Hopp til innhold

Full strid om nye snøskuter-reglar

«Skuterherjing» i påskefjellet har auka temperaturen i det som alt var ein oppheta debatt. I mai kjem forslag til nye reglar.

Snøskuterkøyring

LOVENS LANGE ARM: «Påskejakta» til Statens naturoppsyn (SNO) resulterte i 13 meldingar og 3 straffegebyr.

Foto: SNO/Miljødirektoratet

«Skuterherjinga» i påskehøgtida har skjerpa frontane i det som allereie var ein uforsonleg debatt.

I alt resulterte «påskejakta» til Statens naturoppsyn (SNO) i 13 meldingar og 3 straffegebyr.

Skuter-motstandarar seier til NRK at tala ville vore høgare om ikkje var for at «bygdefolk» beskyttar lovbrytarar basert på ei blanding av trass og lojalitetsomsyn.

Frå andre sida av bordet heiter det at staten «saboterer» for kommunar som vil leggje til rette for lovleg køyring.

Sjå fleire reaksjonar under.

Medlemmene i det regjeringsoppnemnde utvalet som denne våren skal føreslå nye snøskuter-reglar er difor under press frå fleire kantar:

  • Frå dei som ønsker strengare reglar
  • Frå dei som ønsker ei oppmjuking av dagens regelverk
  • Frå dei som ønsker eit meir differensiert regelverk tilpassa regionale variasjonar. I delar av landet er snøskuterkøyringa også for eit eksistensielt spørsmål å rekne.
Snøskuter i Sogndalsfjella

Det såkalla Motorferdsellovutvalget har alt gått utover si tilmålte tid, men har fått utsett fristen til 21. mai. Utvalet skal sjonglere naturverdiar, næringsinteresser og spørsmål knytt til «allmenningens tragedie». Da blir det fort bråk.

– Kommunane må få etablere løyper utan at Statsforvaltaren saboterer

Vi forventar at utvalet kjem med eit forslag som gir auka lokalt sjølvstyre, seier Erik Kirkvold, som er leiar i Snøscooterklubbenes Fellesråd.

I 2015 opna Stortinget for såkalla «rekreasjonskøyring» på utvalde snøskuterløyper.

Som eit bilde på kor delikat spørsmålet var, oppstod det ein disputt om lovgivarane burde seie «rekreasjonskøyring» eller «fornøyelsekøyring».

Hopper med snøskuter

Sidan 2015 er det etablert fleire tusen kilometer med snøskuterløyper i eit titals kommunar (34). Foto frå tv-serien Snøskuter er livet.

Fem år seinare konkluderte Norsk institutt for naturforsking (NINA) med at lovendringa fungerte i tråd med intensjonen – i dei to kommunane dei testa (Tydal og Trysil).

– Sjølv om det er eit kontroversielt tema, viser erfaringar at det er mogleg å etablere skuterløyper utan å nøre opp under konfliktar, skriv rapportforfattarane.

Like fullt har kritikken mot lova halde fram.

Somme argumenterer med at snøskuterar prinsipielt kan samanliknast med fritidsbåtar, som ikkje er hefta med tilsvarande restriksjonar.

Mens andre gjer eit poeng av at prinsippet om nærdemokrati taler for at norske kommunar sjølv må få regulere kor snøskuterløypene skal gå. I dag er det Statsforvaltaren som har siste ord i saka.

Vi forventar at utvalet leverer ei utgreiing som gjer at kommunane kan etablere løyper utan at Statsforvaltaren saboterer for lokaldemokratiet, seier Truls Tvete i Norsk Bransjeforening for ATV og Snøscooter.

Erik Kirkvold, leiar i Snøscooterklubbenes Fellesråd
Privat

Erik Kirkvold, leiar i Snøscooterklubbenes Fellesråd

– Vi forventar at utvalet lyttar til dei som har opplevd kor vanskeleg det har vore å få etablert snøskuterløyper etter lovendringa i 2015. Intensjonen var meir lokal råderett, men sjølv med overveldande fleirtal i kommunestyra har statsforvaltar overprøvd lokaldemokratiet gong på gong. I tillegg er det ei rekke raritetar i lovverket som ikkje harmonerer med å finne lokale tilpassingar.

Truls Tvete, Norsk Bransjeforening for ATV og Snøscooter
Norsk Bransjeforening for ATV og Snøscooter (NBAS)

Truls Tvete, Norsk Bransjeforening for ATV og Snøscooter

– Vi forventar at utvalet leverer ei utgreiing i tråd med bestillinga frå Stortinget. Det var stort fleirtal i Stortinget i 2015 for at kommunane kunne etablere løyper der fleirtalet av innbyggarane ønskte dette, men Statsforvaltaren har i mange tilfelle arbeidd mot Stortingets intensjonar og køyrt over lokaldemokratia.

Bengt Rune Strifeldt Alta Frp
Jonas Løken Estenstad

Bengt Rune Strifeldt, Frp

– Framstegspartiet forventar at utvalet foreslår å gi kommunen full myndigheit til å gjere vedtak, og at Statsforvaltaren blir klageinstans slik at hovudsystemet til forvaltninga også gjeld for Motorferdselloven. Det er ingen spesielle årsaker til at ein i motorferdselssaker skal fråvike hovudsystemet til forvaltninga.

Vi forventar auka lokalt sjølvstyre

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Bengt Rune Strifeldt, meiner dagens regelverk er altfor «stivbeint».

Vi forventar at utvalet tar innspela våre på alvor og legg fram eit forslag til ei liberalisering av lova med sikte på auka lokalt sjølvstyre, seier han.

Snøskuter er livet S01 Stemningsbilde sesong NRK TVSVT-SKOTERARLIVET-2022-E00-8a0d.jpg

I ei undersøking frå Kantar svarer 21 prosent at dei er heilt eller ganske einige i at det bør bli lettare å få løyve til å bruke motorkøyretøy i norsk utmark. Foto frå tv-serien Snøskuter er livet.

Motorferdselslova gir i dag unntak for «nødvendig» transport for jordbruks-, skogbruks- og reindriftsnæringa.

Eit ope spørsmål er om næringsomgrepet også bør omfatte jakt, fangst, fiske og bærsanking.

Ja, meiner Bondelaget.

Vi ønsker at unntaket inkluderer naturbasert reiseliv, jaktturisme og fisketurisme, seier styremedlem i Noregs bondelag, Konrad Kongshaug.

Han presiserer at han vil behalde eit strengt skilje mellom nyttekøyring og rekreasjonskøyring.

Det er nødvendig med ein vedhaldande restriktiv motorferdsel i utmark, seier han.

Siri Meland
Norsk Friluftsliv

Siri Meland, Norsk Friluftsliv

– Vi forventar at utvalet legg fram ei lov som set tydelege rammer for motorferdselen. Dagens lovverk for snøskuterløyper tar ikkje godt nok omsyn til verken natur, folkehelse eller friluftsliv. Derfor forventar vi ein ny lovtekst med tydelege juridiske avgrensingar for kor ein kan etablere snøskuterløyper. Dette meiner vi vil gi ryddigare prosessar, mindre konflikt og færre klager.

Line Lillebø Osfoss
NJFF

Line Lillebø Osfoss, Norges Jeger- og Fiskerforbund

- Vi håpar på betre samordning på tvers av kommunegrenser for å vareta omsynet til viktige viltområde og viktige friluftslivsområde. Så er det viktig at moglegheitene for nærings- og nyttekøyring blir haldne oppe, men på ein måte som varetar omsyn til viltet – noko som igjen kan tilseie auka behov for samarbeid kommunar mellom.

Merete Habberstad
Per Sollerman

Merete Habberstad, NHO Reiseliv

– Rein og stille natur er eit av dei viktigaste konkurransefortrinna Noreg har. Samtidig er vi opptatte av at reiselivsaktørar må få høve til bruk av snøskuter for å køyre opp for eksempel ein hundekøyringstrasé. Det er forskjell på å tillate ansvarlege aktørar avgrensa bruk på visse trasear under tydelege vilkår, og det å opne opp for generell fornøyelsekøyring.

Maylinn Stomperud, Den norske turistforeining (DNT)
Privat

Maylinn Stomperud, Den norske turistforeining (DNT)

– Vi er spente og forventar eit enklare og klarare regelverk. Dette vil både gjere kommunane sitt arbeid enklare, og det vil gi betre vern av natur- og friluftslivsverdiane. Vi får stadig færre samanhengande naturområde frie for menneskelege inngrep og forstyrringar. Derfor er det viktig med eit restriktivt regelverk for bruk av motoriserte køyretøy i utmarka.

Konrad Kongshaug ser rett inn i kamera. Han står i ein fjøs og er omringa av kyr.
Marius Andre Jenssen Stenberg

Konrad Kongshaug, Noregs bondelag

– Vi er imot at privatpersonar skal kunne bruke motorkøyretøy i utmark utan løyve frå grunneigar og meiner det er uheldig at det i 2017 blei tillate å køyre elsykkel i utmark. Det er nødvendig å ha eit strengt regelverk. Vidare er vi kritiske til rekreasjonskøyring. Dette bidrar i svært lita grad til næringsutvikling for medlemmene våre, men kan vere bra for samhaldet i bygda.

Christian Steel biolog og generalsekretær i Sabimba. Står ved eit tre.
Sabima

Christian Steel, Sabima

– Vi forventar at Motorferdsellovutvalget anbefaler ei kraftig innstramming i regelverket, som set naturen først og især tar omsyn til dei mest urørte fjellområda, raudlisteartar som villrein. Eit nytt opplegg må også sørge for at risikoen for ulovleg køyring blir minimert, og at kontrollane og straffereaksjonane blir auka. Reglane for etablering av snøskuterløyper må bli mykje strengare.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.
CECILIE BERGAN STUEDAL

Aleksander Øren Heen, naturpolitisk talsperson for Senterpartiet

– Haldningane til bruk av snøskuter er varierande alt etter kva bruk ein ser nært seg. Skuteren er komen for å bli, og i fornuftig bruk tilpassa lokale forhold er han ikkje eit problem. Men villmannskøyring, som me her ser eksempel på, er det ikkje aktuelt for oss å opne opp for.

Partileiar i MDG Arild Hermstad
Tom Nicolai Kolstad

Arild Hermstad, leiar i Miljøpartiet Dei Grøne

– MDG vil stramme inn regelverket for å verne om dyrelivet og sikre at naturen ikkje blir utsett for enda meir menneskeleg påverking. Eg fryktar at vi vil sjå meir av dette framover med mindre det blir skapt ein tydeleg kultur i by og bygd for å la naturen få meir fred.

Eit anslag mot bygdefred, samhald og trivsel

Bøndenes eige «hofforgan», avisa Nationen, skriv på leiarplass at «lokal forvaltning av rekreasjonskøyring med skuter kan sjå ut som nærdemokrati, maktspreiing og tillit til lokal klokskap. Men det kan like gjerne vere eit anslag mot bygdefred, samhald og trivsel.»

Eg håpar utvalet lukkast i å balansere næringstransport, bruk i fritidssamanheng og behovet for restriksjonar på ein god måte, seier Aleksander Øren Heen, som er naturpolitisk talsperson for Senterpartiet.

Han legg til:

Men det er ingen enkel oppgåve.

Les også «Skuterherjing» i påskefjellet provoserer: Staten ber bygdefolk melda råkøyrarane

Snøskuterkøyring på Vikafjellet

Emma Hallnor lever og ånder for snøskuter. Hun elsker snø og vinter, og om sommeren sparer penger for å kunne kjøre i skogene rundt Arvidsjaur.

Emma Hallnor lever og andar for snøskuter. Ho elskar snø og vinter, og om sommaren sparer ho pengar for å kunne køyre i skogane rundt Arvidsjaur.