Hopp til innhold

– Stor stas å kunne etablere noko i heimfylket

Denne veka tok fiskerikonsernet Nergård AS i Tromsø avgjerda. Dei går vidare med planane om ein fabrikk i Måløy.

Tommy Torvanger og Trollebø

PÅ TROLLEBØ: Tommy Torvanger og Nergård vil etablere fabrikk ved kaia vi ser til høgre for ekspressbåten på biletet.

Foto: Ottar Starheim/Norsk Fiskeindustri

Administrerande direktør Tommy Torvanger (opphaveleg frå Bremanger) stadfestar til Fjordenes Tidende at Nergård AS tek sikte på å ha eit konsumanlegg for sild og makrell klart på Trollebø hausten 2015.

– Optimal plassering

Til NRK seier Torvanger at det er kjekt å kunne skape noko i heimfylket.

– Ja, eg synest det er stor stas. Og så har vi eigarar i konsernet som er frå Sogn og Fjordane (Arne Stang og Bjarte Tunold), så det set ein ekstra spiss på det. Men vi er først og fremst opptekne av at det skal vere rasjonelt og effektivt. Det er grunngjevinga vår, det er ei optimal plassering.

– Så dette skal de tene pengar på?

– Ja, det er det som er planen, viss ikkje hadde vi aldri gjort det.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nergård AS på Værøy

NERGÅRD-ANLEGG: Dette er Nergård AS sitt anlegg på Værøy i Nordland.

Foto: Torje Jenssen

For det er ikkje nostalgi og godhug for heimfylket som er viktigaste grunnen til at leiinga i Nergård AS no legg aktivitet til Måløy. Fiskerihovudstaden i Sogn og Fjordane er rett og slett ideell for Tromsø-konsernet, seier Torvanger.

– Vi har i dag anlegg på Senja og på Værøy, og vi dekker godt dei nordlege havområda på lodde og norsk vårgytande sild og til dels sommarmakrellen i nord.

– Men når det gjeld dei store makrellfiska i Nordsjøen og nordsjøsilda ligg vi for langt unna fangsfelta. Så Måløy er ei god lokalisering, og så er det kultur i Måløy for å drive med fisk. Det betyr noko det og.

(Artikkelen held fram under biletet).

Domstein på Trollebø

PÅ TROLLEBØ: Anlegget til Nergård AS skal byggjast mellom Norway Pelagic (nærmast) og den gamle Ulvesund Formelfabrikk i bakgrunnen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Stor, moderne og effektiv

Han seier at anlegget i Måløy blir mellom dei største i landet på pelagiske fiskeslag.

– Kjem vi i mål med planane skal det bli mellom dei største og det absolutt mest moderne og effektive anlegget som finst i landet og forøvrig.

Kor mange arbeidsplassar etableringa fører til er enno litt uvisst, seier Torvanger.

– Det kjem an på kor mange skift vi køyrer, og det kjem til å variere over året. Men med full produksjon kan det fort bli ein 15-20 menneske i arbeid.

Dersom anlegget skal vere klart til makrellsesongen hausten 2015 må byggjearbeidet starte til sommaren eller tidleg på hausten. Det heile er kostnadsrekna til rundt 200 millionar kroner.

– Ein gledens dag

Ordførar Morten Hagen i Vågsøy er svært glad for at Nergård AS etablerer seg i kommunen.

– Det er ein kjempefin nyheit for Vågsøy og heile regionen at Nergård ynskjer å etablere ein fabrikk her. Det vil sette Vågsøy meir på kartet, så det er ein gledens dag for oss.

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

– KJEMPEFIN NYHEIT: Ordførar Morten Hagen i Vågsøy er svært glad for at Nergård etablerer seg på Trollebø.

Foto: NRK