– Det er heilt uakseptabelt at einskildverksemder kan bestemme kvar ressursar skal kunne landast og gje verdiskaping, seier talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Rasmus Hansson.
Pelagia har bestemt seg for å legge ned sildeoljefabrikken i Florø, noko som kan bety slutten for byen som sildeby. I avtalen som vil følgje eigedomen ved eit eventuelt kjøp vil det vere ein klausul mot å starte pelagisk aktivitet utan Pelagia sitt samtykke. Kravet får miljøpartiet til å stusse.
– Dette må rettast på, for vi kan ikkje ha det slik. Det er naturleg å anta at regjeringa er samde, så vi vil ta det opp med fiskeriministeren på Stortinget, seier Hansson.
Pelagia seier at dei ikkje ynskjer å kommentere saka, men har stadfesta overfor NRK at det vil vere ein klausul knytt til eigedomen. Egil Magne Haugstad i Pelagia seier at dei ikkje vil kommentere kva enkelte meiner, men forheld seg til det som skjer.
Meiner kommunen må gripe inn med tvang
Også ved eit tidlegare anlegg i Måløy har Pelagia hatt ein liknande klausul. Der tok noverande eigar usemja inn i rettssystemet, og for kort tid sidan vart det klart at Pelagia har lovverket på si side, og kan bestemme kva aktivitet som skal vere på eigedomen etter sal.
– Det er mykje som tyder på at det spesifikke lovverket fungerer slik her og no, poenget er at vi ikkje kan ha det slik, seier Hansson.
Kommunen er no i samtalar med Pelagia for å prøve å sikre ny aktivitet i fabrikken. Kommunesthyrerepresentanten frå Miljøpartiet Dei Grøne meiner det ikkje er nok.
– Kommunen bør sjå på om det er mogleg å tvinge Pelagia til å opne for konkurranse. Einskildselskap kan ikkje bestemme korleis næringsutviklinga i Florø skal vere. Vi har lagt ned store ressursar for å lage ei fiskerihamn, og vi skal ha noko igjen for det, seier Martin Malkenes frå MDG.
Han vil ta saka opp i plan- og samfunnsavdelinga i kommunen neste veke. Rådmann Terje Heggheim trur det er lite kommunen kan gjere, for klausulen vil gjelde uansett.
– Kommunen er ikkje den aktøren som kan få dette til. Det må vere næringa sjølv som finn ei løysing. Slik eg vurderer det no, så er det eit stykke fram før det skjer.
Hansson set si lit til regjeringa, men er klar på at partiet vil gå lenger om dei må.
– Då må vi utarbeide forslag på Stortinget om lovendringar eller andre typar tiltak. Eg håpar alle parti på Stortinget er samde om dette.