Hopp til innhold

– Betre veg kan opne for nedlegging

Der det kjem betre vegar må ein vere opne for å leggje ned flyplassar, seier statssekretær John-Ragnar Aarset i Høgre.

John-Ragnar Aarset

FÆRRE: Blir vegen mellom flyplassane mykje betre kan det opne for ein diskusjon om færre flyplassar, seier statssekretær John-Ragnar Aarset, som samtidig understrekar at dei ikkje har flyplassar i Sogn og Fjordane i sikte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han viser til at det i regjeringserklæringa blir opna for færre flyplassar i område der dette er hensiktsmessig.

– Om det blir ein ny og betre veg som gjer at reiseavstanden mellom flyplassane blir veldig mykje kortare, så er det heilt naturleg at ein ser på lufthamnstrukturen, seier Aarset til NRK.no.

Prisen for veg kan bli færre flyplassar

Dette er ting som fell i dårleg jord hos mange vegforkjemparar i Sogn og Fjordane. Her blir det kjempa frå alle kantar for å få betre vegar, spesielt er det no ein knallhard kamp om kvar E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord.

Men distrikt som kjempar for betre vegar kan no måtte innsjå at prisen for det er færre flyplassar. Allereie no ser regjeringa på flyplasstrukturen i Lofoten og på Helgeland, i takt med utbyggingsplanar innan veg og luftfart.

Statssekretær John-Ragnar Aarset seier på generelt grunnlag at der det blir kortare mellom flyplassar er det naturleg å sjå på strukturen.

– Når ein gjer store utbetringar på eit område, må ein sjå ting i samanheng.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Created by InfoDispatcher

Vil ta debatten på sikt

Ferjefritt E39 er eitt av prosjekta som vil gje kortare veg mellom flyplassar over heile Vestlandet.

Det har allereie blitt tenkt høgt rundt framtida til anten Sandane lufthamn, Anda, eller Ørsta/Volda lufthamn Hovden, dersom det blir ferjefri E39 mellom Nordfjord og Sunnmøre.

Reisetida mellom dei to flyplassane kan då bli ned mot 35 minutt.

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, seier Høgre lokalt ikkje på kort sikt ser føre seg endringar i talet flyplassar i Sogn og Fjordane. Men er på den andre sida open for å ta debatten i framtida.

– Når vegane blir betre er det naturleg at ein tenkjer på kva ein kan gjere for å få infrastrukturen endå betre. Då blir det naturleg å tenkje nytt på mange andre felt, seier Mjømen.

– Svært viktig for næringslivet

Framtida til flyplassane i fylket var også tema under Flyplasskonferansen i Førde torsdag. Der var næringsliv og lokalpolitikarar samla for å fortelje viktige aktørar kva flyplassen på Bringeland betyr for regionen.

Interesseutvalet for Førde lufthamn Bringeland stod som arrangør, og hadde invitert gjester frå både regjering, Avinor og Widerøe.

Fleire næringslivsleiarar gjekk på talarstolen for å fortelje kor viktig det er med ein sterk lokal flyplass for at næringslivet i området skal kunne vekse. Ein av dei var Johnny Haugsbakk. Han er administrerande direktør i Enoro Norge, eit selskap med base i Dale i Fjaler.

– Bringeland er ein heilt sentral infrastruktur for oss med tanke på den store reiseaktiviteten vi har i vår bedrift, seier Haugsbakk.

– Vi må kome oss ut av fylket

Haugsbakk er blant dei som har følgt med på diskusjonen som har gått i mange år i Sogn og Fjordane, om kor mange flyplassar ein skal ha i framtida. Det har mellom anna blitt teke til orde for å leggje ned flyplassen på Bringeland til fordel for ein større flyplass i Florø.

Det er Haugsbakk skeptisk til. Han er klar på at eit godt tilbod frå flyplassen på Bringeland er svært viktig for næringslivet i Sunnfjord.

– Skal vi nå ut til den store norske og nordiske marknaden vi jobbar mot, er det viktig med ein flyplass som vi har kort avstand til, og som har hyppige avgangar, seier han.

Ifølgje han sjølv kan Enoro vere ein av dei største kundane flyplassen mellom Gaular og Førde har. I løpet av ei veke flyg Haugsbakk og hans tilsette rundt 40 turar frå flyplassen.

– Det kan alle gonge i hop med kalkulatoren og rekne på kva blir i både kroner og øre, og i tal reiser, seier han.

Fekk stadfesta kor viktig flyplassane er

Det var mange som prøvde påverke statssekretær John-Ragnar Aarset under flyplasskonferansen i Førde i dag. Han lova å ta med seg signala om kor viktig det er med sterke flyplassar i nærområdet tilbake til regjeringa.

– Det er veldig flott og lærerikt for meg å få stadfesta kor viktig flyplassar er for framtidsoptimismen her i Sunnfjord.

– Vi ser både her og andre stader at flyplassar er uhyre viktig om ein skal ha bedrifter, institusjonar og spennande arbeidsplassar som gjer regionen attraktiv for unge som skal etablere seg, seier han.

Han understrekar at det å ha god kommunikasjon er viktig for både framtidsoptimismen og moglegheiter for vekst og utvikling.

– Ikkje aktuelt i Sogn og Fjordane

Men kor aktuelt er det at betre vegar kan føre til færre flyplassar i Sogn og Fjordane?

Aarset avviser at flyplassane i Sogn og Fjordane er truga nett no.

– Dette er ikkje ei aktuell sak her i Sogn og Fjordane. Men vi har ei formulering i regjeringserklæringa som seier at ein skal vurdere færre og større flyplassar der det er hensiktsmessig.

– Det er ikkje slik at vi har flyplassar i Sogn og Fjordane i kikkerten med tanke på at vi skal leggje desse ned. Andre stader i landet er det meir aktuelt fordi ein har sett i gang konkrete prosessar med tanke på vegutbygging i regionar der det er mange flyplassar. Då er det meir aktuelt, seier han.