Hopp til innhold

Vurderer å gje meir ansvar for fartsgrensar til fylkeskommunane

Ei arbeidsgruppe vurderer no om fylkeskommunane skal få større ansvar for fartsgrenser på eigne vegar. I dag må dei ha ei godkjenning frå Statens vegvesen om farta skal setjast lågare enn 50 km/t i tettbygde strøk, eller 80 km/t utanfor. Ei slik godkjenning mangla i Sagvåg på Stord, der mange bilistar fekk ugyldige fartsbøter.

Arbeidsgruppa har representantar frå fylkeskommunane og Statens vegvesen, og skal levera si anbefaling dette året. MDG fremja eit forslag til Stortinget om dette i fjor, mellom anna for å betra tilhøva for mjuke trafikantar.

40-sone gjennom Sagvåg sentrum
Foto: Olav Røli