Hopp til innhold

Vurderer besøkssenter ved tingstad

Stryn-ordføraren er så oppglødd etter funna av ein hittil ukjend tingstad frå 400-talet at han og kommunen no vurderer å byggje eit besøkssenter ved staden.

Glenn Heine Orkelbog

UTGRAVING: Arkeologane held på med utgraving på Bø på austsida i Stryn kommune. Her er det arkeolog Glenn Heine Orkelbog som er i sving.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er klart at når ein finn ting som stammar så langt tilbake i tid, så er det veldig fort at ein tenkjer tanken om å byggje opp noko rundt dette, seier ordførar Sven Flo.

Tingstaden som arkeologane meiner stammar heilt tilbake til 400-talet, vart oppdaga under graving i samband med eit vegarbeid på austsida av Stryn sentrum.

– Dette er unikt

Forskar og arkeolog Søren Diinhoff ved Bergen Museum seier den nyoppdaga tingstaden er oppsiktsvekkjande i nasjonal samanheng.

– Dette er ganske unikt i Sogn og Fjordane. Eg trur det er einaste staden i Norge der vi har så mange element samla. Denne vi har funne i Stryn stammar truleg frå 400–500 år etter Kristus og det er veldig tidleg, seier han.

Dinhoff seier vidare at Stryn si historie startar på denne tingstaden.

– Det er frå her stryningane kan trekkje linjene opp til i dag.

Arkeologkollega Glenn Heine Orkelbog meiner Stryn kommune må kjenne si gjestingstid.

– Det er viktig å få dokumentere det som ligg her, viss ikkje vil det forsvinne under asfalten, seier Heine Orkelbog.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Utgraving i Stryn

Ser føre seg samarbeid med musea

Sven Flo, ordførar i Stryn

SAMARBEID: Sven Flo vil jobbe vidare med ideen, og ser mellom anna føre seg eit samarbeid med musea.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Og Stryn kommune har slett ikkje tenkt å la funnet gå forbi i stillheit. Flo seier tanken om eit besøkssenter er spennande og håpar at dei kan få til eit samarbeid med musea.

– Dette funnet kan setje Stryn på kartet historisk. Kanskje kan ein på sikt få til eit samarbeid med musea i forhold til å skape noko rundt dette, seier Flo til NRK.no.

– Eg har budd på forskjellige stader i landet, og eg veit at andre kommunar har valt å gjere liknande ting basert på spennande funn. Eg ser ikkje vekk frå at vi no kan spinne litt vidare på denne ideen.