Hopp til innhold

Vil ta Domstein ASA av børs

Domstein-aksjen var på det meste verdt 292 kroner, men er i dag nede i 8,98 kroner per aksje. Domsteinfamilien ønskjer no å ta Domstein ASA av børs.

Rolf Domstein

VIL KJØPE OPP ALLE AKSJANE: Rolf Domstein seier Domsteinfamilien no ønskjer å ta Domstein ASA av børs. Håpet er at prosessen er i boks i løpet av sommaren.

Foto: Håvard Holme / NRK

Domstein-aksjen var på det meste verdt 292 kroner, men er i dag nede i 8,98 kroner per aksje. Domsteinfamilien ønskjer no å ta Domstein ASA av børs.

– Vi tok Domstein på børs i 2001 i samband med nokre store investeringar som vart gjort den gong. No er situasjonen i selskapet annleis, og vi føler ikkje selskapet lenger har behov for å vere på børs.

– Vi trur også at det er bra for aksjonærane at dei kan bli løyste ut, seier Rolf Domstein som er styreleiar og dagleg leiar i R. Domstein & Co AS.

– Betre som eit reint familieselskap

Domstein ASA driv i all hovudsak med foredling av kvitfisk og har hovudkontor i Måløy. Fram til 2010 var Domstein-konsernet eitt av Norges største fiskekonsern med mange tusen tilsette i Norge og utlandet.

Torsdag har selskapet R. Domstein & Co AS varsla styret i Domstein ASA om at dei vil kjøpe alle aksjar i Domstein.

Dei tilbyr 10 kroner per aksje, vel ei krone over dagens aksjekurs, og opplyser at tilbodet gjeld frå og med i dag og fram til 3. juli.

– Det kostar pengar å ha eit selskap på børs, og i tillegg er det veldig mykje fokus og krav til offentleg informasjon.

– Vi føler at i den fasen Domstein er i no, så vil det vere betre å ha det som eit reint familieselskap, seier han.

– Lite interesse i marknaden

Verdien på aksjane i Domstein har variert stort, og var på det beste verdt 292,9 kroner per aksje. I dag er ei aksje nede i 8,98 kroner.

Rolf Domstein forklarar dette mellom anna med fleire aksjeutvidingar, men vedgår samtidig at utviklinga på børsen ikkje har vore slik dei hadde håpa på dei siste åra.

– Dette har med fleire ting å gjere, men først og fremst har det vore dårleg likviditet i kursen, slik at det har vore låg omsetning av aksjen.

– Aksjen har ikkje fått interesse i marknaden, og difor har det vore vanskeleg for dei aksjonærane som har ønskt å selje seg ut.

– Dei har måtte gje store rabattar, og då synest vi det er meir rettferdig om vi tilbyr alle aksjonærane det vi oppfattar som ein rettferdig kurs, seier Rolf Domstein til NRK.no.

Vil ha minst 90 prosent av aksjane

Frå før av eig R. Domstein & Co AS 49,27 % av aksjane i selskapet, og som eit vilkår for tilbodet om å kjøpe dei resterande aksjane stiller dei som krav at dei oppnår minimum 90 % eigardel.

– Vi trur aksjonærane kjem betre ut med å akseptere vårt tilbod, enn å selje i marknaden.

– Målet er å ta selskapet av børs, og då må ein ha 90 prosent av aksjane. Då kan ein tvangsinnløyse dei andre aksjonærane, og det er vi innstilte på å gjere, seier Rolf Domstein.

Om ting går som tenkt håpar Domstein at dei har teke selskapet av børs i løpet av sommaren.

Domstein ASA har vore det einaste børsnoterte selskapet i Sogn og Fjordane.