Det er Selje Sau- og geitealslag, Kystbeitelaget og Sagnus, som er Selje avslag for utegangarsau, som står bak prosjektet. Dei har fått pengar til utgreiing av eit slikt slakteri både frå Innovasjon Norge og kommunen. Og Ervik understrekar at dette skal vere eit eksklusivt kjøt. Berre det at sauene har gått og beita på Stad er eksklusivt i seg sjølv, meiner han.
Ser over fylkesgrensa
Slakteriet skal vere eit slags samvirkeprosjekt, og på eit møte i går var over 40 bønder møtte fram. For å få selt kjøtet må nok kjøtet ut om kommune- og fylkesgrensa, og Ervik trur kjøtet vil vere godt eigna for restaurantar og eksklusive matkjeder. Men i første omgang må dei få etablert eit kundenett i nærområdet. Ei bedrift er allereie i gong med foredling, og ei er under oppstart. Håpet er at vi kan gjere avtale med dei, seier Ervik.