7 av 10 nordmenn har kunna sortera matavfallet sitt i årevis.
Men ikkje innbyggarane i Bergen. Hittil har matavfallet deira blitt brent saman med restavfallet i byens forbrenningsanlegg.
No har endeleg bergensarane fått tilbodet, men i staden for å bli brent i same by skal matavfallet bli sendt over havet til Danmark.
BRENT MAT: Fram til no har matavfallet i Bergen hamna i forbrenningsomnen saman med restavfallet.
Foto: Leif Rune Løland / NRKFanaposten omtalte dette først.
– Nyttig for Danmark
Fordi bergensområdet manglar eigne anlegg for å gjenvinna matavfall, må det i fyrste omgang sendast til eit biogassanlegg i nabolandet.
– Det var det som var mogleg å få til no. Å få eit biogassanlegg i vårt område vil ta eit par år, seier administrerande direktør Borghild Lekve i BIR, som har ansvar for avfallet i Bergen og seks nabokommunar.
Planen er å bygga eit biogassanlegg i Voss, halvannan times køyring frå Bergen.
– Det tar litt tid å få etablert, men matavfallet vil jo bli til nyttig energi og biogjødsel i Danmark.
HAR STORE PLANAR: Administrerande direktør i BIR, Borghild Lekve, seier ordninga med å senda matavfallet til Danmark er mellombels, til ei betre løysning kjem på bordet.
Foto: Silje Thalberg– Heilt sprøtt
Charlotte Spurkeland i Bergen Høgre er ikkje imponert over det nye tilbodet til bergensarane.
– Det er heilt sprøtt at me skal senda matavfallet vårt til Danmark. Det verkar heilt bakvendt.
Likevel meiner ho det er bra at innbyggjarane endeleg har fått tilbod om å sortera matavfall.
– Me får sjå korleis det går før me dømmer ordninga nord og ned, men eg er ikkje imponert, seier ho.
IKKJE IMPONERT: Charlotte Spurkeland er fraksjonsleiar for Høgre i utval for miljø og byutvikling. Ho er ikkje imponert over den nye ordninga for matavfall.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKUtolmodige bergensarar
Byutviklingsbyråd Thor-Haakon Bakke (MDG) er heller ikkje overbegeistra over kva BIR har fått til.
– Bystyret har etterspurt innsamling av matavfall veldig lenge. No måtte BIR komma i gang med det.
Han viser til at rundt 70 prosent av norske hushald allereie har høve til å sortera og levera matavfallet sitt.
– Bergensarane har venta utolmodig på dette lenge. Å laga biogass og gjødsel av matavfall er jo god klima- og miljøpolitikk.
– Men kor klimavenleg er det å køyra matavfall frå Bergen til Danmark?
– Det får BIR svara på, seier Bakke.
– Miljørekneskapen blir god: me får mykje meir ut av matavfallet enn hittil, svarar Lekve.
EI BETRE LØYSING: Byråd Bakke meiner det var på høg tid at Bergen fekk ei ordning for matavfall, og håpar på ei betre løysing snart.
Foto: Even Norheim JohansenPapirposar og konteinarar
Før det bergenske matavfallet blir til dansk biogass skal det bli samla inn og kasta i konteinarar rundt om Bergen.
Kastinga må bergensarane sjølv ta seg av, i alle fall fram til eigne matavfallsdunkar blir klare i løpet av våren.
Heime på kjøkkenet må dei samla avfallet i papirposar plassert i ein luftig plastbehaldar levert av BIR.
FORSIKTIG MED FUKT: John Gaute Kvinge i BIR Transport AS rår kundar til å vera forsiktige med fuktig matavfall oppi papirposane.
Foto: Cato H. Kristensen / NRK– Alt matavfall er ønskeleg, seier dagleg leiar John Gaute Kvinge i BIR Transport AS. Likevel tipsar han om å ikkje legga så mykje fuktig matavfall oppi papirposane at dei rivnar.
Administrerande direktør i BIR, Borghild Lekve, er enda klårare i råda:
– Kast mindre mat. Det er uansett det beste og mest miljøvenlege alternativet.