Hopp til innhold

Flyplasstårna kan forsvinne, Avinor ynskjer å sentralisere tenesta

Mange av trafikktårna på flyplassane rundt om kan forsvinne. Avinor held på med eit prøveprosjekt der trafikken bli styrt frå større sentralar, og erfaringane så langt er gode.

Førde lufthamn Bringeland

UTAN FUNKSJON: Fleire av flyplasstårna rundt om i landet kan miste sin viktigaste funksjon i framtida.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

– No testar vi ut systemet på Røst i Lofoten, der vi driv tårntenesta frå Bodø. Vi brukar videoovervaking og sensorar på flyplassen for å overvake trafikken, og så langt har det vore vellukka, seier Margrethe Snekkerbakken, som er direktør for nasjonal, regionale og lokal flyplassar i Avinor.

På flyplassane rundt om i landet er det flygeleiarar som kontrollerer trafikken og har oversikt over fly som lettar og landar. På mange av dei mindre flyplassane rundt om i landet kan denne jobben snart vere historie.

– Vi har testa det ut på Værøy og no på Røst. Etter dette vil vi søkje om godkjenning, og så få det operativt. I Sverige vil dei frå 1. april starte med dette, fortalde Snekkerbakken til NRK under flyplasskonferansen på Bringeland denne veka.

Margrethe Snekkerbakken

NYTT PROSJEKT: Avinor ynskjer å styre flytrafikken frå nokre sentralar ved hjelp av kamera og sensorar, seier Snekkerbakken.

Foto: Pressebilde: Avinor

Meiner det er eit pluss for flygeleiarane

Ein klar tidsplan for vidare framdrift av systemet vil ho vere forsiktig med å gå ut med, men ho er klar på at det er ønskeleg å få det i drift.

– For dei som arbeider med dette vil det bety større arbeidsmiljø og mykje større fleksibilitet. No sit dei åleine på jobb, og det er både einsamt og krevjande. Med den kompetansen dei har er det viktig å vere del av eit større fagmiljø.

Snekkerbakken understrekar at folk likevel ikkje vil møte folketomme flyplassar i framtida.

– Sjølv om trafikken bli styrt gjennom videoovervaking og sensorar, så vil det alltid vere anna personell på staden, så det blir ikkje snakk om flyplassar utan tilsette.