Hopp til innhold

Vil ha fleire rulleskibaner

Sogn og Fjordane Skikrins skjerpar rutinane for rulleski på trafikkert veg. Sist veke omkom ein rulleskiløpar etter at han vart påkøyrd i Florø.

Illustrasjonsfoto.

OVER PÅ BANER: Skikrinsen i Sogn og Fjordane håpar mest mogleg av rulleskiaktiviteten kan gå på eigne rullebaner i åra som kjem.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Administrerande leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, Yngve Thorsen, seier det ikkje er aktuelt å diskutere noko forbod mot rulleski på trafikkert veg. Samtidig er det eit stort ønskje for skikrinsen at meir av denne aktiviteten kan gå på eigne rulleskibaner, skriv avisa Firda.

Torsdag kveld omkom 51 år gamle Dagmund Ramsdal etter ei påkøyrsle på riksveg 5 ved Klavelandet i Florø. Han var ute og gjekk på rulleski då han vart påkøyrd av ein bil.

Thorsen seier til Firda at dei har stort fokus på trafikktryggleik i samband med rulleskitrening, men vedgår at dei er redde for at det kan skje noko når folk er ute på vegane. Han håpar at mest mogleg av aktiviteten på sikt kan gå over på rulleskibaner, men seier det aldri vil kunne erstatte rulleski på veg.

I dag er det rulleskianlegg i Vik og i Stryn, og det blir jobba med å få til slike baner på Langeland i Gaular og på Heggmyrane i Luster.

Skikrinsen og trenarane oppmodar ifølgje Thorsen rulleskiløparar om at dei må bruke vegar utan for mykje trafikk.

Årsaka til dødsulukka i Florø sist torsdag er framleis ikkje kjent. Politiet har i løpet av helga gjort ein del vitneavhøyr, men har ikkje konkludert i forhold til kva som var grunnen til den tragiske ulukka.