Hopp til innhold

Fann unik tingstad i Stryn

Det som kan vere ein hittil ukjend tingstad frå 400-talet, er oppdaga i Stryn.

Utgraving i Stryn

UTGRAVING: Arkeologane held på med utgraving på Bø på austsida i Stryn kommune.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tingstaden blei oppdaga under graving i samband med vegarbeid på austsida av Stryn sentrum. Forskar og arkeolog Søren Diinhoff ved Bergen Museum seier den nyoppdaga tingstaden er oppsiktsvekkjande i nasjonal samanheng. Han er oppglødd over funnet.

– Dette er ganske unikt i Sogn og Fjordane. Eg trur det er einaste staden i Norge der vi har så mange element samla. Denne vi har funne i Stryn stammar truleg frå 400–500 år etter Kristus og det er veldig tidleg, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utgraving i Stryn

NAUST: Her har det vore eit naust. Dei kvite stolpane markerer dei utgravne stolpane frå nausta. Dette naustet er truleg frå 450 e. Kr.

Foto: Søren Diinhoff

To store avgjerder

På denne tida var det ikkje nokon konge, kyrkje eller sterk sentralmakt i samfunnet. Sakene blei avgjorde ved at dei store gardane bestemte.

– Folk samla seg på stader der desse avgjerdene blei tekne. Det kunne vere folk som blei dømde, dei heldt religiøse festar og tok ei rekkje politiske avgjerder.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Utgraving i Stryn

SJÅ TV-SAK: I Stryn har arkeologar jobba i to år med utgraving. Og det dei fann under torvene, viste seg å vera heilt unikt

Diinhoff seier det har vore busetnad i Stryn i 4000 år. God jord og mykje sol har gjort til at folk har slege seg ned her. I bronsealderen eller tidleg jernalder var det blitt ei jordbrukssamfunn i området og dei første storbøndene dukka opp.

– Vi kan seie at Stryn si historia startar med denne tingstaden. Det er frå her stryningane kan trekkje linjene opp til i dag.

Plass til store skip

Cecilie Falkendal

SPOR ETTER FORTIDA: Arkeolog Cecilie Falkendal og resten av teamet har avdekka ein gammal tingstad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Utgravinga i området starta i 2010 etter funna i samband med vegbygging. Den gong grov arkeologane ut eit område som inneheld to båtnaust som kvar var om lag 27 meter lange. Det eldste av dei er frå om lag 450 e. Kr og det yngste frå 800 e. Kr. Dei har begge hatt plass til romma store skip.

Like ved dette feltet er det dei to siste åra grave ut ei rekkje bygningar. Det er også funne område med kokegruver. Dei ligg samla rundt ein liten haug med bauta på. Arkeologane har også funne ei grav med mellom anna glasrestar i.

Diifhoff seier dei ventar å finne ein storgard like ovanfor det utgravne området.

– Denne garden har vore veldig stor, der hovudhuset har hatt ei lengd på mellom 50 og 70 meter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spennande oppdaging

Glenn Heine Orkelbog

SPENNANDE: Arkeolog Glenn Heine Orkelbog har funne mykje interessant under utgravinga.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Også arkeolog Glenn Heine Orkelbog i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier oppdaginga er svært spennande.

– Det er eit veldig spennande funn. Vi har ikkje mange tilsvarande i Sogn og Fjordane. Vi har eitt på Gjerland i Førde, der er fire bygningar i tunet. Her er det minst åtte bygningar, kanskje fleire.

Håper å bevare ein del

Utgraving i Stryn

FANN GLAS: Desse glasbitane har arkeologane funne i Stryn.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men sidan tingstaden blei oppdaga i sambande med bygging, har ein del av området forsvunne. Søren Diinhoff seier dei har redda det som reddast kan.

– Vegen har dessverre øydelagd ein del allereie, men eit området ned mot elva ligg der framleis.

No håpet han at ein del av området kan bevarast for ettertida. Diinhoff trur at Stryn kommune kan bruke dette i skulesamanheng.

– Her kan ungdommen lære noko om korleis og kvar Stryn starta, seier Diinhoff.

Utgraving i Stryn

HER LÅG DET: Den andre naustet låg i dette området. Det er frå kring 800 e. Kr.

Foto: Universitetet i Bergen