Hopp til innhold

Vil opprette nytt studium

Høgskulen i Sogn og Fjordane tek sikte på å opprette eit studium for byggingeniørar. Studiet skal ha 25 studentar i året, og målet er å ta inn dei første studentane neste år.

Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde.

NYTT STUDIUM: Høgskulen i Sogn og Fjordane kan få studium som byggingeniør frå neste haust.

Foto: NRK

– Studiet blir lyst ut i lag med dei vanlege utlysingane, og når det finansielle no er på plass så kjem vi til å ta opp studentar frå hausten 2016, seier Rasmus Stokke, som er rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Samarbeid

Rasmus Stokke vert ny rektor

VIL UTDANNE BYGGINGENIØRAR: Rasmus Stokke er rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Pressefoto

Studiet blir i samarbeid med Høgskulen i Bergen, og saka skal opp i Høgskulestyret denne veka. Høgskulen i Bergen har i dag fleire søkar enn dei har plassar.

– I første omgang vil etableringa gjelde for to år, sidan det er to år vi har økonomiske garantiar for. Men vi ser for oss at det skal bli eit varig studium dersom vi får tilført friske studieplassar, seier Stokke.

Målet er at det skal utdannast 25 byggingeniørar i året ved det nye studiet som skal leggast til Førde.

Initiativ frå næringslivet

Det er næringslivet som har tatt initiativ til studiet og næringa stiller med 750.000 kroner for å få etablert utdanninga.

Leif Arne Åsen

STORT BEHOV: Entreprenør Leif Arne Åsen.

Foto: Steinar Lote / NRK

– All høgare utdanning som vi kan få til Sogn og Fjordane er svært viktig for både næringsutvikling, og generell utvikling i fylket, seier entreprenør Leif Arne Åsen, som har site i prosjektgruppa.

Han seier det i fylket i dag, både innan det offentlege og det private, er eit stort behov for ingeniørkompetanse.

– Dei som tar ingeniørutdanning i fylket, dei blir i stor grad i fylket. Til og med dei som kjem frå andre stader i landet. Eg er sikker på at dersom alle dei som byrjar på denne utdanninga vil jobbe i fylket, så vil dei få seg jobb, seier Åsen.