Hopp til innhold

Slik laga dei det norske flagget

 

Skal ungdomsgjengen frå Sandane lage eit stort norsk flagg i fjellet til neste 17. mai skal dei planlegge stuntet litt betre. Med berre to ti liters-bøtter vart det nokre travle timar.

Heilt til det vart mørkt jobba dei fire ungdomane med å vatne snøen høgt over Gloppefjorden. Resultatet vart eit stort norsk flagg som imponerte mange.

Ungdomane har allereie sagt at flagglaginga blir ein tradisjon, men vil førebu seg litt betre til neste år.

– Det blir nok eit flagg neste år, men då skal vi planlegge det litt betre. Og vi må vere fleire, seier Eirik Hellerud.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laga norsk flagg høgt til fjells
Foto: Helge Aske (montasje)

Pynta fjellet i raudt, kvitt og blått

Saman med Sirianne Hellerud, Tore Høgalmen og Ole Martin Flatjord stod han bak det norske flagget som vart laga i Sørstrandfjella i Gloppen i forkant av 17. mai. Ungdomane har fått mykje skryt for stuntet og angrar ikkje på dei tunge arbeidstimane.

Som ein kan sjå av filmen øvst i saka var det djup og mjuk snø der flagget vart laga. Med snø til knea var det ein tung jobb å lage flagget. Dei fire henta vatn frå ei elv i nærleiken, og blanda ut norske organisk maling i store vasskanner.

Då dei gjekk opp i fjellet hadde dei ikkje heilt planen klar for kor stor flagget eigentleg skulle bli. Dermed hadde dei heller ikkje med seg så mykje utstyr.

– Vi hadde berre med oss to tilitersbøtter. Til saman brukte vi rundt 700 liter vatn, så det vart nokre turar fram og tilbake, seier Hellerud.

(Artikkelen held fram under)

Ville ikkje lage «hol» i flagget

Sjølv om området ligg høgt til fjells var ungdomane redd for at folk skulle sjå spora dei laga i snøen. Difor prøvde dei å trakke minst mogleg inn på dei farga områda.

– Vi laga oss stiar rundt, og gjekk opp att i dei same spora.

– Men på dei største områda måtte vi gå innpå, seier Hellerud.

For å trakke minst mogleg på dei farga områda blei det ståande nesten å kaste det farga vatnet innpå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norsk flagg høgt over Gloppefjorden
Foto: Helge Aske

Vil ha med seg fleire folk

Dei fire delte på å hente vatn i elva og det å vatne snøen. I minst fire timar heldt dei på, heilt til mørket kom. Då var heldigvis flagget ferdig.

Då NRK snakka med Ole Martin Flatjord kvelden før 17. mai sa han at det skulle bli ein tradisjon. Det held ungdomane fast med, men dei håpar at dei får fleire å dele jobben med.

Blir dei berre fire stykk til neste år kan det fort gå med ti timar på å lage eit dobbelt så stort flagg.

– Kanskje har vi forsnakka oss litt, hehe, nei da. Det blir nok eit flagg neste år, men då må vi få med oss fleire folk også, seier Hellerud.