Hopp til innhold

Kan bety slutten for Florø som sildeby

Pelagia stogga konkurrent i Måløy. No vil selskapet også hindre at det kjem eit nytt mottak på tomta deira i Florø. Ordførar Ola Teigen trur at det aldri blir teke imot sild i Florø igjen.

EWOS i Florø og Pelagia Florø

STOGGAR: Pelagia legg ned i Florø og vil hindre at konkurrentar innan sild og makrell etablerar seg i lokala.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Diverre ser det kanskje slik ut. Det er ikkje nokon god tanke. Byen vår er bygd på sild, seier ordførar Ola Teigen.

Pelagia legg ned fabrikken sin i Florø. Skal den vidareselgast, blir det med ein klausul om at ein konkurrent ikkje skal få sleppe til.

Det er same type klausul som gjorde at Nergård AS tapte i lagmannsretten og må demontere og flytte den nye sildeoljefabrikken til 300 millionar kroner i Måløy til Rogaland.

Ola Teigen

ENDE: Ingen god tanke. Byen vår er bygd på sild, seier ordførar Ola Teigen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg har fått reaksjonar på at folk tykkjer det er trasig at arbeidsplassar forsvinn, seier Ap-ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy.

Heile kysten

Langs heile kysten finst det likande klausular på kaiar og fiskeindustri-eigedomar. Verksemder som legg ned drifta, vil ikkje la konkurrentane sleppe til. Konkurransetilsynet ville i går ikkje kommentere problemstillinga overfor NRK.

Pelagia sin sjef, Egil Magne Haustad, stadfestar at det vil kome ein klausul på tomta til Pelagia i Florø mot å starta pelagisk aktivitet utan Pelagia sitt samtykke.

Dermed må ordførar Ola Teigen og næringslivet i Flora finne annan aktivitet på den sentrale eigedomen.

– Vi har hatt fleire møter med Pelagia om nye arbeidsplassar i lokala. Pelagia har vore tydeleg på at det er for mange fabrikkar som driv med pelagisk fisk i Norge.

– Difor er dei opptekne av at det ikkje skal vere pelagisk fiskemottak på eigedomen deira i framtida. Det må me halde oss til, seier Teigen.

– Kva synest du om at dette sporet no er lukka?

– Det er først og fremst krevjande for dei tilsette. Fleire har jobba her i over 30 år og kan dette faget. Det er ikkje med lett hjarta me innser at det ikkje blir pelagisk fiskeproduksjon i det bygget i framtida, seier ordførar for sildebyen Florø.

Flora har sild i kommunevåpenet sitt og sjølve byen Florø er ein følge av sildetida på 1800-talet.

Kristin Maurstad

FORSIKTIG: Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy er varsam med å kritisere Pelagia.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Forsiktig

Tilbake i Måløy er ordførar Kristin Maurstad varsam med å kritisere Pelagia.

– Vi treng dei arbeidsplassane vi kan ha. Og som kommune må vi halde oss til kva retten har bestemt, seier Maurstad.

– Vel du å formulere deg forsiktig fordi de er vertskap også for Pelagia?

– Det er klart Pelagia er ein viktig aktør for oss, seier Maurstad.