Hopp til innhold

Vil ikkje ha meir straum frå land til sokkelen

Høgre og Venstre meiner oljeselskapa må skaffe sin eigen elektrisitet til plattformene.

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

SVERDRUP: Johan Sverdrup er eit av dei største oljefelta på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

Anleggsmaskinene arbeider for fullt på Årskog i Fitjar kommune i Vestland.

Her bygger dei transformatorstasjonen som skal kople Yggdrasilfeltet vest i havet på straumnettet på landjorda.

Men når allereie vedtekne prosjekt er ferdigbygde skal det bli stopp av slike prosjekt.

Landstraum Fitjar

På Årskog i Fitjar skal Yggdrasil-feltet koplast på straumnettet på landjorda.

Foto: Olav Røli / NRK

Høgre og Venstre har gått saman om eit forslag dei vil legge fram for Stortinget onsdag.

– Det er i ferd med å bli knapt med straum på land. Difor vil vi pålegge oljeselskapet eit større ansvar for å bidra med utbygging av fornybar energi, seier Ove Trellevik, stortingsrepresentant frå Høgre.

CO₂-fangst eller vindturbinar

Elektrifiseringa av sokkelen er vedteken for å kutte utslepp i Noreg.

For at ikkje utsleppa skal stige vil partia at oljeselskapa sjølv skal syte for fornybar energi til installasjonane sine.

– Det kan vere CO₂-fangst på gasskraftverk eller vindmøller nær plattformene, seier Trellevik.

Ove Trellevik

Ove Trellevik fremjar forslag om stopp i elektrifiseringa.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik

– Ein kan og sjå for seg at ein får produsert ein tilsvarande mengde straum som ein sjølv bruker på landjorda.

Sveinung Rotevatn frå Venstre seier det er på høg tid at oljeselskapa tek meir ansvar for eigne behov. Han er ikkje redd for at dei berre vil halde fram med å lage elektrisitet med høge utslepp som i dag.

– No kjem prisane på å sleppe ut CO₂ til å stige så mykje at det rett og slett ikkje vil kunne gå å drifte innstalasjonar utan rein elektrisk kraft. Det reknestykket klarer nok oljeselskapa å lese og, seier representanten frå Hordaland.

Skuldar på kvarandre.

Regjeringa er samde i mykje i forslaget frå opposisjonspartia.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) skriv dette til NRK

« ... regjeringen har allerede varslet at det generelt vil bli vanskeligere både for rettighetshaverne å beslutte, og få myndighetsgodkjent ombyggingsprosjekter til drift med kraft frå land framover – blant anna fordi de kan ha uønskede følger for kraftsystemet.»

Aasland seier han vil kommentere det konkrete forslaget når det vert presentert for Stortinget.

I dag bruker produksjon av olje og gass i underkant av 10 TWh. Det trengs omlag 6 TWh til elektrifisering som er vedteke.

Det er usikkert kor mykje kraft som trengs for å drive på sokkelen i framtida, sidan det er usikkert kor mange nye prosjekt som kjemt til og kor mange felt som vert nedlagde.

Anslaga går på eit totalt behov på mellom 17,4 og 26 TWh i 2035.

Arbeidarpartiet si energipolitiske talskvinne, Marianne Sivertsen Næss, er samd i at oljeselskapa må ta meir ansvar. Men;

– Den situasjonen me har i dag er i stor grad skapt av vedtak gjort under Solberg-regjeringa, seier ho.

Marianne Sivertsen Næss (Ap) i stortingssalen.

Marianne Sivertsen Næss er energipolitisk talskvinne i Ap.

Foto: Privat

Ho vil ikkje forskuttere kva partiet meiner om framlegget frå Høgre og Venstre.

Meiner elektrifiseringa ikkje har gått for langt

Sjølv om dei er uroa for høge straumprisar er ikkje Trellevik og Rotevatn med på at forslaget deira er ein innrømming av at elektrifiseringa har gått for langt.

– Nei, det er heilt riktig å elektrifisere. Men vi heng etter på utbygging av fornybar energi. Og då er det rett og rimeleg å be oljeselskapa om å ta sin del av ansvaret, seier Rotevatn frå Venstre.

Rotevatn, Sveinung

Sveinung Rotevatn, Hordaland Venstre.

Foto: William Jobling / NRK

– Men kvifor stilte de ikkje strengare krav då elektrifiseringa vart vedteken?

– Dette har nok vore ein læringsprosess. Mange har nok undervurdert kraftbehovet i Noreg.

Ove Trellevik meiner regjeringa sjølv må ta mest ansvar for situasjonen.

– Det er heilt rett å elektrifisere sokkelen når vi har kraftoverskot. Det som går for seint er utbygginga av elektrisk kraft. Denne regjeringa ligg veldig bakpå, og har bygd ut alt for lite.

Høgre og Venstre trur forslaget kjem til å få fleirtal på Stortinget.