Vinka inn dei som køyrde for sakte i påsketrafikken

UP tok like godt og kleppa tak i dei bilane som låg langt under fartsgrensa i køane på E39 i dag.

UP - politi

VINKA INN: Einar Vereide i UP brukte 2. påskedag mellom anna til å vinke inn bilistar som køyrde for sakte i køane på E39. Her frå ein tidlegare kontroll.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Rett nok var det ingen av bilistane som fekk svi økonomisk for å køyre for sakte, men Einar Vereide i UP er tydeleg på at dette er noko dei er merksame på.

– Vi har stoppa nokon som tydeleg er litt sinker i trafikken. Vi har snakka til dei og minna dei om å sleppe andre bilar forbi. I dag har det vore såpass mykje bilar at det blir køar, seier Vereide til NRK.

Ba folk køyre varsamt

I dag var han og kollega Kåre Toreid på plass på Svidalsneset i Jølster, og det tok ikkje lang tid før meldingane til dei ulike kontrollgruppene på Facebook kom inn. Men den klaraste meldinga kom frå ei som skreiv følgjande:

«Mykje fartskontrolla i dag, men gidd ikkje seie kor :) kjør forsiktig!»

Og dei fleste tok det roleg i påsketrafikken på E39, og nokre i overkant roleg, meinte politiet som såg tydeleg på lasermålingane kven som burde få tilsnakk.

– Når farta går ned mot 60 i 80-sona, så byrjar folk å irritere seg, då får ein dei unødvendige og farlege forbikøyringane. Vi vinka dei ut og bad dei ha fokus på å bruke spegelen, fortel Vereide i UP.

12 måtte betale

Under kontrollen dei gjennomførte på E39 fekk 12 bilførarar forenkla førelegg for høg fart, der den raskaste blei målt til 109 km/t.

– Ein ser på kor mykje trafikk det var i dag, så var det eigentleg bra køyring, avsluttar Vereide.