Det er i eit brev til Helse Bergen og Voss sjukehus at fire ordførarar i indre Sogn kjem med kravet om at sjukehuset i nabofylket må styrkast ei avansert røntgen-maskin.

Voss sjukehus. Foto: Helse Bergen
- Ein relativt stor del av innbyggjarane i indre Sogn har kortare veg til Voss enn Førde. Tenester av høg kvalitet og kortast mogeleg reisetid er viktig. Avstandar har også mykje å seie for beredskapen i ambulansetenesta, heiter det i brevet frå dei fire ordførarane.
- For langt til Førde
Vidare står det i brevet:
- Kommunane Årdal, Lærdal, Aurland og Vik sluttar seg til at det bør investerast i MR slik at sjukehuset kan gje eit betre tilbod med kortare reisetid for pasientar som naturleg soknar til sjukehusa.
Ordførar i Vik, Erik Lidal, utdjupar brevet slik:
- Sjølv har eg heldvigs sleppt turen til Førde i sjukebil, men det er ei større påkjenning å køyre sjukebil til Førde enn til Voss. Til Voss går det mindre enn ein time - utan ferje.
- Set ikkje livet på spel
- Men har ikkje dykk også eit ansvar for at sjukehusa i Sogn og Fjordane får pasientar som høyrer heime i fylket?
Jau, det har vi. Og i den grad vi treng det, så brukar vi også sentralsjukehuset. Men vi set ikkje liv og helse i Vik på spel berre for å styrke Førde. Det trur eg alle er samde om, seier Lidal.
- Merkeleg utspel
- Eg synest det er litt merkeleg. No har vi bygt opp vårt sjukehus her i Sogn og Fjordane, og forsøkt å skape gode spesialisttenester. Dei må jo ha eit visst pasientgrunnlag. Viss vi då styrer bort pasientane, vil det svekke grunnlaget for dette tilbodet, er Førde-ordførar Nils Gjerland sin kommentar til brevet.
- Vi overfokuserer på reisetid når det gjeld spesialist- helsetenester. Då er det kvalitet som er viktig. Nokre minuttar til og frå er mindre vitkig, meiner han.