Hjalmar Lothe

GLØYMER DET ALDRI: Påska 1967 har sett varige spor i Hjalmar Lothe.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Påska 1967 har brent seg fast i minnet

BYGSTAD (NRK): Hjalmar Lothe (69) gjekk over Hardangervidda påska 1967. Det året omkom 17 menneske i påskefjellet.

Hjalmar fylte 20 år våren 1967. Han arbeidde som studentlærar på realskulen i heimbyen Florø. Det same gjorde Ådne Bratthammer frå Grindafjord i Rogaland. Hausten 1966 fann dei ut at dei skulle krysse Hardangervidda på ski i påskeferien.

Det vart bokstaveleg tala eit minne for livet. For i løpet av påskeveka omkom 17 menneske i fjellet, dei fleste av dei folk på deira eigen alder.

– Denne turen har brent seg fast i meg. Eg har tenkt på turen tallause gonger og gjenopplevd korleis det var. Eg meiner at når så mange som 17 omkom, så burde det ha vore ei minnemarkering.

For påska 1967 står att som den verste ulukkespåska i historia. Det var etter den påska vi fekk fjellvettreglane , og nordmenn flest har lært at dei må ha stor respekt for fjellet.

Døde i påskefjellet 1967 blir frakta ned

EIN TRAGEDIE: Her blir fire omkomne, alle unge menneske, frakta ned frå fjellet i Jotunheimen.

Foto: Henrik Laurvik / NTB Scanpix

– Betre rusta enn dei fleste

Men Hjalmar og Ådne var langt betre førebudde enn dei fleste som søkte opp i fjellet den påska. Dei hadde trent målmedvite sidan hausten før, og dei hadde gode kle og skikkeleg utstyr.

– Hausten og vinteren trena vi mykje for å kome i god nok form, og vi planla kva utstyr vi måtte ha med oss. Eg trur nok at vi var langt betre rusta for ein slik tur enn dei fleste andre som la ut på fjelltur det året.

Dei starta turen på Nystova på Filefjellet den 19. mars og gjekk til Bjøberg øvst i Hemsedal første dagen i klarvêr. På siste delen av etappen tok det til å blåse, og då fekk Hjalmar kjenne at ullvottar ikkje heldt vinden ute.

– Eg fekk etter kort tid naglesprett, men i sekken hadde eg eit par overtrekksvantar, og eg har seinare sendt mange varme tankar til tante Nora som sydde dei til meg til jul. Med dei på fekk eg straks varmen att i hendene.

Møtte ein som omkom

Dagen etter gjekk turen vidare mot Bjordalsbu, som ligg på over 1600 meters høgde.

– På vegen opp merka vi at vinden auka, og det var sterkt fokkvind, og det vart ordentleg dårleg vêr. På turen opp lia trefte vi ein kar som rasta. Det er tragisk, men han fylgde ikkje oss, han skulle vente på nokon.

For det viste seg at denne karen ikkje kom seg til Bjordalsbu. Vinden auka etter kvart til orkans styrke, og mannen vart seinare funnen omkomen.

Auga til Hjalmar blir blanke når han fortel dette. Sjølv om det er 50 år sidan, kjem kjenslene.

Aftenposten 28.3. 1967

TRAGISKE OPPSLAG: Framsida til Aftenposten andre påskedag, den 28. mars 1967.

Tre døgn med bardunsang og lite søvn

Sjølve greidde Ådne og Hjalmar å ta seg fram til Bjordalsbu, der det den gongen var 15 sengeplassar. Etter kvart vart det 30 menneske inne i den vesle hytta, alle med våte kle, og alle var slitne. Men søvn vart det lite av.

– Hytta var bardunert, og det song slik i bardunane at det vart ikkje mykje søvn å få.

Ådne Bratthammer

– SKIKKELEG DÅRLEG VÊR: Ådne Bratthammar hugsar godt turen i 1967.

Foto: privat

Og slik måtte dei ha det i tre døgn, for ute rasa uvêret. Andre dagen prøvde dei å gå vidare, men det var så tjukt og vanskeleg å sjå at dei skjønte fort at dei ikkje kunne greie det.

– Då møtte vi tre jenter som var på veg til Bjordalsbu. Dei var ganske forkomne, så vi tok ryggsekkane deira og gjekk tilbake med dei til Bjordalsbu. Så det gjekk bra med dei.

Ådne Bratthammer hugsar at dei kunne høyre radio på nokre av hyttene dei overnatta på. Det dei høyrde der var temmeleg nedslåande.

– Meldingane var triste, mest berre om sakna og omkomne påsketuristar. På ei hytte, eg hugsar ikkje kva, sat vi i åttetida om kvelden og høyrde på slike meldingar. Ute blès det sterkt, og brått gjekk døra opp. Det kom inn to utmatta personar som fortalde dei hadde vore i gang med å grave seg ned. Då kom det ei glipe i snøstormen, og dei såg hytta berre ei titals meter unna.

Turen over Hardangervidda

Ville på dans på hotellet

Då vêret letta den fjerde dagen gjekk Ådne og Hjalmar vidare til Iungsdalshytta, ein lett etappe med mykje unnakøyring. Påskeaftan, den 25. mars, starta dei frå Iungsdalshytta, og då var målet å gå heilt til Finse.

– Vi var unge gutar, og vi hadde sett oss føre at vi skulle på dans på hotellet om kvelden sidan det var påskeaftan.

Men turen var fire mil lang, og for Hjalmar vart det med planane om ein svingom.

– Eg hugsar at eg åt middag og drakk ei halv flaske pils, og då var eg klar for senga. Eg hugsar så vidt at eg la hovudet på puta, og så var eg borte vekk. Så dans vart det ikkje den kvelden.

Bjordalsbu

GAV LY I TRE DØGN: Bjordalsbu, slik hytta ser ut i 2012, ein del større enn i 1967. Her låg 30 menneske i tre døgn og venta på betre vër.

Foto: Per Kristian Dahlstrøm / DNT

Måtte ha tyggehjelp

Ådne fortel at den lange dagsetappen tæra hardt på kreftene deira, og då dei skulle ta til på siste mota på veg mot Finse var vinden så hard at dei hadde vanskar med å få opne sekkane for å få tak i energigjevande sjokolade.

– Og då vi fekk opp sjokoladen var vi så utmatta at vi måtte hjelpe kvarandre med å tygge bitane ved å presse underkjeven opp med handa. Utan sjokolade då trur eg vi hadde sovna roleg inn.

Men sjokoladen gjorde underverk, og dei kom seg til topps på Skarvet. Der såg dei lysa frå Finse. Unnakøyringa i mørket gjekk også utan uhell.

– Eg var ikkje særleg god på ski, og eg har mange gonger seinare undra meg over at eg kom ned utan å falle, fortel Ådne.

Hjalmar Lothe

VEKKJER KJENSLER: Snart 50 år etter vedgår Hjalmar Lothe at tårene trengjer på når han snakkar om det han opplevde på turen over Hardangervidda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Forferdeleg for foreldra våre

Før dei åt middag på Finse hadde dei ringt heim til foreldra og fortalt at dei var i god behald. For foreldra hadde fylgt med på radio og visste at det var fleire omkomne i påskefjellet.

– Dette var første gongen etter seks dagar på tur at vi hadde sjanse til å ringe og fortelje at alt stod bra til. Dei hadde høyrt om fleire omkomne, og dei hadde ikkje høyrt noko frå oss. Foreldra til Ådne hadde visstnok hatt besøk av presten. Det må ha vore heilt forferdeleg for foreldra våre, seier Hjalmar.

Målet deira var Røldal i Hardanger, men så langt kom dei ikkje. Dei gjekk frå Finse til Instestølen, ei hytte som i dag er neddemt, og neste dag til Fossli. Dagen etter gjekk dei til Viveli, men der måtte dei snu, for mot Røldal var det så våt og tung snø at det ikkje var særleg freistande å gå vidare.

Difor gjekk dei tilbake til riksveg 7, tok buss til Haugesund, så båt til Bergen og hurtigruta vidare til Florø.

– Vi kom ein dag for seint på jobb. Men det vart tilgitt. Alle var lukkelege for at det hadde gått bra med oss.

Dei hadde ei viss peiling på at uvêret hadde kravd menneskeliv medan dei var undervegs, men då dei kom heim fekk dei totalbiletet.

– Då høyrde vi om to som hadde omkome i ras i Jotunheimen, dei andre 15 omkom i uvêr.

– Kledde for solskin

Hjalmar Lothe meiner dårlege kle og utstyr var mykje av årsaka til at så mange miste livet.

– Mange var altfor sporty kledde. Dei var kledde for solskin og nygåtte løyper. Og realiteten var at vi måtte brøyte løype sjølve.

Han og kameraten prisa seg lukkelege fordi dei hadde kledd seg for dårleg vêr.

– Vi hadde ullundertøy, og eg hadde fôra anorakk med lomme på brystet, nikkers som var fôra og ullstrømper. Vi hadde vanlege turski med hardvedkant og kandaharbindingar. Eg kan ikkje hugse at eg fraus på kroppen ein einaste dag.

Også inntaket av mat og drikke hadde dei planlagt godt.

– Eg hadde alltid to Stratos-sjokoladar i brystlomma, og vi hadde te med mykje sukker i. Når vi kjende at kroppen var i ferd med å bli tappa, så var det å ta seg ein sjokolade, så kjende vi at energien kom att.

Ole Gladsø, leder i landsrådet for Røde Kors Hjelpekorps

– STOR INNVERKNAD: Ulukkespåska 1967 førde til fokus på fjellvett, seier Ole Gladsø, som er leiar i landsrådet i Norges Røde Kors Hjelpekorps.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Med alt utstyret vart det nokså tunge sekkar, men Hjalmar Lothe er trygg på at dei ikkje bar noko unyttig med seg.

– Det einaste vi ikkje fekk bruk for var reserveskituppen.

Ein liten svikt...

Men han vedgår ein liten svikt i førebuingane. I ei stigning mellom Iungsdalshytta og Geiteryggen stoppa han for å ta noko ut av sekken. Då miste han den eine votten, som bles nedover.

– Eg skjønte at den måtte eg ha tak i, så eg sette utfor, nesten som ein alpinist, og greidde å skrense framfor votten, slik at eg fekk tak i han. Det kunne ha gått gale om eg hadde mist votten. I ettertid har eg tenkt på at eg burde ha hatt ei snor mellom vottane.

Vil markere 50-årsminnet

Ole Gladsø er leiar i landsrådet i Norges Røde Kors, og han seier dei vil bruke det som skjedde for snart 50 år sidan med tanke på påska 2017.

– Vi arbeider med eit opplegg der vi bruar det som skjedde i 1967 på ein positiv måte i førebyggjande samanheng.

Fagsjef Anne-Mari Planke i Den Norske Turistforening - DNT - seier at dei vil markere 50-årsminnet måndag i påskeveka.

– Det er naturleg for oss å markere ein slik minnedag. Dette skjer måndag 10. april på Gaustatoppen Turisthytte, og det vert også markert rundt på våre betjente hytter.

– Vi reviderte Fjellvettreglane i fjor vinter saman med Røde Kors, og då innførte vi fjellvettdagen den fyrste måndagen i påska. Vi ynskjer å gje fjellvett og førebyggande arbeid merksemd, for å hjelpe folk til å vere godt førebudd til turen og såleis redusere faren for uhell i fjellet.

Ole Gladsø seier at det som skjedde i 1967 har hatt stor innverknad på både fjellvettet blant folk flest og måten fjellberedskapen og redningstenesta er bygd opp.

– Det påverka oppbygginga av redningstenesta, og det førde til at Norges Røde Kors og Den Norske Turistforening sette ned eit utval som tok til å sjå på førebyggande arbeid, og då relanserte dei fjellvettreglane. Mottoet var «Velkomen til fjells, men ta ansvaret sjølv».

Anne-Mari Planke

VIL MARKERE MINNET: Fagsjef Anne-Mari Planke i DNT.

Foto: Julie Maske / DNT

Dette fekk mykje merksemd, og effekten kom.

– Vi såg resultatet i at folk vart meir bevisste. Andre meinte at folk vart skremde vekk frå fjellet. For oss i redningstenesta gjorde det at vi fekk eit fokus på kvar vi skulle sette inn beredskapen, kvar vi skulle ha vaktmannskapa.

– Ekstremt dårleg vêr

Han meiner det har skjedd mykje sidan 1967 når det gjeld fjellvett.

– Men vi skal hugse at det var ekstremt dårleg vêr og føre påska 1967. Det var tung og fuktig snø, og med langt tid ute kulda i slike forhold, blir det ei belastning.

Fagsjef Anne-Mari Planke i DNT seier at påska 1967 var ei forferdeleg påske og at ho håpar vi aldri må få oppleve noko liknande igjen.

– Men vi må vere førebudde på at vêret kan vende vrangsida til, og det må vi aldri slutte å minne folk om. Det er det vi har fjellvettreglane til, og det var difor vi valde å revidere dei, slik at dei er tilpassa folk som går på tur i dag.

Ådne Bratthammer

SAMAN MED HJALMAR: Ådne Bratthammer bur i dag i Hervik ved Haugesund.

Foto: privat

Ho seier det norske fjellvettet stort sett er bra.

– Og det er heldigvis mange som er på tur ute, folk har gode kle. I tillegg er informasjonen betre, ikkje minst når det gjeld vêrmeldingar. Men ulukker skjer, og vi må aldri slutte å ha fokus på godt fjellvett.

Turkameratane er blitt pensjonistar

Tilbake til dei to kameratane som gjekk over Hardangervidda påska 1967. Hjalmar Lothe vart etter kvart lektor i kunstfag, først på Høgskulen i Alta, seinare i Halden fram til 2009. Då flytta han og kona Marianne Tønsberg Lothe til Bygstad i Sunnfjord.

– Vi hadde hatt hytte i området sidan 1994, og vi treivst så godt her at vi fann ut at vi ville bu her når vi vart pensjonistar.

Heilt pensjonist er han ikkje, no får han tid til å sysle som skulptør.

Ådne Bratthammer var journalist i Gula Tidend og Morgenposten i Bergen, før han i 1971 hamna i kommunikasjonsbransjen, først i Norsk Hydro, seinare Statpipe, Statoil og Navion.

No er han pensjonist, men driv med rådgjeving innan beredskap og krisehandtering og har dei siste åra vore frilansjournalist i lokalavisene Karmøynytt og Haugesundnytt.