- Dette er ein veldig viktig dag for Lutelandet. Dette er nemelg det første konkrete prosjektet som kan verte realisert. Vindmølleparken kan bli starten på eit industrieventyr på Lutelandet, seier dagleg leiar i Lutelandet Utvikling, Stein Arne Ottesen.
Det er planar om investeringar på om lag 400 millionar kroner. Med i denne summen er blant anna kai, veganlegg og linjenett. Sunnfjord Energi og Lutelandet Utvikling håpar å kome i gang med utbygging i 2009.
Kraft til 6000 husstandar
Sentrale styresmakter har sendt ut klare oppmodingar til energiselsap om å utvikle energi frå fornybare energikjelder, og Sunnfjord energi har då sett på Lutelandet og område i Solund. No melder dei inn planene til NVE og planlegg 10 vindmøller på fem megawatt kvar, nok til å forsyne 6000 husstandar med kraft.
Håkon Myrvang i Sunnfjord energi seier støtteordninga som i dag finst for vindkraft gjer Lutelandet veleigna.
Drøymer om gassen
Sjølv om vindmøller no er på veg til området, er det gassindustri som er den store draumen for Lutelandet. Målet er å få ilandføring av gass frå Nordsjøen.
- Gassen kan vere utgangspunkt for spennande og omfattande industri knytta til stein som eklogitt, anortisitt og olivin. Med vindmølleparken er vi eit langt steg vidare på vegen mot det vi kan kalle ei stor industriutbygging på Lutelandet, seier Stein Arne Ottesen, og syner til at dei no får på plass viktig infrastruktur som er avgjerande for å få ilandføring av gass.
Ventar ikkje motstand
Lutelandet har vore planlagt til industri i 25 år, og Håkon Myrvang reknar ikkje med at planene skal møte mykje motstand. Også ordførar Arve Helle i Fjaler er positiv, og er styrka i trua på framtidig storindustri på Lutelandet.