Hopp til innhold

Vil varetektsfengsle drapsikta kvinne etter husbrann

Politiet ber om fire vekers varetektsfengsling for kvinna i 60-åra som i går blei sikta for drapsforsøk, grovt skadeverk og brannstifting i Kvam herad.

Politiadvokat Eli Valheim ønsker også brev- og besøksforbod, skriv BA.

Kvinna er framleis innlagt på sjukehus med alvorlege skadar, opplyser ho.

I går dro både væpna politi og brannvesen til det overtente huset. Ein mann vart sendt til legevakt med lettare skadar. Huset var ikkje til å redde og vart totalskadd.

Politiet gjer i dag avhøyr av mannen, mens kvinna ikkje har vore i form til det, skriv BA.