Hopp til innhold

Vil lage nytt norsk flagg i fjellet

I fjor jobba ungdomsgjengen på spreng i timevis for å få ferdig det norske flagget i fjellsida. Med under to veker att til 17. mai er planlegginga av årets flagg i gang.

Pynta fjellet i raudt, kvitt og blått

PYNTA FJELLET TIL 17. MAI: I fjor var det mange som gjorde store auge då dei såg dette flagget høgt over Gloppefjorden. No er ungdomane i gang med planlegginga av årets flagg.

Foto: Montasje: Helge Aske/Privat

Venegjengen på Sandane i Gloppen fekk mykje merksemd etter flaggstuntet sitt i mai i fjor. Timevis med blodslit og 700 liter med farga vatn gjekk med når dei gjekk høgt til fjells for heidre landet før nasjonaldagen.

Fleire nettaviser, blant anna Dagbladet, skreiv om megaflagget etter at NRK hadde fortald om den ivrige ungdomsgjengen. Når NRK ringer til Ole Martin Flatjord laurdag ettermiddag er svaret klart.

– Blir det flagg i år også?

– Ja, vi har planar om det, seier 18-åringen og hugsar godt oppstyret frå i fjor.

– Det vart mykje styr og folk synest det var artig. Vi fekk mykje positive tilbakemeldingar, og folk var litt imponert. Det var mykje snakk, men det var artig, seier han.

– For å heidre landet

Saman med tre venner, Sirianne Hellerud, Eirik Hellerud og Tore Høgalmen jobba han i fjor så sveitten sila med å ferdigstille den heller uvanlege varianten av det norske flagget.

Folk i bygda gjorde store auge då dei dagen før dagen oppdaga eit norsk flagg vel 600 meter over Gloppefjorden. Rykta gjekk fort og mange let seg imponere. Svaret på kvifor dei hadde gjort det var enkelt.

– Det er for å heidre landet vårt, sa ungdomane då NRK snakka med dei 17. mai i fjor.

Ideen fekk ungdomane av ein annan kar i bygda som hadde gjort eit liknande stunt tidlegare. Flatjord og dei tre andre ville kopiere han, og gjorde like godt flagget endå større. Flagget på vel 30X50 meter tok minst fire timar å lage, og det gjekk med 700 liter med vatn som dei måtte hente i ei elv i nærleiken.

(Artikkelen held fram under videoane)

Håpar dei blir fleire

Det vart mange timar med hardt arbeid på dei fire ungdomane som laga flagget i fjor. Plasseringa var strategisk, like i nærleiken av ei elv. Der henta dei kanne på kanne med vatn, som dei deretter hadde nokre dråpar organisk maling i. Så vatna dei enkelt og greitt snøen, litt etter litt.

I fjor hadde dei ikkje heilt planlagt kor stor det skulle bli, og med berre to tilitersbøtter vart det mange turar fram og tilbake til elva. I år trur Ole Martin Flatjord at dei skal planlegge det litt betre.

– Det var litt arbeid i fjor, og det vart jo mørkt på slutten. Så om vi skal greie lage det større i år, så må vi vere fleire folk.

– Men det er allereie folk som har sagt dei vil vere med, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laga norsk flagg høgt til fjells for å heidre landet

HARDT ARBEID: Med djup og mjuk snø opp ti knea var det ein tung jobb å lage flagget.

Foto: Eirik Hellerud

Lova at årets flagg skulle bli dobbelt så stort

Ungdomane lova i fjor at flagget dei skal lage i år skal bli dobbelt så stort, men allereie dagar etterpå vedgjekk dei at dei då må vere fleire for å få det til.

Om ikkje blir det fort minst ti timar arbeid på dei fire som laga flagget i fjor. Ei anna utfordring er å få tilgang på vatnet, fortel Flatjord.

– Vi må ha ei elv i nærleiken, og der vi var i fjor kan det vere at elva er attfrosen. kanskje må vi leggje ned ein slange lenger oppe, så vi slepp gå så mykje. Men vi veit ikkje akkurat kor vi skal vere enno, seier han og seier dei enno ikkje har planane heilt klare.

– Er det realistisk å få til eit dobbelt så stort flagg som i fjor?

– Det skal du ikkje sjå vekk frå, seier han med eit glis.