Hopp til innhold

Vil redde liv med ny oppfinning

BERGEN (NRK): I ei årrekkje har Stein Erik Hansen tenkt på å utvikle ein lås som skal gjere livreddande arbeid enklare. – Mange spør kvifor ingen har kome på dette tidlegare.

Stein Erik Hansen har utvikla nøkkelsafe

ENKEL OG TRYGG: Stein Erik Hansen meiner løysinga han har utvikla saman med Bergen låsservice vil gjere det enklare for naudetatane å ta seg inn til pasientar i burettslag. Slik håpar han å bidra til at liv vert redda.

Foto: Thomas Gangstøe

– Ideen kom då eit burettslag tok kontakt og sa at ein bebuar hadde døydd, fordi det tok for lang tid for ambulansen å kome seg inn gatedøra, fortel gründer Stein Erik Hansen til NRK.

Han jobbar til dagleg i Bergen låsservice, og saman med resten av bedrifta har han utvikla ein ny nøkkelsafe som skal gjere det enklare for naudetatane å kome inn i låste burettslag.

– Med denne løysinga slepp ein å knuse dører og vindauge for å ta seg inn. Det tar ofte unødvendig med tid og krefter, fortel Hansen.

Brukt mange år på utviklinga

– Safen kan opnast med ein nøkkel som ambulansepersonellet og politiet har fått tildelt. Når dei kjem fram til døra kan dei ringe opp eit nummer som står på nøkkelboksen. Når safen kjenner igjen nummeret, gir den eit elektronisk signal som gjer at safen kan låsast opp. Der inne ligg hovudnøkkelen til huset, seier gründeren.

Utviklinga har tatt mange år.

Politi og ambulanse med ny nøkkelsafe

TESTAR: Politi og ambulanse har fått opplæring i korleis nøkkelboksane fungerer. Alle ambulansar i bergensområdet har no fått ein nøkkel som kan aktiverast.

Foto: Stein Erik Hansen

– Vi har levert nøkkelsafar for brannvesenet sidan år 2000, men dei kan berre opnast dersom brannalarmen er utløyst. No har vi vidareutvikla produktet, fortel Hansen.

Så langt er det montert i underkant av 20 nøkkelsafer i ulike burettslag i Hordaland, og 52 ambulansar har fått nøkkel som kan brukast.

– Neste veke har vi to nye monteringar her i Hordaland, seier Hansen.

Eit sideprosjekt

– Mange spør kvifor denne løysinga ikkje har kome før. Det er vanskeleg å seie, men vi har i alle fall arbeida med denne teknologien ei stund, fortel Hansen.

I bedrifta, som vart etablert i 1994, er det 20 tilsette. Alle har vore meir eller mindre involvert i utviklinga.

– Vi har andre oppgåver på dagtid, så dette har vore eit sideprosjekt for oss.

Gode tilbakemeldingar

Åsane Tidende omtalte tidlegare denne veka den nye nøkkelsafen.

Til avisa seier rådgivar i Helse Bergen og dagleg leiar i Ambulanse Vest, Dag Arne Farestveit, at løysinga er eit stort framskritt.

– Dette betyr at vi slepp å bryte oss inn hjå folk, men at vi ved eit telefonnummer og ein nøkkel, kjem oss raskt inn dersom pasienten eller andre ikkje kan opne sjølv.

Farestveit meiner nøkkelsafen gjer det mogleg å spare livsviktig tid for naudetatane.

Nøkkelsafe i Bergen skal redde liv

TEKNOLOGI: Stein Erik Hansen har brukt 17 år gamal teknologi og vidareutvikla den til å bli endå meir avansert.

Foto: Stein Erik Hansen

Har planar om Oslo

– Det som har vore det største problemet så langt er at produktet er såpass nytt at det er vanskeleg for naudetatane å hugse på det når dei kjem fram til plassen. Difor har vi reist rundt til ambulanse- og politistasjonar for å vise kvar nøkkelboksane er montert, fortel Hansen.

Vidare planlegg han å ta produktet med seg over fjellet, for å kunne bidra til å redde liv òg i Oslo.

– Vi har hatt kontakt med alle AMK-tenestene i landet, og ambulansetenesta i Oslo og Akershus skal no ta del i løysinga. Eg tenkjer at når vi får dette inn i hovudstaden er vegen vidare lagt, seier Hansen