Ungdomane ville heidre landet - laga norsk flagg høgt til fjells

Mange nøyer seg med å heise flagget til topps i flaggstanga, men ein gjeng ungdomar på Sandane ville gjere meir ut av dei. Dei gjekk høgt til fjells og brukte 700 liter farga vatn for å heidre landet.

Pynta fjellet i raudt, kvitt og blått

PYNTA TIL NASJONALDAGEN: Dei fire ungdomane ville heidre landet og bestemte seg for å lage eit norsk flagg utanom det vanlege.

Foto: Montasje: Helge Aske/Privat

– Vi vart ganske slitne til slutt, men det var verdt det, seier Ole Martin Flatjord (17).

Saman med tre venner, Sirianne Hellerud (17), Eirik Hellerud (18) og Tore Høgalmen jobba han så sveitten sila i fleire timar med å ferdigstille den heller uvanlege varianten av det norske flagget.

Over 600 meter over Gloppefjorden oppdaga folk dagen før dagen noko heller uvanleg. Eit norsk flagg, i raudt kvitt og blått.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norsk flagg høgt over Gloppefjorden

HØGT: Flagget er godt synleg både frå sentrum av Sandane og på motsett side av fjorden.

Foto: Helge Aske

– For å heidre landet

Det var lokalavisa Firda Tidend som første viste biletet av Sørstrandfjella som var pynta til nasjonaldagen. I nærområdet spreidde rykta seg fort og mange har late seg imponere. Den enkle forklaringa på kvifor dei har gjort dette er slik.

– Det er for å heidre landet vårt framfor 17. mai, seier Flatjord.

Ideen fekk ungdomane av ein annan kar i bygda som har gjort eit liknande stunt tidlegare. Flatjord og dei tre andre ville kopiere han, men gjere flagget endå litt større. Utstyrte med mot og vilje sette dei fire til fjells på ettermiddagen den 15. mai.

– Det tok vel ein time å gå frå der vi parkerte bilen. Det er eit stykke og det var litt travelt å gå i snøen, seier Flatjord som vedgår at dei kanskje burde hatt med ski det siste stykket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pynta fjellet i raudt, kvitt og blått
Foto: privat

Brukte 700 liter vatn og minst fire timar

Plasseringa av flagget var strategisk. For det er ikkje berre-berre å skulle farge fleire kvadratmeter med snø i landets fargar.

– Vi fekk tak i organisk maling, og så blanda vi ut nokre dråpar av dette i ti liter vatn, forklarar ungdomane.

Med store vatningskanner på ti liter kvar gjekk ungdomane i skytteltrafikk mellom ei elv i nærleiken og flagget som er kanskje 30X50 meter. Til saman gjekk det med minst 700 liter og 70 kanner.

– Vi gjekk rett og slett å vatna snøen. Det gjekk med noko grådig med vatn og vi brukte minst fire timar. Vi heldt på til det vart mørkt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laga norsk flagg høgt til fjells

SYNLEG: Sjølv om flagget ligg i snøen vel 600–700 meter over fjorden er det mange som har lagt merke til det.

Foto: Helge Aske (montasje)

Feil veg

Men det kan verke som at det var ein ting som gjekk gale undervegs. Flagget er nemleg feil veg.

– He-he, ja, det er så. Men eg trur det var den vegen vinden bles når vi lagde det, det var nordavind, ler ungdomane.

Sjølv om det gjekk med mange timar med slit er dei nesten heilt sikre på at dette må bli ein tradisjon.

– Dette må bli ein tradisjon ja, og neste år skal vi lage det dobbelt så stort.

PS: Rykta seier at flagget som vart laga sist ikkje var å sjå 17. mai. Den gong kom det nemleg snø natt til nasjonaldagen og fjellet som vart pynta i raudt, kvitt og blått vart dekt av eit kvitt lag den store dagen.

Slik har det heldigvis ikkje gått i år. Flagget er godt synleg i fjellet og saman med dei tusenvis av andre norske flagga som vaiar i vinden denne 17. mai er flagget i fjellet med på å heidre landet.

Laga norsk flagg høgt til fjells for å heidre landet

STORT: Dei fire jobba på spreng i minst fire timar.

Foto: Eirik Hellerud

Laga norsk flagg høgt til fjells for å heidre landet

UTSIKT: Dei fire ungdomane kunne nyte utsikta over Gloppefjorden medan dei arbeidde med flagget.

Foto: Eirik Hellerud