Hopp til innhold

Vil hindra at russ blir einsame – lagar russegruppe for heile Noreg

BERGEN (NRK): Russebussar og ferieturar gjer at mange russ føler seg utanfor. No har tre jenter frå Hordaland starta Facebook-gruppe for å inkludera alle i feiringa.

Wait for it 2020

ALLE VELKOMEN: Victoria Halleraker frå Bømlo, Hanne Stranden Oma frå Strandebarm og Alvilde Hellebø frå Fusa, ynskjer ein låg terskel der alle kan vera med, uansett kjønn, religion, eller farge på russebuksa.

Foto: Eva Neteland / NRK

Det er nesten eit år til russetida brakar laus, men Victoria Halleraker, Hanne Stranden Oma og Alvilde Hellebø, opplever allereie no at klassemiljøet er splitta.

– Folk skriv kontraktar, samlar inn pengar, og planlegg ferieturar saman til Kos og Geilo, fortel Stranden Oma.

I fjor sommar vart det bråk då russen drog på ferie for å festa.

– Me vart utanfor, og tenkte me kan umogleg vera dei einaste i Noreg som kjenner det slik, seier Hellebø.

No har dei tre elevane frå Amalie Skram og Fusa vidaregåande skule gått saman for å redda russ landet rundt frå einsemda, som kan oppstå før og i russetida.

Einsemd aukar

Nesten 15 prosent av jentene på vidaregåande, og sju prosent av gutane er mykje einsame, syner ei undersøking frå Ungdata i 2018.

Sidan Ungdata byrja i 2010, har tala aldri vore så høge.

– Ingen skal kjenna seg åleine. Nokon får ikkje vere med i russegjengane. Det er me leie av, seier Halleraker.

Difor laga dei gruppa «Wait for it 2020», kor alle er velkomen.

Wait for it 2020

LOGO: Denne gjengen skal laga ein logo sjølv, som ein kan stryka på nokre klede ein har heime, i staden for å kjøpa dyre logo-klede frå russeleverandørar.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Russetida var tung

Camilla Tysnes Fauskanger var russ i fjor, og trur dette initiativet kunne utgjort ein stor forskjell for ho.

– Ein snakkar om samhald, men russetida splittar klassemiljøet. Nokre har det ikkje bra i ein periode på nesten to år, fordi ein planlegg og samlast lenge på førehand.

Fauskanger var med i russestyret og elevrådet. Dei laga fest for heile klassen, i håp om eit betre miljø. Likevel kjende ho seg ikkje inkludert.

– Skulen gjorde det dei kunne, men folk samla seg i russegruppene sine på arrangementa. Eg vart sitjande på utsida, og såg på dei som hadde det gøy i lag. Det var tungt.

Camilla Tysnes Fauskanger

ÅLEINE: – Eg var utanfor i mi russetid, russegruppene var ikkje flinke til å inkludera, fortel Askøyværingen Camilla Tysnes Fauskanger.

Foto: Eva Neteland / NRK

Vanskelegare å få vener som vaksen

– Russetida skal vera ei stor hending, og det er heilt openbert at det er tungt å kjenna seg utanfor, seier Remi Lønøy i Mental Helse Hordaland.

Han meiner ein kan læra av desse ungdommane, då mange tykkjer det er vanskelegare å få vener som vaksen.

– Det er lurt å få trening i å dra seg sjølv og andre med på aktivitetar og inkludera i venegjengar. Dette er ei kjempekul gruppe!

Heile Noreg er velkomen

«Wait for it 2020» skal ha si fyrste samling etter sommaren. Då tenkjer dei å samla dei som er vorte med, verta kjend med kvarandre, og planlegga tida framover.

Gruppa ynskjer medlemmer frå heile Noreg. Jentene skal til Landstreffet i Stavanger, og håpar Facebookgruppa kan samlast der.

– Om ikkje ein har nokon å vera med, så bli med oss, seier Stranden Oma.

Wait for it Instagram

INSTAGRAM: Gruppa har ein Instagramkonto, slik som dei fleste russegrupper. Den oppretta dei i slutten av mai, og har om lag 600 følgene.

Foto: Eva Neteland / NRK