustadbygging sidan 60-talet.

Her starta det allereie på 20-30-talet med arbeidarhus for tilsette, hovudsakleg frå Bergen, ved skofabrikken. Framleis er nye bustadfelt under etablering.

Området til omsorgsbustadane i Dale

OMSORG: Mellom tønnefabrikken og riksveg 57 er det ikkje lenger dyrka mark i dag.

Foto: Kartverket

Ved augesyn ser ikkje utviklinga desse åra ut til å ha kravd så mykje jordbruksareal som ein kanskje skulle tru. Den største beslaget på dyrka mark er det nok sjukeheimen, ved innfarten til Dale, som etter bygging er utvida i fleire omgangar.

På 1960-talet var industrien i Fjaler spreidd utover kommunen, med teglverka i Vårdal og Helle, Åsnes skifabrikk og Helle knivfabrikk som dei største arbeidsplassane utanfor kommunesenteret. På sjøbuene i kommunen jobba i tillegg kring 100 personar som tønnemakerar.

I dag er kommunen den desidert største arbeidsplassen i Fjaler. Mange bur i Dale, men har arbeidsplassen utanfor kommunen.

Askvoll kommune

Dei første folketala for Askvoll kommune er frå 1951. Ifølgje Statistisk sentralbyrå budde det då 3.293 innbyggjarar. I 2014 budde det 3.011 personar i kommunen.

Ved kommunereguleringa i 1964 tok Askvoll over fleire bygder frå nedlagde Bru og Vevring kommunar.

Ved ny regulering i 1990 fekk dei også bygdene Vårdal, holmedal, Rivedal og Fossedal frå Fjaler.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Gaute Losnegård

Askvoll var ikkje så stor tettstad rett etter krigen. Då budde her knapt 300 menneske. Lengst til venstre ligg bygda sin første gamleheim på Røyset, bygd i 1938. Han vart seinare rådhus, men er no selt til private.

Vegen går ned Dalsørbakken til Nyborg, med Gamlekaia, som var midtpunktet i sentrum fram til 1960-åra. Her kom rutebåtane og her var ekspedisjonsbygg med kafé, butikkar og hermetikkfabrikk.

Vegen går vidare innover mot aust, her låg mellom anna Sølvberg sin butikk på nedsida og apoteket og Heradsheimen på oppsida.

Kråkeholmen som stikk ut mot søraust låg på denne tida framleis som jomfrueleg land, her har det skjedd svære forandringar sidan.

Første kaien her vart bygt i 1956 etter den såkalla ”Kaistriden” som splitta bygda og skapte stor brudulje. Sentrum vart sidan litt etter kvart flytta mot aust med den nye kaia som nytt midtpunkt.

Også lengre mot aust har det skjedd store endringar sidan 1947. På det gamle biletet ser vi kyrkja, prestegarden og Øyra før Kleivasvingen. Her har det kome mange nybygg, både privathus og offentlege bygg, dessutan småbåthamn og idrettsbane.

Lengst aust, på Ask, var det berre gardar og jordbruksland i 1947. Første delen av ”Framhald” – det som då var realskule, stod ferdig i 1961. Seinare har det kome mange påbyggingar og dessutan Askvollhallen i 1999.

På Askhaugen ovanfor mot nordvest er det bygt mange bustadhus. Frå Ask vart det i 1987 bygt vegsamband over til Olsetvikane sør for Askvika, der kommunen la til rette med industriområde.

Flora kommune

Flora eksisterte ikkje som eigen kommune før Eikefjord, Bru, Kinn og Florø by vart slått saman til Flora.

Dei første samanliknbare folketala er dermed 1964, der kommunen husa 7.715 innbyggjarar. Det budde 11.862 innbyggjarar i kommunen i 2015.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Gaute Losnegård

Folketalet i Florø har auka mykje sidan det eldste bildet vart teke i 1947. Innanfor dei gamle bygrensene til Florø by budde det rett etter krigen knapt 1600 menneske. På Florelandet elles, og i Brandsøya, budde det ca. 1000.

I dag ligg folketalet kring 10 000 innanfor tettstaden Florø.

Vi tek til i vest, med Havreneset og Gunhildvågen. Her fanst i 1947 berre gardar og spreidd busetnad. Den første store omkalfatringa kom i 1953, då sildoljefabrikken i Gunhildvågen (nede til venstre) stod ferdig. Sidan har området vest for det gamle bysenteret blitt bygt ut med bustader og næring, slik at mest berre Storåsen og Likkjeåsen i dag ligg att som ubygde område.

Nedst på det nye bildet ser vi Florø lufthamn, som opna i 1971. Men allereie i 1956 byrja ein å byggje ei rullebane nord for Gunhildvågen. Denne er seinare blitt ein del av Industrivegen.

På bildet frå 1947 ser vi at det tettbygde senteret i Florø ikkje strekte seg lenger enn vest til moloen, aust til Hesteneset og sør til Storevatnet. Lenger sør og aust var det spreidde gardar og upløgd mark. Vestenden av Hesteneset blei bygt ut til industri frå 1949, då Ankerløkken etablerte seg her med det som skulle bli byen si hjørnesteinsbedrift gjennom fleire tiår. I dag er det Westcon som eig og driv verftet.

Aust for den gamle bykjernen har det vakse fram stadig fleire bustadfelt, først på Ragnarrud aust for Gaddevågen, seinare innover Solheimsstranda i sør og opp i høgda på Torvmyrane.

Lengst mot nordvest ligg Fjord Base, som opna i 1985 og seinare har blitt utvida steg for steg. Innfartsvegen til Florø vart lagt om i 1991 slik at han går ved basen på nordsida av Brandsøyåsen, mot tidlegare på sørsida.

Førde kommune

I 1965 budde det 4.051 innbyggjarar i kommunen. Folketalet har meir enn tredobla seg fram til i dag. I 2015 budde det 12.801 personen innanfor kommunegrensene.

Kommunegrensene har endra seg også i Førde. I 1896 vart Naustdal utskild som eigen kommune etter eit folkekrav, men nokre av bygdene vart førte tilbake i samband med kommunereguleringa i 1965. Då vart også Fauske, Heilevang og Solheimsdalen på sørsida av Førdefjorden lagt under Førde.

Frå 2020 er kommunen del av storkommunen med Naustdal, Jølster og Gaular.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Erik Solheim

Biletet frå 1965 viser noko av den tidlege moderniseringa i sentrum. Firda Billag og slakteriet har etablert seg i Storehagen og husmorskulen på Prestebøen. Langebrua i betong kom i 1959 i staden for den tidlegare i fagverk av stål. Det store bustadområdet er framleis hagebyen sør for kyrkja.

På 1970-talet kom ei rekkje nye etableringar av butikkar og andre mindre verksemder i sentrumsområdet. Konfeksjonsverksemda H. Schiøtt kom opp i 120 tilsette. Det statlege SIVA (Statens industriveksanlegg) hadde overteke eit stort areal på Øyrane og utbygginga der kom i gang. Dei første bustadblokkenen på Haugum stod ferdige.

Ankerløkken skipsverft var den store eininga. Førdehuset opna i 1976, og Sunnfjord hotell utvida stort same året. I 1979 opna sentralsjukehuset og Vieåsen vart eit stort bustadområde. Dei store utvidingane var i gang lengst vest og lengst aust i det som etter kvart vart ein meir samanhengande tettstad.

I 1984 opna nytt slakteri på Reset og utbygginga av einebustader i Slåttebakkane kom i gang. Det gamle sentrum var stadig under omskifte og nye verksemder kom til på Øyrane og Halbrendsøyra. I 1987 vart brua i Storehagen og Handelshuset (i det tidlegare slaktehuset) opna. Førde vart ein kjøpesenterstad. Bustadfelta vaks, i 1986 kom Grovene, i 1994 Bergstad og Slåttereina.

I 2002 kom ny veg over Jølstra, Kronbord-Vie, og like etter eit nytt butikksentrum ved denne vegen. Flatene sør for E 39 var utnytta tidlegare. Bustadfelta vaks, på Vie og Falkestein. Tilveksten av bustadblokker i sentrum kom i gang. I 2015 opna Hafstadparken idrettsområde, den siste store utbygginga på flatene.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Arne Aasland

Bilde 1957 (oppover er vest): Vi ser ei jordbruksgrend der folk bur på gardar og småplassar. I tillegg finst 5-6 reine bustadhus i området nær riksvegen. Betongbrua over sundet var på plass i 1956. Restar av gamlebrua (frå 1838) skimtar vi rett nedanfor. Vegen frå denne på nordsida, Postvegen, går opp i tuna på Farsund.

Vidare austover er den mindre synleg. Ved brufestet på sørsida ligg Sunde handelslag og lagerbygg mot vatnet. Over vegen er tunet på Brustad, med gamle Sunde skule rett ovanfor. Skulen hadde to rom. Kjørevegen forbi skulen går opp i det austre Sunde-tunet med sine gamle hus.

Det vestre Sunde-tunet har tilkomst frå Sundsdalsvegen (mot sør). Langs den ligg eit par små tun og knapt eit bustadhus elles. Lokale løysingar for vatn og kloakk.

Bilde 2015 (oppover er vest): Området framstår no som ein drabantby til Førde. Berre på Kussli-bruka og det austre tunet på Sunde er det enno gardsdrift, til dels med nye driftsbygningar. Handelslaghuset har måtta vike for gang- og sykkelvegen til Førde (frå ca. 2000) med eiga bru over sundet frå 2010.

Samyrkelaget frå ca. 1970, på innsida av vegen med flatt tak, er nedlagt. Skulen ovanfor er blitt stor for å dekkje tre gamle skulekrinsar og auka folketal, men er enno for liten. Der er barnehage og fotballbane.

Langs riksvegen og Sundsdalsvegen ligg ei stripe med bustadhus frå 1960-80-åra. Det store bustadfeltet på Farsund blei utbygd frå 2003 og nærmar seg 180 bueiningar. Vest for skulen kom eit mindre felt med hus på 2000-talet.

Siste tilveksten er byggjefeltet i lia vest for det vestre Sunde-tunet, med einebustader og rekkjehus. Nesten heile området på bildet har kommunalt vatn og kloakk, og fiberkabel for data.

Naustdal kommune

Dei første innbyggjartala for Naustdal kommune er frå 1951. Då budde det 2.163 innbyggjarar i kommunen. Folketalet i 2015 var 2.777.

Naustdal kommune er opphavleg ein del av Førde prestegjeld, men vart 1. januar 1896 lausriven frå Førde kommune. Under kommunereguleringa i 1964 vart gamle Vevring kommune delt mellom Naustdal og Førde kommunar.

Frå 2020 er kommunen igjen del av Førde kommune, då som ein del av storkommune med Jølster og Gaular.

I framtida

Laster innhold, vennligst vent..