– Som ein heilt vanleg innbyggjar veit eg ikkje om eg kjem til å tørre å tru på geoteknikarane om dei seier det er trygt å køyre der.
Det seier ordførar Ingebjørg Winjum i Granvin kommune om riksveg 13 langs Granvinsvatnet.
Onsdag førre veke rasa plutseleg 200 meter av vegen ut i Granvinsvatnet. Dagen etter raste vegen framleis. På staden jobbar Vegvesenet med å bygge den nye Jobergtunnelen.
I TVIL: Etter ei feilvurdering av grunnen i Granvinsvatnet føler ordførar Ingebjørg Winjum utrygg. Difor vil ho ha tunnel gjennom strekninga.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRKVil forlenga tunnelen
Riksvegen rasa rett ved det sørgåande løpet av Jobergtunnelen. No vil ordføraren ha ein tunnel som går lengre i fjellet.
– Eg håpar verkeleg at dei at dei vurderer moglegheita.
Ho stiller seg kritisk til at geoteknikarar godkjende vegen som rasa.
– Ekspertane sa det skulle gå, men det gjorde det ikkje.
Ordføraren meiner difor tunnel er ei tryggare løysing.
– Eg er berre glad for at nokon ikkje var på vegen då den rasa, seier Winjum.
VEGEN RASA: 200 meter av riksveg 13 raste ut i Granvinsvatnet onsdag 27. april. Vegvesenet har innrømma ei feilvurdering av vegen.
Foto: Statens vegvesenTvilar på forlenging av Jobergtunnelen
Vegvesenet har innrømma at dei har feilvurdert grunnen der vegen rasa, men tvilar på tunnel som løysing.
– Det er førebels ingen endringar i planane etter raset, fortel prosjektleiar Lars Magnar Røneid.
TUNNEL TRULEG UAKTUELT: Prosjektleiar Lars Magnar Røneid i Statens vegvesen tvilar på ei forlenging av Jobergtunnelen langs Granvinsvatnet.
Foto: Tale Hauso / NRKEi forlenging av Jobergtunnelen forbi Granvinsvatnet ikkje er vurdert.
– Ingenting er bestemt om ei permanent løysing av vegen, men vi tvilar på at ei forlenging av Jobergtunnelen vert aktuelt.
- Les også:
Satsar på ny veg med tunnelstein
Geoteknikarar skal snart bore og ta nye prøvar i Granvinsvatnet der raset gjekk.
– Vi håpar grunnen er så stabil at vi kan fylle tunnelstein for å bygge opp att delen av området som har rasa ut, fortel prosjektleiar Røneid i Vegvesenet.
BOREPRØVAR: Grunnboringsriggen borar langs fylkesvegen på Holven for å finne ut om ein eventuell omkøyringsveg er trygg. Geoteknikarar skal også ta nye prøvar i Granvinsvatnet.
Foto: Statens vegvesenHan har tru på geoteknikarane denne gongen.
– Eg tippar at det som blir gjort no kjem til å halde, seier Røneid.
- Les også: